
VRK sitt utstyr (etter avtale)

Grøndalshytta

Selet i Rindalen
Historie om RK huset:
Den gamle Engesetskulen har stått sentralt gjennom heile historia til Hjelpekorpset, og kom etter kvart til å ende opp som sjølvaste "Huset", det sentrale samlingspunktet for heile den lokale organisasjonen. Engesetskulen, også kalla Gamleseminaret, var tilhaldsstaden for korpset alt frå skipinga i 1944. Eit mindre rom i bygget gjorde då nytte som depot, medan korpset fekk bruke eit av klasseroma til møtelokale og samlingsstad.
Men desse lokala vart i minste laget, og korpset voks seg stadig ut av dei. I 1957 gjekk difor Hjelpekorpset inn i eit samarbeid med Barnehageforeininga og speidarane om bygging av eit felles hus, "Barneparkeringa", på ei tomt ovanfor Samfunnshuset.
Medlemstalet og aktiviteten i Hjelpekorpset auka raskt utover på sekstitallet, og laget såg seg nøydd til åvere på utkikk etter nytt og større lokale. I 1969 fekk så kommunen tilbod om å kjøpe Engesetskulen. Her såg Hjelpekorpset sin store sjanse til å skaffe seg hus for framtida, og laget fekk overta bygget for 7.000 kr. Denne summen vart omsett til arbeidsinnsats på den måten at Hjelpekorpset i staden for å betale tok på segå rive "Gamlegymnastikken", noko som elles ville ha vore kommunen si eiga oppgåve. Kommunen fekk på si side overta Barnepareringshuset.
Ref. "Kjære venner..." Volda Røde Kors Hjelpekorps 50 år, Knut Arne Aarset (red.)