Her finner du oss
Opprettet: 25.01.10
Aafk fekk inn 46.000 kr til Haiti
Aafk fekk inn 46.000 kr til Haiti
Ålesund Fotballklubb (Aafk) har auksjonert vekk cupfinaledrakter til inntekt for Haiti, og har samla inn 46.000 kr til Røde Kors sitt hjelpearbeid på Haiti.
Skrevet av: Ragnhild Vatne Bø

Det var med stor glede Røde Kors kunne følge nettauksjonen på Aafk sine heimesider, og sjå at buda kom inn.
- Det starta mest med bud frå enkeltpersonar, men etter kvart som det vart meir kjent, kom bedrifter på bana, seier markedskonsulent Jonatan Osvik hos Aafk.

Ikkje overraskande var det Amund Skiri si cupfinaledrakt som var mest ettertrakta, og gikk for heile 26.000,- Han var den som avgjorde den spennande cupfinalekampen, og fekk inn det avgjerande målet. Dei to andre draktene gjekk for 10.000,-.

Pengane går uavkorta til Røde Kors sitt hjelpearbeid, og Røde Kors takkar så mykje for støtta!
- Det er flott at Aafk engasjerer seg i dette, og vi sett stor pris på at dei valgte å gi pengane via oss, seier Tore Nedregård, dagleg leiar i Møre og Romsdal Røde Kors.

 

Bilde

Frå nettsida til Aafk