Bildet viser en Kors på halsen-frivillig bak en dataskjerm. Vis bildetekst
NOKON Å SNAKKE MED: Målet med Kors på halsen er at alle skal ha nokon å snakke med, også om dei tinga som er vanskeleg eller pinsame. Snittalderen på dei som brukar tenesta, er rundt 13 år. Foto: Maria Pile Svåsand.

Kors på halsen

Røde Kors hjelpelinje for born og unge tek imot over 19 000 spørsmål i året. Dei som tek kontakt, skal få støtte og kjenne seg sett. Dei som treng det, skal få hjelp til å endre vanskelege situasjoner

På kontoret til Kors på halsen i Oslo knatrar det i tastatur og ringer jamt i telefonen. Det er mange som tek kontakt. Ein kan snakke med Kors på halsen på telefon, gjennom chat og på e-post. Dei fleste vel å chatte. Snittalderen på dei som brukar tenesta, er rundt 13 år.

– På den tida merker mange store endringar i livet. Tema som går igjen er psykisk helse og kjensler, kropp og helse, relasjonar og seksualitet. Ein snakkar ofte om vonde tankar, einsemd, depresjonar, angst, sjølvmordstankar og sjølvskading, seier leiar for Kors på Halsen, Nelli Kongshaug.

kors_på_halsen_Nelli_Kongshaug
LIVET BLIR LITT BETRE: – Å snakke om det ein tenker på og opplever, gjer livet litt betre, seier leiar for Kors på Halsen, Nelli Kongshaug. Foto: Erik M. Sundt.

Alle treng nokon å snakke med

Målet med Kors på halsen er at alle skal ha nokon å snakke med, også om dei tinga som er vanskeleg eller pinsame. I puberteten er det mange som har spørsmål om kropp og sex dei ikkje vågar spørje andre vaksne om, eller ein kan ha opplevingar ein ikkje torer ta opp med nokon. Kors på halsen kan ikkje løyse problema, men målet er at ein skal ha det litt lettare etter å ha snakka med dei.

– Det er stor variasjon i kva me vert spurt om. Nokon er selskapssjuke eller treng hjelp med leksene, medan andre slit med tyngre ting, som depresjonar, vold og overgrep. Nokre av samtalane er tunge, seier ei av dei frivillige. Likevel syns ho det er svært gjevande å vere frivillig i Kors på halsen.

Kors på halsen

  • Røde Kors si teneste for born og unge som treng nokon å snakke med.
  • Ein kan ta kontakt via chat, e-post eller på telefon.
  • Dei frivillige som tek imot samtalane, er trygge vaksne.
  • Telefonnummeret er 800 333 21.
  • For å sende e-post eller chatte, gå på korspaahalsen.no.
  • Vil du verte frivillig for Kors på halsen, må du bu i Oslo; meld deg på rodekors.no/bli-frivillig

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler