Are Haavard Fagerli til minne

Ein av våre mest aktive og markante frivillige og tillitsvalde gjennom 40 år er død. Are Haavard Fagerli let etter seg eit stort tomrom, både menneskeleg og fagleg.

Eid Røde Kors har mist sin leiar. Sogn og fjordane Røde Kors har mista sin førstehjelpsansvarlege og instruktøransvarlege. Heile rørsla, og dei organisasjonen er til for, har mist eit menneske som gjennom heile sitt virke har gjort ein forskjell for andre.  

Are Haavard Fagerli fekk Røde Kors fortenestemedalje i 2018.
Are Haavard Fagerli fekk utdelt Røde Kors fortenestemedalje på distriktsårsmøtet i Balestrand i 2018.

Våren 2018 fekk han Røde Kors fortenestemedalje for arbeidet sitt. I omtala av han då, skreiv vi at “Etter 40 års innsats i Røde Kors er eidaren Are Haavard Fagerli framleis i front, som leiar i Eid Røde Kors og instruktørleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps. 

Så seint som hausten 2018 tok han på seg enno ei ny rolle, no som fylket sin førstehjelpsansvarlege. Han gjekk difor i front med satsinga på å styrke førstehjelpsopplæringa både i og utanfor organisasjonen. Are var opptatt av at folk flest skulle kunne grunnleggande førstehjelp og redde liv.  

For Are byrja virket i Røde Kors med ein klassetur i fjellet ein gong på 70-talet. Ein medelev vart skadd og trong hjelp.  

– Då hjelpekorpset, med sine raude anorakkar, walkie-talkiar og blå berretar kom for å hente ho ned av fjellet, tenkte eg at det skal eg vere med i også. Det at det var nokon som stilte opp og hjelpte når det trengtest, gjorde at eg byrja. Etterpå har eg ikkje klart å komme meg ut, humra han, då vi intervjua han i samband med medaljen han fekk i 2018.  

Are Haavard Fagerli pleide å delta på fylekts største opplæringsarena for hjelpekorps: Nesholmen. Her er han postansvarleg for søk i hus.
Are Haavard Fagerli pleide å delta på fylkets største opplæringsarena for hjelpekorps: Nesholmen. Her er han postansvarleg for søk i hus i 2018.

Under dette intervjuet, som du kan sjø øvst på sida, gav han ein audmjuk  og beskjeden presentasjon av si rolle i organisasjonen. I aktivitetsoversikta hans for 2017, ser vi ein som tek ansvar og bidreg på veldig mange plan. Det er grunn til å tru at lista var om lag like omfattande i 2018 og 2019. Eit samandrag:  

Han deltok på fleire opplæringssamlingar for instruktørar både på distrikt og nasjonalt, førstehjelpssamling, heldt ei rekke kurs, samla inn pengar til naudoffer i Afrika, var vaktleiar i påska, markerte 8. mai-dagen, var sensor for regodkjenning av hjelpekorpsarar, selde lodd, var delegat på distriktsårsmøte og landsmøte, deltok i utvikling av nytt pedagogikk-kurs i Røde Kors, deltok på ei rekke styremøter, korpskveldar og leiteaksjonar lokalt og meir. 

Han fortalte at det mest gjevande for han i Røde Kors var å få vere saman med ein gjeng engasjerte folk og gjere noko ein tykkjer nyttig.

Han var også opptatt av å markere Røde Kors og verdiane våre. I 2019 tok han initiativ til at presidenten i Norges Røde Kors Robert Mood skulle få oppleve Eid si særeigne markering av Røde Kors-dagen, Frigjeringsdagen og Veterandagen - 8. mai. Are fekk presidenten til å halde presentasjon for elevane på Eid vidaregåande skule og delta på oppmarsjen.

Eid Røde Kors inviterte president i Norges Røde Kors til 8. mai-markeringa i Eid i 2019. Her er dei avbilda saman med styret i Eid Røde Kors
Eid Røde Kors inviterte president Robert Mood i Norges Røde Kors til 8. mai-markeringa i Eid i 2019. Her er dei avbilda saman med styret i Eid Røde Kors.

Are var opptatt av at presidenten skulle få møte fleire både frivilligheita og folk som mottek hjelp av Røde Kors på Eid. Samtidig var han "politikar" og nytta høvet til å proklamere sine kjepphestar ovanfor presidenten.

Robert Mood besøkte Eid Røde Kors 8. mai 2019. På middagen vart han plassert mellom Astrid Henden (får besøk av besøksven) og Aud Kragseth (besøksvenn). Foto: Henning A. Hellebust/Sogn og Fjordane Røde Kors.
Robert Mood besøkte Eid Røde Kors 8. mai 2019. På middagen vart han plassert mellom Astrid Henden (får besøk av besøksven) og Aud Kragseth (besøksvenn).

Nedanfor kan du lese grunngjevinga til Komiteen for heidersteikn i Norges Røde Kors. Den oppsummerer mykje av det han har bidratt med: 

Fagerli har vore aktivt medlem i Røde Kors og Røde Kors hjelpekorps i over 40 år. Han har hatt ei rekke tillitsverv lokalt i Eid og på fylkesplan i over 30 år. Are har mellom anna vore leiar både i lokalforeinings- og hjelpekorpsstyret i fleire periodar på 1980- og 90-talet, og er i dag nyvald leiar i Eid Røde Kors.  

På fylkesnivå har han vore vara til distriktsråd  hjelpekorps i 2003 - 2005, medlem i prosjektgruppe for internasjonalt distriktssamarbeid 2004- 2007, Instruktørleiar for Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps frå 2012 fram til dags dato. Fagerli har vore sittande hovudsensor i  opplæring i Sogn og Fjordane Røde Kors frå 2016 til dags dato.  

Are Haavard Fagerli har spesielt engasjert seg i kurs og opplæring. Han har lagt ned ei eineståande innsats for opplæringa og instruktørmiljøet i Sogn og Fjordane Røde Kors, og gjennom dette også utviklinga av tillitsvalde og frivillige i heile distriktet. Fagerli er ein engasjert, oppdatert og framsynt frivillig som er open for, og ser alternative innfallsvinklar og nye måtar å løyse ting på. Han ser viktigheita av at det vert lat godt til rette for at også godt vaksne frivillige skal oppleve opplæringa i Røde Kors på en god måte, og samtidig at opplæringsaktiviteten er tilpassa de yngre, slik at dei opplever Røde Kors som attraktivt. 

Han har også engasjert seg aktivt i distriktssamarbeidet med Narva Røde Kors i Estland, der med fokus på opplæring og utveksling. Han har tidlegare teke imot Fortenestediplom med nål i 2005.  

Sogn og Fjordane Røde Kors distriktsstyre støtta søknaden heilhjarta, og anbefaler Are Haavard Fagerli som en særs verdig mottakar av dette heidersteiknetfrå Norges Røde Kors.  

Komiteen sitt vedtak

Norges Røde Kors komite for ærevisingar tildeler Norges Røde Kors Fortenstemedalje til Are Haavard Fagerli for hans engasjerte og langvarige arbeid for Røde Kors og dei Røde Kors er til for, både i Eid Røde Kors og i Sogn og Fjordane Røde Kors. 

Oppmarsjen til markeringa på 8. mai i Eid 2019. