Her finner du oss
Opprettet: 08.02.10
10.000 kroner til Ørsta Røde Kors
10.000 kroner til Ørsta Røde Kors
Norrøna Pub i Ørsta gjev 10.000 kroner til redningsbåtprosjektet til Ørsta Røde Kors Hjelpekorps. - Ønsket om ein større båt er stort, og desse pengane kjem godt med, seier Odd Jarle Øye, leiar i hjelpekorpset i Ørsta.
Skrevet av: Ragnhild Vatne Bø


Sjølv om Ørsta er mest kjent som ei fjellkommune, er der også mykje sjø, og hjelpekorpset er kvart år involvert i 2-3 aksjonar som involverar sjø og vatn. Dei fleste av dessa aksjonane har vore i fjordane rundt Ørsta, men også nokre aksjonar på ytre Sunnmøre.
- I fjor hadde vi ei innsamling hos næringslivet, og har med desse pengane frå Norrøna Pub, fått inn 130.000 kroner, kan korpsleiar Odd Jarle Øye fortelle.
- målet er å nå 200.000 kroner i løpet av 2010.

For liten båt idag

Båten hjelpekorpset har idag har kun plass til 3-4 personar og den vert dermed for liten til å kunne utføre redning og pasienttransport på sjøen. Det er heller ikkje mogleg å styre leiteaksjonar med fleire båtar frå denne. Difor ønskjer Ørsta Røde Kors Hjelpekorps å kjøpe ein større båt, som kan vere operativ med tilpassa utstyr for søk, redning, båretransport og dykking.

 

Styrka bereskap på heile Sunnmøre

Hjelpekorpset vil også kjøpe inn ein båthengar,  slik at dei raskt kan forflytte båten. Båten vil dermed bli ein ressurs for heile Sunnmøre, på lik linje med snøskuterane og anna utstyr hjelpekorpset disponerar. Når det skjer større aksjonar samarbeider Røde Kors hjelpekorpsa på Sunnmøre, og ein båt vil dermed også styrke totalberedskapen til Røde Kors på Sunnmøre. 

 

Positiv medlemsutvikling

Korpleiar Odd Jarle Øye kan også fortelje om ein positiv trend, der stadig nye medlemmar melder si interesse og ønskjer å vere ein del av hjelpekorpset.
Hjelpekorpset i Ørsta tel no ca 25 aktive medlemmer som er med på møter og vakter.
- Vi har eit hjelpekorps som er større og betre enn på lenge, og det er flott, fortel Øye vidare.
- men vi har alltid plass for fleire som ønskjer å vere med. Det er berre å ta kontakt om du vil bli med! 

Ventar på momskompensasjon

Røde Kors ventar på at det skal verte betre kår for frivillige organisasjoner å kjøpe inn utstyr knytt til bruk i redningsaksjonar. Årleg brukar Ørsta Røde Kors 30.-50.000 kroner på beredskapsutstyr, og ein reduksjon på opp til  25 % vil bety mykje. Ørsta Røde Kors hjelpekorps vil derfor avvente kjøp av båt til denne ordninga er på plass.

Tidlegare kulturminister Trond Giske lova ei ny momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar i juni 2009, som skulle tre i kraft frå 1. januar 2010.
No viser det seg at ordninga vert tidligast klar i mars 2010.
- Organisasjonane er oppgitt over denne forseinkinga, som gjer det svært vanskeleg å planlegge 2010, seier generalsekretær i Frivillighet Norge, Birgitte Brekke.

Du kan lese meir om momskompensasjonsordninga hos Frivillighet Norge ved å klikke her.

 

 

 

 

Bilde

Bilde er henta frå nettsida til Ørsta Røde Kors.

Sanitetsvakt under redningsselskapets Elias show.
Ørsta, august 2008.
F.v. Bernt Arve Hustad, Knut Arne Nygård
Foto: Lena Bratteberg