Her finner du oss
Opprettet: 25.06.10
 Ny redningsbåt til Ørsta Røde Kors
Ny redningsbåt til Ørsta Røde Kors
Ørsta Røde Kors har i lengre tid hatt ønsker om ein ny redningsbåt, og tirsdag 22. juni vart båten presentert for både ordførar og politi i bygda. - Eit stort løft for beredskapen i bygda, fortel Ronny Færøy i Ørsta Røde Kors.
Skrevet av: Ragnhild Vatne Bø


- Den nye båten til Røde Kors er eitt av dei største lyfta vi har hatt med tanke på beredskap, seier Ronny Færøy i Ørsta Røde Kors. Han er prosjektleiar for båtkjøpet, og har i lenger tid arbeidd med dette.
- Vi er eit hjelpekorps som er gode på fjellredning og på barmark, medan vassredning har vore eit sidefelt. Dei siste 10 åra har vi hatt kring 2 aksjonar på vatn kvart år, og alt vi har hatt å hjelpe oss med er ein gummibåt vi kjøpte på 90-talet, fortel Færøy.

Nesten ny båt

- Valet av båt fall til slutt på Polarcirkel 510. Dette er ein solid båt bygd for proffmarknaden. I utgangspunktet var den for dyr, men vi var heldige og kom over ein nesten ikkje brukt båt, seier Færøy.

Den nye båten veg 800 kg, og gjer 30 knop med 3 personar ombord. Båten er godkjent for 10 personar har ein 90 hk påhengsmotor.

Bygda stolte av Røde Kors

Ordførar Gudny Fagerhol kom med mange lovord om engasjementet til Røde Kors i Ørsta.
- Det har dessverre skjedd mykje tragisk i Ørsta medan eg har vore ordførar. Då har vi vore avhengige av hjelp frå Røde Kors.

Også lensmannen i Ørsta, Guttorm Hagen, utttrykte glede over å endeleg ha fått på plass ein skikkelig redningsbåt i nærområdet.
- Vi har mangla god nok beredskap, og hatt ei klar avgrensning på vannredning. Det er bra vi ser resultatet av innsamlingar og gåver frå private og næringsliv, og rosa døgnberedskapen til Røde Kors.

Båten styrkar beredskapen på Sunnmøre

Knut Petter Dimmen frå distriktstrådet til hjelpekorpsa i Møre og Romsdal, var også tilstades under presentasjonen av den nye båten. Han kan fotelle at dette er eit stort løft for beredskapen til den ytre delen av Sunnmøre.
- Båten er veleigna for både søk og redning, og er ein stabil god båt. Det er mykje sjø og vatn i denne delen av fylket, og viktig at vi får på plass ein god beredskap, fortel Dimmen.
Båten kan enkelt transporterast på tilhengar, og har dermed stort nedslagsfelt på Søre Sunnmøre.  

Røde Kors med gåve til kommuna

Under båtpresentasjonen overrekte Røde Kors også ei gåve til ordføraren. Tidligare Ørsta-lensmann og no leiar i Ørsta Røde Kors, Ulf Valstad, overrekte ein leider frå Røde Kors til Ørsta kommune.
- Dette er ein leider som skal monerast på kommunekaia, slik at det er mogleg å kome seg oppatt om ein dett i sjøen, seier Valstad.
Som kjem til å følgje godt med at han vert montert. Ordføraren lova å få den montert snarast råd!

Kjelde: Møre Nytt

Bilde

Demonstrasjon av den nye redningsbåten til Ørsta Røde Kors

Foto: Kjell Arne Steinsvik / Møre Nytt