Simone Larsen, kjend som vokalist i D'sound, har no samla 20 koristar frå Volda og er med i Det Store Korslaget på tv2. Om Team Simone vinn, vil ho gi pengepremien til Røde Kors.
Simone Larsen flytta til Noreg og Volda som niåring, frå landsbyen Bischoffingen i Baden ved den franske grensa. No ynskjer ho å starte eit integreringsprosjekt saman med Røde Kors i Volda.
"I Volda er det nyleg etablert asylmottak. Lokalbefolkninga er spent på korleis dette vil påverke deira kvardag. Kultursjefen ynskjer å sette i gong ein kulturaktivitet der alle kan delta - også frå mottaket. Dette for å skape ei trygg ramme for alle i lokalmiljøet", fortel ho på tv2 sine nettsider.
Simone vil arrangere Matlagingskvelder der ein lærer av kvarandres rettar. Simone har henta ideene frå sin eigen mottagelse til Volda da ho sjølv flytta dit i 1979. -Dette er som sagt noe som ligger meg varmt om hjertet, fortel ho til Røde Kors.
Volda Røde Kors oppfordrer til å stemme
Team Simone!
Sjå Det Store Korslaget kvar fredag kl.19:30 på tv2.
Nokre frå Team Simone-koret øvar på Rokken i Volda. F.v: Madeleine Vartdal, Kristina Kurseth, Simen Rotevatn og Tone Rustestuen.