Ferieleirane

Alle skal få mogelegheit til å ta nokre dagar fri og ha det kjekt saman med andre. Velkomen til ferieleirane i 2021!

I vinterferien og sommarferien arrangerer Sogn og Fjordane Røde Kors "Ferie for alle" for familiar som slit økonomisk over tid. Fordi alle skal kunne få oppleve feriekjensla. Les meir om tilboda ved å trykke på plussteikna nedanfor:

Tilboda våre:

 

Vinter i Stryn

Det skjer alt mogeleg kjekt på ferie. Dei frivillige ferievertane våre legg til rette. Om vinteren pleier vi å vere på Nordfjord fritidssenter i Stryn kommune. Ein får familierom, og et i felles kantine. Det er alle mogelege slags artige utandørs vinteraktivitetar som skileik, aking, grilling og anna moro i snøen.

All aktivitet vert tilpassa smittevernreglar i samband med korona-pandemien.

 

Sommar på Haugland

Sommartilboda våre er på Haugland i Fjaler. Der ligg Røde Kors Nordisk United World College (UWC) og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Om sommaren kan det vere bading, spel, pil og boge, hest og vogn, såpesklie, tubekøyring, fisking, perling, male t-skjorte, utflukt eller vaffelsteiking. Eller berre slappe av på brygga.

Frivillige på ferie for alle på Haugland
Frivillige frå Ferie for alle i 2020. Koronaen krevde avstand.

 

Spørsmål? Kontakt våre medarbeidarar på distriktskontoret!

Henriette Solheim 2019_1000
Henriette Solheim
Legg til rette for omsorgsaktivitetar  som besøkstenesta og besøksvenn med hund, Ferie for alle, julegleder for barn, vitnestøtte, visitor, nettverksarbeid og Til topps. Søknadsportalen.
E-post
henriette.solheim@redcross.no
Mobil
91599415

 

Irene Grøneng_SFRK_2018_1000_IMG_3908
Irene Grøneng
Kursadministrasjon, Røde Kors-lotteriet og andre administrative oppgåver.
E-post
irene.groneng@redcross.no
Mobil
95300131

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler