Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps

Frivillige i Røde Kors Hjelpekorps leitar etter sakna og reddar menneske når ulykker eller katastrofar råkar.

Røde Kors Hjelpekorps er den største frivillige aktøren i norsk redningsteneste. I Sogn og Fjordane står rundt 500 frivillige i 26 hjelpekorps klare til å rykke ut på kort varsel og er alltid klar til innsats.

Søk og redning

Røde Kors Hjelpekorps vert kalla ut av politiet eller hovudredningssentralen når nokon vert sakna, ved ulykker, kriser og naturkatastrofar. Vi tek oppdrag til alle årstider, i fjellet, i skog og mark, i bratte lier, fossande stryk, i kystlandskap og i lokalsamfunnet der du bur. 

Førstehjelpskurs og sanitetsvakter

Hjelpekorpsa har førstehjelpsvakt på idretts- og kulturarrangement, ved skitrekk og festivalar. Mange hjelpekorps held kurs i førstehjelp til innbyggarane.

Frivillig i hjelpekorpset?

Som frivillig i Røde Kors Hjelpekorps kan du vere med å redde liv. Du får opplæring og rettleiing, bevis for kompetansen du tileignar deg og mogelegheit til å drive med aktivitetar tilpassa ditt nivå og dine interesser. Du vert med i ein open og inkluderande organisasjon som følger Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.

Eg vil bli frivillig!

Opplæring

For å bli hjelpekorpsar, må du gjennomføre grunnutdanninga vår. Her lærer du førstehjelp, søk og redning, samband og Røde Kors sitt verdigrunnlag. Opplæringa vert avslutta med ei hjelpekorpsprøve. Står du på den og er medlem, er du godkjent og kan delta i aksjonar.

Du kan også fordjupe deg og ta vidare utdanning innan ulike redningsdisiplinar, førstehjelp, leiing og pedagogikk. Sjå kurskatalogen.

Redningsdisiplinar

Oppdraga våre mellom Stadt og Jotunheimen varierer sterkt, og mange kan vere ekstremt krevjande. For å sikre effektive aksjonar som ikkje set våre eigne folk i fare, spesialiserer vi oss på fleire område. 

Vinter og skred

Vinterberedskapen byr på ekstra utfordringar som kulde og skred. Vi brukar snøskuter og ski for å ta oss fram i vinterfjellet. Anten vi søker om natta i snøstorm eller i eit skred, står det om tid. Lite tid. Friluftserfaring, eigentryggleik og drilla søkemetodar er avgjerande.

Elv

Av og til hamnar folk i elva. Elveredning er så krevjande og risikabelt at det er for spesialistar. Elveredningsgruppa i Røde Kors Hjelpekorps får nokon av våre mest utfordrande oppdrag.

Sjø

Innsjøar, fjordar, skjærgard, hav. Det er mykje vatn med mykje aktivitet i Sogn og Fjordane. Vi driv søk og redning med båt og langs land. Sjøredning stiller ekstra krav til eigentryggleik, spesielt i samband med ruskete vêr.

Under vatn

Vi har også utstyr for å søke under vatn, ei fjernstyrt undervassdrone (rov). Denne kan vi styre frå land eller båt, der vi kan følgje med på eit live kamera kva rov-en "ser".

Krevande lende

Nokon gonger er oppdraga i så bratt terreng at det krev sikring med tau for å få pasienten trygt ut i båre eller sele. Vi har difor eigne, spesialiserte lag som meistrar bruk av tau som sikring.    

Førstehjelp

Førstehjelp og psykososial førstehjelp er grunnleggande kunnskap for ein kvar rødekorsar. I søk og redning er god førstehjelpskunnskap avgjerande for å løyse oppdraget vårt, då dei vi skal hjelpe kan vere skadd.

Førstehjelp er difor noko vi stadig øver på. Vi held til og med norgesmeisterskap. Så mykje øver vi på førstehjelp, at vi har eigne kurs i skadesminke og markørspel - som skal gjere øvingane mest mogeleg realistiske. Også innan førstehjelp er det mogeleg å ta ekstra kurs, slik at ein kan lære andre førstehjelp.      

Samband

To hjelpekorpsarar snakkar i walkie-talkie

For å gjennomføre aksjonar, er det avgjerande at dei involverte, både oppdragsgjevar som politi, dei som leier innsatsen og dei som er i felt, til ei kvar tid kan snakke saman. Til dette brukar vi det digitale sambandet Nødnett. I Røde Kors har vi også spesialistar på samband, som til dømes raskt kan ta i bruk backup-løysingar som VHF.

Leiing 

Når hjelpekorpset får eit oppdrag, må det kjapt takast mange viktige val,  mange folk må samordnast. Til denne oppgåva har vi aksjonsleiarar. Aksjonsleiar sit i KO, kommandostaden, gjerne saman med oppdragsgjevar, og har ei rekke praktiske og taktiske vertkøy tilgjengeleg. Sykkelhjulmetoden (filmklipp nedanfor), er eitt slikt verktøy.

Ute i felt er hjelpekorpset organisert i lag, det vil sei fire til seks personar som har ulike roller. Kvart lag får eit oppdrag, til dømes å søke eit område. Lagleiar er ansvarleg for å få laget til å samhandle og løyse oppdraget best mogeleg. 

Rolla til leiarar på både lag- og aksjonsnivå er heilt avgjerande. Vi driv difor eigen opplæring av leiarar for begge nivå. Også her kan ein spesialisere seg i til dømes sjø- eller vinteraksjonar.

 

Eg vil bli med i hjelpekorpset!

 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler