Her finner du oss
Opprettet: 07.07.10
Mange på sommarferie i regi av Røde Kors
Mange på sommarferie i regi av Røde Kors
For dei fleste av oss er sommar einsbetydande med ferietur og kjekke opplevingar. Dessverre er det ikkje alle som får til dette, og derfor arrangerar Røde Kors ferietur for barnefamiliar som har det vanskeleg og slit økonomisk, men også for personar med nedsett funksjonsevne.
Skrevet av: Ragnhild Vatne Bø


- Det har vore ein flott tur, kan reiseleiar Torild Nygård fortelle, som har vore på Haraldvangen utanfor Oslo med ei gruppe no i juni.
Trass i funksjonshemmingar av ulik grad, får alle vere med på dei tilrettelagte aktivitetane, som mellom anna er tubekøyring, båttur, henge i taubane og mykje meir.

- Dette er årets happening, som betyr mykje gjennom heile året. Gler oss allereie til neste års tur til Haraldvangen, kan ein av deltakarane fortelle.

Haraldvangen

Møre og Romsdal Røde Kors har lang tradisjon med å arrangere tur til Haraldvangen for personar med nedsett funksjonsevne. Haraldvangen senter har gode fasilitetar og lang erfaring med aktivitetar for personar som treng ekstra tilrettelegging.
- Her får personer som ofte har eit dårleg ferietilbod, moglegheita til å utfalde seg, tøye grenser og ha det moro, fortel Torild Nygård.

Torild Nygård har vore fast reiseleiar frå Røde Kors for denne turen i mange år, og i tillegg hadde ho med seg Monica Farstad. Begge to gjer denne innsatsen frivillige, og får ikkje betalt i form av kroner for å vere med. Men rike på gode opplevingar etter turen er dei begge to.

Ferie for alle

19. juli reiser 23 familiar på gratis ferietur med Røde Kors til Hauglandsenteret i Sogn og Fjordane. 2 bussar køyrer gjennnom fylket og plukkar opp familiar som har søkt om å få vere med på dette opphaldet. Dette er familiar som har det vanskeleg i kvardagen og slit økonomisk, som gjer at dei ikkje får reist på ferie utan hjelp frå Røde Kors.

Ei gruppe på 9 frivillige frå Røde Kors er med som reiseleiarar, og på Hauglandsenteret utanfor Førde, ventar ei veke med ferieaktivitetar og mykje moro ilag med andre familiar. Det er aktivitetar som bueskyting, rotur, båttur, hesteridning, bading i basseng og maling på t-skjorter.

Bilde

Kenneth på Haraldvangen

Foto: Torild Nygård / Røde Kors