BG kinsarvik

Kinsarvik Røde Kors

Vi har aktivitet innen Beredskapsvakt, Hjelpekorps og Besøkstjenesten.

Adresse
Postboks 28, 5782 KINSARVIK
E-post
stig.hope@ullensvang.herad.no

Beredskapsgiver i  Kinsarvik Røde Kors

Det går ikkje så lenge mellom kvar gong vi ser at nokon kjem i ein situasjon dei ikkje handterer sjølv. I mange tiår har Røde Kors vore raskt på plassen og gitt bistand, liv vert redda og skade vert redusert – folk kan fortsette å leve livet.

Alt tyder på at uønskte hendingar og beredskapssituasjonar vil treffe oss oftare i tida som kjem. Nokon gonger er det få som vert råka, andre gonger mange. Vi har sett slike situasjonar her hos oss og i vårt næraste nabolag. Flaum, snøskred, ras, stengde vegar og storm er eksempel på naturskapte utfordringar vi må takle oftare. Straumbrot, telefon- og mobilbrot og brot på drikkevassforsyninga kan skje, og fører med seg ei rekke utfordringar.

Vi i Kinsarvik Røde Kors vil bli enda betre rusta til å bidra når behovet oppstår her hos oss. Blir du Røde Kors Beredskapsgiver til Kinsarvik Røde Kors, som dekker heile Ullensvang Herad og meir til, vil pengane dine bli brukt til fleire viktige beredskapsformål. Vi vil kjøpe inn beredskapsmateriell og meir fyrstehjelpsutstyr til lageret vårt her i Kinsarvik. Vi vil vidareutvikle vår kapasitet på søk, redning og beredskap ved å investere i meir og betre utstyr, opplæring og trening. Eg oppfordrar alle i Ullensvang Herad, og alle andre som vil støtte oss, om å bli Røde Kors Beredskapsgiver.

SMS: TRYGG til 2272, så gir du 100 kroner via mobilrekninga di kvar månad.

Beste helsing Stig Hope
Leiar i Kinsarvik Røde Kors

Aktiviteter i Kinsarvik Røde Kors