Aktivt val - seksualopplysing

Røde Kors seksualopplysing

Få besøk av Røde Kors seksualopplysarar i ungdomsskule- eller vidaregåande klassar.

Gjennom Aktivt val vil Røde Kors gje ungdom relevant kunnskap som kan gje gode haldningar, sunne ideal og betre tryggleik når dei sjølv skal debutere seksuelt. Vi ønskjer ein ungdom som er trygg på eigen seksualitet, og slik også ha betre kontroll på si seksuelle helse.

I 2020 vert programmet gjennomført i veke 48 og 49 på hausten. Undervisinga er tilpassa reglar for smittevern.

rka16-2 aktivt val kondomtreningII
Aktivt val held kondomtrening. Elevane prøver ut å kvalitetssikre og tre ein kondom på ein øvingsdildo.

 

Meld på klassar her!

 

Undervisning i 90 minutt:

  1. Forståing for kva seksualitet, sex og lyst er.
  2. Kunnskap om seksuell legning.
  3. Å respektere andre sine behov og ønskjer.
  4. Å oppleve å vere klar både med kropp og hovud før ein sjølv ønskjer å debutere.
  5. Kunnskap om, og reflektere over grensesetting, samtykke og handlingsval i seksuelle situasjonar.
  6. Forskjellige typar prevensjon.
  7. Forskjellige seksuelle overførlege infeksjonar.

 

Sjå korte instruksjonsvideoar!

Aktivt val er i samarbeid med sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde. Seksualopplysarane er studentar som gjennomfører sin studentpraksis.

Meir om undervisning og påmelding

Spørsmål og kontakt

Vår metodikk

Om instruktørane

Bakgrunn Aktivt val

Praktisk informasjon

 

 

Les "Vil gjere elevar tryggare"

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler