Den sakna ligg i båra, er pakka inn i boblelast. Redningsfolk står tett rundt. Vis bildetekst
Den skadde personen er pakka inn i isolerande bobleplast, og blir dratt oppover fjellsida i båre. Foto: Arne Reme, Stryn Røde Kors Hjelpekorps.

Redningsaksjon i Via ferrata

I ni mørke nattetimar timar kjempa Røde Kors si tauredningsgruppe mot kulde, ruskevêr og tyngdekrafta for å få den hardt skadde mannen opp frå fjellsida.

Tekst og foto: Henning Hellebust

Det er to dagar til jul, det er varmt og godt i stova til Johnny Rustøen. Klokka nærmar seg ni, han har tatt kvelden. Sit i sofaen og nyt førjulsstemninga. Utanfor står snødrevet rundt hushjørna. Så ringer telefonen. Nummeret er kjent. Politiet, operasjonssentralen i Bergen.

– Beskjeden var at ein mann var skadd i klatreløypa Via Ferrata på Hoven i Loen og trong assistanse. Det var ikkje heilt klart kor alvorleg skaden var, og kvar vedkommande var i løypa, seier Rustøen, operativ leiar i Stryn Røde Kors Hjelpekorps.

Via Ferrata i Loen er ei tilrettelagt rute for fjellklatring. Den går opp det stupbratte fjellet Hoven. Greia er at du klatrar medan du brukar ein sikringssele som du heile tida har festa i ein vaier, som igjen er bolta fast i fjellet. Løypa går frå 300 til 1000 meter over havet. Her var det altså ein som hadde skadd seg.

Tauredning påkrevd

Rustøen kontakta straks Roar Høgalmen i nabokorpset Olden, som er leiar i deira felles tauredningsgruppe. Ein aksjon i Via Ferrata krev folk som kan tau. Dei to bestemte seg for å komme seg opp til den skadde så raskt som råd, for å få avklart situasjonen. Dei førehandsvarsla hjelpekorpsa i Olden og Stryn og reiste mot depotet. Samtidig vart ambulanse og redningshelikopter varsla av politiet.

Hjelpekorpsarar på veg opp fjellsida
Foto: Vegard Tonning

– På veg til depotet kontakta vi Loen skylift, gondolbana som går til toppen av Hoven, og spurde om dei kunne ta oss opp, seier Høgalmen. Han fekk i oppgåve å leie aksjonen, med utgangspunkt i hans rolle i tauredningsgruppa.

Frå depotet tok dei med seg sikringsutstyr for å for å komme seg ned til den skadde, og til å kunne hjelpe han opp att. Det var ein kald kveld, så dei hadde med seg ekstra klede, mat, bobleplast, førstehjelpssaker og elles det ein treng for å klare seg ute ei vinternatt.

Skyliften var klar då dei kom til foten av Hoven. Turen opp dei tusen høgdemeterane tok fem minutt. Frå toppen byrja dei straks å gå mot Via Ferrata, ta seg ned fjellsida ved å følgje løypa begge to kjenner frå før. Rett nok frå sommartid og dagslys. No var det svarte natta, veldig dårleg sikt – det snøa tett og var mykje vind. Dei hadde stegjern og brukte tau til å sikre seg der det var nødvendig. Det gjekk ikkje særleg fort nedover.

Drar pulk i bratt terreng
Foto: Vegard Rake Midtun, Røde Kors Hjelpekorps

Tryggleik viktigast

– Det viktigaste er at vi gjer det trygt, og sørge for at vi til ei kvar tid er sikra, at vi ikkje utset oss sjølv for fare. Det er lite hensiktsmessig å skape aksjonen større enn han i utgangspunktet er. Terrenget er vi jo godt kjende i, vi opererer her mykje om sommaren, men det er utruleg korleis det forandrar seg vinterstid, og kor mykje meir komplekst det blir å ta seg fram på ein trygg måte, seier Rustøen.

Etter å ha forsert ein stadig brattare rygg ned frå snaufjellet til under tregrensa, på cirka 800 høgdemeter, fann dei han. Der var det ganske ulendt og bratt, men det var enkelt å komme til han.

– Dei vurderingane vi gjorde var at han var alvorleg skadd og det var kaldt, så det var det vi fokuserte på. At han skulle bevare varmen og hindre vidare nedkjøling. I tillegg så gav vi beskjed om tilstanden hans, at vi trengde fleire folk for å få han vekk derifrå. Vi måtte oppskalere aksjonen betydeleg, seier Høgalmen.

Opp hammar
Foto: Vegard Tonning

Omfattande samarbeid

Tolv fleire hjelpekorpsarar frå Stryn og Olden var straks på veg. Det same var ambulanse, politi og redningshelikopter. Grunna veret denne kvelden, kunne ikkje helikopteret med redningsmann og lege fly inn i området. Det måtte difor lande, medan legen og redningsmannen ombord måtte ta seg opp bana på same måte som Rustøen og Høgalmen.

