Rokken-kafeen var fylt til randa valentinsdagen, av dating- og debattklare studentar. Foto: Svein Giske
Speed dating og sexdebatt i Volda
Stinn brakke då Røde Kors Ungdom inviterte til speed dating og sexdebatt på valentindagen.
Skrevet av:
Svein Giske, avisa Møre, 16.02.2012
Norsk ungdom toppar klamydiastatistikken, og det kan vere ulike årsaker til kvifor det er slik. Har utdatert seksualundervisning skulda? Eller kan ein peike på dyr og lite tilgjengeleg prevensjon? Kanskje er det haldningane ein må gjere noko med?
Oppvarming
For to dagar sidan inviterte Røde Kors Ungdom studentane til sexdebatt på Rokken, der slike spørsmål vart stilt. Oppvarminga til debatten var av det utradisjonelle slaget. Tysdag var sjølvaste valentinsdagen, og kva passar då betre enn ein runde med speeddating?
Dei frammøtte fekk nokre minutt med kvar partnar, før ein skulle helse på ein ny. Om det vart full klaff, låg penn og papir klart, slik at ein kunne notere seg namn og nummer på potensielt nye vener eller flørtar.
Sexdebatt på valentindagen
Arrangementssjef Rakel Kjeldsberg Wabø frå studentlaget i Volda gleda seg stort over at arrangørane måtte hente inn ekstra stolar, slik at alle frammøtte fekk plass.
- No har vi brukt ein halv time på å bere inn fleire stolar, så er veldig positivt overraska over oppmøtet. Like gledeleg er det at folk kosar seg, og at temakorta, som skulle hjelpe praten i gang, vert nytta i liten grad, sa Wabø.
At speeddatinga og debatten vart lagt på valentinsdagen, var ikkje tilfeldig. Wabø fortalde at temaet for debatten, seksuell helse, passa godt på ein dag som dette. Etter å ha samla ei stor gruppe menneske, håpte Wabø at debatten skulle bidra til engasjement og informasjon i like stor grad.
Utdatert seksualundervisning
Ein som har mykje informasjon om temaet, er Espen André Breivik, landsrådmedlem i Røde Kors Ungdom. Breivik, som var med som rådgjevar for det nystarta studentlaget, fortalde at norske ungdommar er på verdstoppen når det gjeld ubeskytta sex.
- Det har humanitære konsekvensar, og det er her vi som humanitær organisasjon kjem inn i bildet, slo Breivik fast.
Han opplyste at det spesielt er klamydia norsk ungdom pådreg seg. 60 nordmenn vert smitta av klamydia kvar dag. Berre eit fåtal vert behandla for det.
- Det er eit stort sexfokus i samfunnet vårt, men seksualundervisninga er utdatert. Det vil vi påverke politikarane til å gjere noko med. Vi meiner det må skapast sunne arenaer kor ein kan diskutere seksualitet og seksuell helse. Dessutan har ungdom ulik kunnskap om slike tema. Nokon kan ein del, medan andre har hatt mangelfull undervisning om det, seier Breivik.
Jentene flinkare enn gutane
Av dei som var invitert til debatten, var helsesøster Ellen Engeset. Ho seier ungdom og studentar i Volda har eit godt tilbod innan seksuell helse.
- Det bør nemnast at det i mange år har vorte satsa på skulehelseteneste i Volda. Vi var mellom anna tidleg ute med helsestasjon for studentar og liknande teneste på vidaregåande skule. Studentar i Volda har eit godt tilbod om prevensjon og klamydiatestar, som dei får gratis ved helsestasjonen, sa Engeset, som er å treffe kvar måndag frå 9 til 14:30.
Ho hadde besøk av 411 studentar i fjor, dei fleste på jakt etter kondom eller for å ta klamydiatest.
- Jentene er flinkare enn gutane. Dei er kanskje meir ansvarsbevisste, trudde Engeset, som har ein teori om kvifor norske ungdommar relativt ofte vert smitta av seksuelt overførbare sjukdommar.
- Norsk ungdom har det veldig bra, og er ikkje omringa av farlege truslar. Dessutan veit dei at dei kan få hjelp av legar om dei vert sjuke. Haldninga vert som når ein reiser på ferie utan å ta vaksine, fordi ein uansett har reiseforsikring, sa Engeset.
- Det er ikkje tilgjenge som er problemet, men haldningane.