Me gir borna i Olden ei oppleving av meistring og glede gjennom Barnas Røde Kors. Foto: Olden Raude Kross. Vis bildetekst
Me gir borna i Olden ei oppleving av meistring og glede gjennom Barnas Røde Kors. Foto: Olden Raude Kross.

Olden Raude Kross

Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte medmenneske i lokalsamfunnet. Bli med du òg, så gjer me Olden endå betre - saman.

Adresse
Postboks 39, 6788 OLDEN
Telefon
97415711
E-post
olden.raude.kross@rodekors.org
Nestleder
Hildegunn Mykløen
Leder
Ingunn Myroldhaug Skarstein

Vårt mandat

Raudekrossen er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å avdekkje, hindre og lindre naud. I Olden Raude Kross tar me dette ned på lokalplan ved å forebygge og respondere for å redde liv, tilretteleggje for aktivitet og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under.

150 år (2)
Eit møte med Henry. Her frå 150-årsjubiléet i Olden. Foto: Henning Hellebust.

Mykje av det vi tar for gitt her i landet er bygd på frivilligheit, og det gjeld i høgste grad Olden Raude Kross. Arbeidet vårt er eine og åleine basert på frivillig innsats frå ildsjelar i loklamiljøet. Bli ein del av fellesskapen vår og kjenn på gleda ved å hjelpa andre.

Alternativt kan du bli medlem, og på den måten mogleggjere vårt arbeid gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg under 26 år.

I 2020 vart vi 100 år. Les historia vår her!

Våre aktivitetar.