Her finner du oss
Opprettet: 22.01.10
Røde Kors har passert 26 mill. innsamla kroner til Haiti
Røde Kors har passert 26 mill. innsamla kroner til Haiti
Fredag 22. januar kl. 15.00 har Røde Kors samla inn totalt 26.992.544,-. Det er framleis stor aktivitet i heile landet, og det skjer også mykje Røde Kors aktivitet for å samle inn pengar i Møre og Romsdal.
Skrevet av: Ragnhild Vatne Bø


Stort engasjement

Bøsse frå Røde Kors- Det er stort engasjement ute i lokallaga, seier Tore Nedregård, dagleg leiar på distriktskontoret til Møre og Romsdal Røde Kors.
Det er mange telefonar og e-postar å svare på for kontoret i Spjelkavika i desse dagar, og kontoret hjelp lokalforeningane så godt dei kan.
- det kan vere alt frå praktisk informasjon om bøsseinnsamlinga, trykking av materiell, og det er mange kreative innspel til å få inn pengar til Haiti. Og det er netopp dette Røde Kors er gode på, nemlig å mobilisere i alle delar av fylket når det skjer katastrofer som dette, seier Nedregård vidare.

Pengane kjem fram!
100% av dei innsamla midlane til Haiti, i regi av Røde Kors, går til aksjonen. 90% eller meir går til direkte innsats, medan 10% eller mindre går til aksjonskostnader, som annonsering i media etc.
I forhold til aksjonen til Haiti er vi enda betre. Meir enn 90 prosent av dei innsamla midlane går direkte til ofra på Haiti.

Røde Kors på Haiti
Feltsjukehuset på Haiti - Foto: Olav A. Saltbones/Røde KorsRøde Kors i Norge sender no ytterligare forsyningar til dei jordskjelvramma på Haiti. Familietelt til over 2000 mennesker, 100 sjukehussenger, medisinsk utstyr og ein ambulanse er no sendt frå Norge.
- Familietelta som no vert sendt, vil gjere at over 2000 heimlause slepp å sove under open himmel. Samtidig utvidar Røde Kors kapasiteten med 100 senger og ytterligare utstyr på sykehuset der dei norske Røde Kors-delegatane no arbeider på spreng med å operere sjuke og såra, seier Bernt G. Apeland, kommunikasjon og markedsdirektør i Røde Kors.
Hjelpesendinga er frakta til flyplassar i Belgia og Danmark, og skal flygast til Haiti laurdag og søndag morgon.

Start di eig innsamling for jordskjelvofra på Haiti
Om du ønskjer det er det no tilrettelagt for at du kan lage til di eiga innsamling for Haiti. Ved å trykke her, kjem du til ei nettsider der du kan lage di eiga innsamling og sjå kva andre har gjort.
Både privatpersonar, foreningar og bedrifter kan starte innsamling her.

Fylkeskommunen støttar Røde Kors
Etter oppfordring frå distriktsleiar Bitten Linge, gir fylkeskommunen kr 10.000 til Røde Kors sitt arbeid på Haiti.
- Dette er noe vi setter stor pris på at de gjør, sier Bitten Linge, distriktsleder i Møre og Romsdal Røde Kors.
Også Skodje kommune støttar Røde Kors sitt arbeid i dei jordskjelvramma områda, og gir kr 30.000,-

Dugnad for Haiti - konsert på Operahuset søndag
Dugnad for HaitiNRK1 overfører søndag kl. 21.10 ein dugnadskonsert for ofra på Haiti. Her vil kjente artistar stille opp, og du vil få sjå mellom anna Kurt Nilsen, Elisanbeth Andreassen, Ole Paus og D'Sound.
Inntektene frå konserten vert fordelt til Kirkens Nødhjelp, Røde Kors, flyktninghjelpa og Unicef. Her kan du lese meir om konserten.

Bilde

Foto framside og ingress: Amerikansk Røde Kors, Røde Kors i Norge, IFRC.