Gladkontrollen 2020

Påsken i år vert ikkje heilt som vanleg.

Plakat med tekst

Men, til hjelp som aktivitet i desse koronatider legg NRH/ trening-lag Voss og Voss Røde Kors Hjelpekorps ut på sine respektive nett sider «Gladkontroll» hefte for Påsken 2020.  

Gladkontrollen i seg sjølv ved Kvåle er avlyst, men me vil dele med dykk vårt gladkontroll-hefte som me har fått laga til årets kontroll.

Me håpar de vil finne noko av interesse for heile familien her, noko som kan engasjere alle i familien og i særs barna.

Fyrstehjelp-quiz

Her finn du bl a fyrstehjelp-quiz, kryssord for barn, snøskred spillet, du kan tegne din eigen redningshund og 20 spørsmål.

Me har fått eit par heilt nye Årsnes ski (Børge Ousland ski) hjå Åsnes ski, ski m/ bindingar som skal vera premie for rett innsendt svar på 20 spørsmål, ein vinner vert trekt ut frå dei innsendte rette svara.

Hjelp oss med å del dette på din fasebok konto, til glede for alle i påsken.

Me i NRH og Røde Kors Hjelpekorps på Voss ynskjer dykk alle ei riktig god påske.

PS. Husk på vår felles dugnaden som forsetter, prøv å oppdater og rett dykk etter dei retningslinjene som til ein kvar tid helsemyndighetene gjev i forbindelse med korona utbruddet (Covid-19) og epidemien. Ta hensyn til kvarandre, men strek gjerne ut ei hand om nokon treng din hjelp, sjølvsagt uten å berøre kvarandre!

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler