(10.05.2009) Den internasjonale Røde Kors dagen vart i år markert av Volda Røde Kors 9.mai i Volda Sentrum. Markeringa i år var større enn nokon gong, blant anna fordi Røde Kors er 150år i 2009.
På arrangementet deltok Røde Kors Ungdom, Røde Kors Hjelpekorps og Røde Kors Omsorg, vi verva heile 25 nye medlemmer på dagen (nokon av dei ville vere aktive) medan andre fekk med seg ei brosjyre heim.
Dette skjedde på markeringa:
Rundt om på oppslagstavler i Volda vart det hengt opp store tankevekkjande Røde Kors plakatar, med nøytralitet som tema.
I Volda Sentrum var det hengt opp fleire Røde Kors flagg, store og små.
Fleire butikkar gjekk med 8.mai t-skjorter på laurdagen.
Tog frå Røde Kors huset til Spinneriet 10:45.
Gratis kaker og brus (takk til Mesterhus for sponsing), medlemsverving og demonstrering av diverse utstyr frå Hjelpekorpset på Spinneriet kjøpesenter.
Film (en tanke blir født) også på senteret.
Bilete frå arrangementet:

Veiret var ikkje på topp, derfor passa det perfekt å ha innandørs markering.

Tross dårleg veir, pynta Røde Kors flagga fint opp sentrum.

Guro deler ut kake og brus til alle, og unner seg eit lite stykke sjølv.

Espen og Astrid registrerer nye medlemmer. 25 stk på ein dag er ikkje dårleg!

Hjelpekorpset viser seg fram på sin måte.

-nesten som på tivoli!

Espen: -Mmm! Den her kaka var farlig god! Gratulerer med dagen!

Få visste om at Røde Kors er 150 år.

Ingvild og Marthe er nøgde med dagen