– Etter kvart som vi fekk kontroll på pasienten, kom det meir mannskap frå tauredningsgruppa, pluss lege og redningsmann frå helikopteret, som tok seg også ned til oss og pasienten, før vi starta med å få han opp att til Skyliften, seier Rustøen.

Det var eit omfattande samarbeid som vart sett i verk. Legen frå redningshelikopteret tok etter kvart over ansvar for pasienten. Så samarbeida Røde Kors med personellet frå helikopteret om å sikre båra oppover. Det var eit bratt og ulendt terreng dei måtte gjennom. Dei drog båra på snøen oppover, men den måtte heile tida sikrast i terrenget. Først var det tre dei kunne sikre båra i, seinare vart forankringspunkta færre. Deler av vaieren til Via Ferrata var lagt ned for vinteren, difor var den sikringa mindre til hjelp. Enkelte stader måtte dei difor sette boltar i fjellet til forankring.

På veg opp bratte knausar.
Foto: Arne Reme.

Fem meter sikt

Veret varierte mykje gjennom natta. På det dårlegaste var sikta ned i fem meter, med tette snøbyger og sterke vindkast. Den største utfordringa med fraktinga av pasienten, var å forsere nokre høge hamrar. Då fekk dei assistanse frå frivillige frå Norske alpine redningsgrupper. Dette er aktive klatrarar som har enno meir kompetanse på tauredning.

– Det bidrog til at det gjekk fortare enn kva vi ville greidd sjølv. Ein slik aksjon krev ganske mykje av oss når det dreg slik ut i tid, så deira innsats var svært viktig, seier Høgalmen.

Det er mange oppgåver under ein slik operasjon. Nokon må passe på pasienten. Andre må rigge tau og dra i tau. Nokon går bak og skubbar i båra. Andre syt for at alt er sikkert. Nokon ser oppover fjellet, peikar ut vidare trase og finn sikringspunkt eller set boltar i fjellet.

På veg opp ryggen.
Foto: Vidar Fredlund.

– Vi var nærare 20 stykke som deltok. Det var fordelt på hjelpekorps og tauredningsgruppa, Norske alpine redningsgrupper, ambulansepersonell og redningshelikopteret, seier Rustøen.

Tidsbruk er kritisk

Tidsbruk er ein kritisk faktor i dårleg ver og med hardt skadd pasient. Samtidig er tryggleik førsteprioritet. Denne aksjonen gjekk difor over heile natta. Varme er også ein kritisk faktor. Dei trur pasienten hadde det varmast. Han låg på varmt underlag på båre, innpakka i bobleplast og isolert fjellduk. Innsatspersonellet heldt varmen ved å vere i aktivitet – det er heile tida noko å gjere på. Dessutan har dei erfaring med rufsete ver, og er flinke til å ta vare på seg sjølv.

Taukoplingar
Foto: Vidar Fredlund

For utanforståande kan det virke risikabelt å drive redning i bratte fjellhamrar i ruskete vinterver, heile natta, høgt til fjells. Men dei to opplevde aldri at dei utsette seg for nokon personleg risiko. Det er heilt sentralt hjå dei at kvar enkelt set grenser for kva ein gjer.

– Det er veldig viktig at vi har takhøgd for å sei frå om ein føler noko er utanfor komfortsona. I tau-redningsgruppa har vi lov å sei at dette likar eg ikkje. Det er heilt greitt. Alle som var med, følte at dette var greitt for dei, seier Høgalmen, noko Rustøen stadfestar.

Framme etter ni timar

Klokka halv åtte vesle julaftan morgon, nådde dei toppen. Dei kunne overlevere den skadde til ventande ambulanse. Ni timar etter at dei nådde fram til han nede i fjellsida.

Framme til Loen Skylift
Framme ved Loen skylift og ambulansepersonell etter å ha jobba seg oppover fjellsida i ni timar. Foto: Vegard Tonning

– I byrjinga av aksjonen, då vi fann pasienten, var det litt vanskeleg, spesielt då vi skjønte kor hardt skadd han var, i tillegg til at det var så kaldt. Samtidig visste vi kva vi skulle og måtte gjere. No enda dette veldig bra, så det ein sit att med, er at ein har fått vere med og bidra til at det gjekk fint. Det er utruleg gjevande å vere med å hjelpe når folk treng det, seier Høgalmen.

– Vi er jo med i Hjelpekorpset hovudsakeleg fordi det er ein kjekk aktivitet. Vi driv ein del øving og kursing for å kunne gjere slike ting. Det er sjølvsagt ikkje kjekt at det skjer noko, men det er veldig kjekt å kunne bidra når det skjer noko, seier Rustøen.