Jan Peder Hoggen, skredansvarlig for Møre og Romsdal Røde Kors. Foto: Ingvild Velsvik
Vis respekt for skredfaren i vinterferien
Nedbør og vind gir auka skredfare, og Røde Kors ber fjellfolket ta hensyn.
Skrevet av:
Ragnhild Vatne Bø, 20.02.2012
Det er vinteferie i Møre og Romsdal denne veka, og mange vil nok nytte fridagane til å gå på ski. Nedbør og vind gjer at skredfaren er større enn vanleg, og Røde Kors ber folk vere forsiktige.
– Risiko for skred
Skredansvarleg i Møre og Romsdal Røde Kors, Jan Peder Hoggen, fortel til nrk.no at han ber alpinistane tenke seg om før dei sett utfor i alpinanlegga.
– Om folk beveger seg utanfor dei områda som er merka under slike forhold som vi har no, er det alltid ein viss risiko for skred. Det er det greit at folk er bevisste på, seier Hoggen.
OBS-varsel på yr.no
Fjellvettreglane fortel oss at vi skal vise respekt for véret og vérvarsel. På yr.no er det no OBS-varsel på mellom anna Møre og Romsdal, og utover mandag vil skredfaren auke til stor på grunn av vind, temperaturstigning og lokalt mykje nedbør.
Sjå meir på yr.no
Snakk med lokale kjentfolk
Røde Kors ønskjer at folk skal kome seg ut på ski i vinterferien, men husk skredfaren. Snakk med lokale kjentfolk før du legg ut på tur, og styr unna bratte sider.
- Hald deg unna skråningar som er 30 grader eller brattare, fortel Jan Peder Hoggen.
Det kan vere store lokale variasjonar i skredfaren, og det er viktig at kvar enkelt sjekkar vermeldinga og vurderer kvar ein går. Sunn fornuft og vere forsiktig er viktige stikkord. Er ein usikker, så snur ein og tek ei sikker rute.