
Lokale familiedagar
Lokale familiedagar er integreringsarrangement der fleirkulturelle barn og barnefamiliar har det kjekt saman med andre i lokalsamfunna sine.
Tilbodet skal vere til immigrantar i lokalmiljø, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar med fleire. Det er og ynsjeleg at ein inviterar med norske barn og barnefamiliar for å skape godt mangfold.

Lokalforeiningane arrangerer
I 2019 var det 6 lokalforeiningar som arrangerte lokale familiedagar med totalt 300 deltakarar. Dette vart ein stor suksess og dermed er målsetjinga for 2020 at minst like mange lokalforeiningar vil ta initiativ til å skape gode arrangement.
Sogn og Fjordane Røde Kors oppmodar lokalforeiningar til å arrangere lokal aktivitetsdag for barn og barnefamiliar.
Søk om midlar
Kvar lokalforeining som ynskjer å gjennomføre ein aktivitetsdag for minimum 20 deltakarar kan søkje om å få ei grunnstøtte på kr 5000. Dersom omfanget vert større kan ein søkje om ytterlegare stønad.

Arrangementet skal gjennomførast i tidsrommet mai–desember, innanfor gjeldande smittevernreglar. Det er lokalforeiningar som kan søke om støtte. Frist for å melde interesse og søkje er 3. september. Dette gjer du ved å sende ein e-post til jon.langeland.thomsen@redcross.no med følgjande informasjon:
Søknad skal innehalde:
- Namn på kontaktperson
- Grovskissert plan for arrangementet
- Grovbudsjett
- Mål for tal deltakarar
Døme på innhald kan vere:
- Grilling/annan mat
- Fiske
- Spel og leik
- Tur i skog/fjell
- Natursti/orientering
- Kulturinnslag
Lokale ledd er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av aktivitetsdagane. Sogn og Fjordane Røde Kors støtter opp om arrangementa gjennom hjelp til tilrettelegging og økonomisk stønad.