Instruktørane våre er sjukepleiarstudentar hjå Høgskulen på Vestlandet, avd. helsefag i Førde. Dei er no i sitt 4. semester i ein treårig bachelourutdanning.
Som ein del av utdanninga skal dei gjennomføre praksis knytt til helsefremjande og førebyggjande arbeid. Dette er ein praksis omlag tolv studentar gjennomførar hjå Sogn og Fjordane Røde Kors. Gjennom utdanninga har dei tilknytt seg kunnskap om anatomi, fysiologi, sjukdomslære, farmotologi m.m. Dei har og gjennomført praksis i sjukeheim og somatisk sjukehus.
I tillegg må dei gjennom kurs i Røde Kors som sertifiserer dei som seksualopplysarar. Kurset har følgjande læringsmål:
1. Forståing for kva seksualitet, sex og lyst er.
2. Reflektere over bestemte normer og stereotypiar knytta til kjønn og seksuell orientering og lære å gjenkjenne diskriminering.
3. Kunnskap om, og reflektere over grensesetting, samtykke og handlingsval i seksuelle situasjonar.
4. Kunnskap om seksuelt overførlege infeksjonar, bruk av kondom, og kvar ein kan søke kvalitetssikra informasjon om seksuell helse.
5. Pedagogikk, korleis snakke med barn og unge.
6. Aktiv presentasjonsteknikk, korleis engasjere barn og unge.