Det er haust, ungdomsdelegatane er vel framme og alle har mykje energi til Røde kors Ungdom arbeid etter ein lang og deileg sommar ferie.
Ein kald haustdag ankom ungdomsdelegatane Ålesund. Denne torsdagen gjekk med på å gjere seg kjende der dei skulle bu og møte dei ansatte på distriktskontoret. Fredag kom dei til Volda for å bli med på ein sosial bli kjend kveld på Røde Kors huset. Først for vi heim til Astrid der dei skulle overnatte. Her lærte Lemi Chris å spele keyboard -JA! Han var kjempe flink, og lærte notar også! Vi snakka litt om morgondagen då det skulle vere VoldaKamp i sentrum som dei skulle få delta på, og forklarte gangen i denne konkuransen. Så skullle vi reise til Røde Kors huset, men først fekk dei frukt i frå hagen - godt! ;)

På Røde Kors huset lærte delegatane nokre namneleikar og etterpå hadde vi pizza og brus - veldig kjekt! Når den sosiale kvelden var ferdig tok vi med Lemi Chris og Ahmed på ein biltur så langt opp på fjellet vi kunne køyre. Dette synest dei var fantastisk flott! Dei likar den fantastiske naturen vår veldig godt, og var samde om at Sunnmøre var flottare enn Oslo:) Begge dei to gutane frå Sudan gledde seg mykje til dei ni månadane dei har fram føre seg her i fylket.

Voldakampen var programmet på laurdag. Denne konkuransen byrja med eit tog i frå samfunnshuset i Volda og ned til sentrum. Laga som stillte opp var politiske parti, Skulekorpset og Røde Kors Ungdom. Vinnaren av konkuransen måtte gi pengesummen ein vann til ein organisasjon.
Det har vore ei spennande tid med delegater så langt, vi er kjempe nøgde med dei fantastiske delegatane våre! Dei er så utruleg kjekke!

