Ungdomar spelar ball på stranda Vis bildetekst
Ballspel på Neset i Flåm under Aurland Røde Kors sine aktivitetsdagar. Alle foto: Gerd Stave.

Aktivitetsdag med flyktningane

Kajakk, ballspel, grilling, dans og musikk, var noko av det som sto på programmet då Aurland Røde Kors inviterte dei syriske flyktningane i bygda på tur til Flåm.

Me var fem familiar på turen i tillegg nokre medlemmer i Røde kors. Aktivitetsdagen var arrangert på friområdet på Neset i Flåm, med stor og lang strand og Njord kayak centre.

Fekk opplæring i å padle med kajakk
Njård kayak centre gav opplæring i å padle med kajakk.

Straks med kom fram, byrja barna å leike med sand og vatn. Me spelte musikk og dansa. Etterpå reiste ungdommane på ein tur med kajakk i nesten tre timar, etter litt opplæring og informasjon først.

Finn ut meir om Aurland Røde Kors!

Vi fyrte opp i bålpannene og grilla mat og gjorde klare til å ete. Vi hadde også med oss frukt og brus. Etter lunsj delte vi oss i grupper og spelte ball.

Grilling
Det vart grilling i bålpanner på stranda.

Det var veldig sosialt, alle sat saman og prata med kvarandre – samtidig som vi følgde smittevernreglane på grunn av koronaen. Til dømes hadde alle med seg eige bestikk, og følgde hygienetiltaka staten har bestemt.

Alle meiner at turen var veldig morosam, og dei har gleda seg mykje.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler