Sola Covid Vis bildetekst
Frivillige frå tre lokalforeningar stilte opp på teststasjon for Covid 19 på Stavanger Lufthavn. Foto: Borghild Gudmestad

Frivillige bidrar til oppstart av teststasjon på Stavanger Lufthavn

Sola kommune er svært takknemlege for hjelpa på flyplassen.

Beredskapslederen i Sola kommune takkar Røde Kors for at dei har hjulpe til med oppstarten av teststasjonen Covid 19 på Stavanger Lufthavn:

Frivillige frå Sola Røde Kors Stavanger Røde Kors og Sandnes Røde Kors. Alle stilte opp på kort varsel. 

Fleire av dei frivillige frå Røde Kors stilte opp på under to timars varsel. Bjørn Toft er ein av dei som stilte som frivillig mannskap på teststasjonen Covid 19 som opna på flyplassen på Sola tysdag kveld. Han skal i fyrste omgang dela ut informasjon til passasjerar som landar frå eit anna land.

- Dette er ei veldig god erfaring å ha med seg, seier Bjørn Toft, og legg til at dei alle er nye i dette pandemi-arbeidet.

Tysdag blei altså testststasjonen for Covid 19 opna på Stavanger lufthavn, Sola på Sola. Sola kommune fekk oppdraget frå nasjonalt hald. Sola Røde Kors og Rogaland Røde Kors blei bedd om å bistå med mannskap til primært etablering av testsenter for korona. Røde Kors skal ha skift både dag og kveld.

- Røde Kors er veldig viktige her. Det er veldig godt å ha dei med, seier Reidun Vigdel Ølberg, rådgjevar frå fagstab levekår i Sola kommune.

Eit viktig samarbeid er inngått mellom Røde Kors, fleire kommunar, Stavanger universitetssjukehus og Rogaland Sivilforsvarsdistrikt.

- Det er viktig for oss å kunne bidra til å bekjempa pandemien. Som støtteaktør er det naturleg at me stiller opp når me blir spurde, seier Thor Inge Sveinsvoll, distriktsleiar i Rogaland Røde Kors.

Torfinn Bøe Henriksen er til vanleg aktiv frivillig i hjelpekorpset. Men han er også sjukepleiar. Nå jobbar han for Sola kommune på teststasjonen.

- Det eg gjer her er veldig Røde Kors-aktig, fortel han.

Flyet frå Amsterdam landar. Røde Kors sine mannskap står klare i munnbind og med informasjon om teststasjonen. Så langt har teststasjonen kapasitet til å testa mellom 50 og 60 menneske per time. Alt for avgrensa smitten.