Røde Kors Medmennske
Røde Kors Medmenneske på veg til di postkasse
Magasinet Røde Kors Medmenneske er på veg ut til alle husstandar i Møre og Romsdal.
Skrevet av:
Ragnhild Vatne Bø, 14.12.2011
I magasinet Medmenneske kan du lese meir om Røde Kors sine aktivitetar i Møre og Romsdal.
Innsatsen under hurtigrutebrannen
Du kan lese om kva Røde Kors hjalp til med under hurtigrutebrannen i Ålesund i september, og høyre kva konserndirektør Olav Fjell i Hurtigruten tenker rundt det som skjedde denne haustdagen.
Vi har også besøkt den nye aktiviteten for ungdommar i Ørsta, Røde Kors Friluftsliv og førstehjelp. Her kan du gjennom magasinet få vere med ungdomsgruppa ein kveld i Åsmundmarka, og høyre kva dei driv med og kor kjekt dei har det.
Julekryssord
Det er mange som er dyktige å løyse kryssord, og som vanleg vil du finne dette også i denne utgåva. Hovedpremien er ei hofteveske med førstehjelpsutstyr, og fristen for å sende inn løysningsordet er 10. januar.
Du kan også lese pdf-utgåva av Røde Kors Medmenneske ved å trykke her.
(Dokumentet er stort, så det kan ta litt tid å laste det opp)