Bildet viser en håndsopprekning blant mennesker. Vis bildetekst
INGEN Å SNAKKE MED: Mange unge melder om at dei kjenner på press frå skule, vener og heim, og 1 av 4 seier dei ikkje snakkar med nokon om problema sine. Foto: Olav A. Saltbones.

Psykt flink

Røde Kors har undersøkt kva som stressar ungdom i Noreg i dag. For veldig mange er det skulen. Og få kjenner at dei har nokon å snakke med om problema sine.

Det er ei auke i psykiske problem blant unge, og mange melder om at dei kjenner på press frå skule, vener og heim i ei spørjeundersøking Røde Kors har gjort. 1 av 4 seier dei ikkje snakkar med nokon om problema sine. Samstundes kjenner 15 prosent at dei ikkje strekker til eller er gode nok på skulen. Dette er Røde Kors uroa over.

– Det er altfor mange born og ungdom som seier dei ikkje kjenner dei strekker til eller er gode nok på skulen. Eg er uroa for at vi som samfunn ikkje i stor nok grad gir god nok hjelp til ungdom som lider under stress og press. Konsekvensen kan i verste fall bli auka skulefråfall, arbeidslause og fleire psykiske lidingar, seier generalsekretær i Røde Kors Bernt G. Apeland.

Helsesøstre må avvise ungdom

I rapporten Psykt flink ser vi på funna blant ungdom, og har også spurt 101 helsesøstre om deira opplevingar. Svært mange seier dei opplever å ikkje ha tid til å prate med ungdomen om problem dei har, og har måtta avvise unge i døra på grunn av eige tidspress.

I undersøkinga er ungdom mellom 16 og 18 år spurt om psykisk helse, forventingar og kven dei snakkar med om vanskelege ting. 101 helsesøstrer er spurt om tid og førebyggande arbeid. Funna stadfestar tidlegare åtva- ringar om at mange elevar opplever at dei ikkje strekker til og at hjelpeapparatet ikkje har tid eller er tilgjengeleg for å hjelpe dei som treng det.

– Det er urovekkande at så mange som ein av fire ung- dom seier dei held problema sine for sjølve, og at berre éin av hundre seier helsesøster er den dei ville gått til for å snakke om ting dei syns er vanskeleg, seier Apeland.

Prioritert gruppe hos Røde Kors

Røde Kors løfter no fram born og unge i Noreg som ei av våre aller mest prioriterte grupper. Det siste året har vi starta åtte nye opne møteplassar for ungdom i heile landet gjennom ungdomsklubbane vi kallar Fellesverket. Gjennom det første året med desse har vi fått klare tilbakemeldingar om at det er eit stort behov for desse og fleire slike stadar.

Om rapporten Psykt flink:

  • Rapporten Psykt flink er laga av Røde Kors for å undersøke kva utfordringar ungdom har og korleis dei blir møtt.
  • Funna er basert på ei spørjeundersøking blant ungdom mellom 16 og 18 år, ei undersøking blant 101 helsesøstrer og på undersøkingar og informasjon frå aktivitetane våre for ungdom.
  • Svært mange unge opplever stress og press og å ikkje kjenne at dei strekker til.
  • 1 av 4 av ungdomane svarar at de ikkje snakkar med nokon når dei har problem.
  • Helsesøstrer seier dei må avvise born og ungdom i døra på grunn av tidspress.
  • Røde Kors meiner alle unge skal ha ei open dør å gå til når dei opplever å ha det vanskeleg.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler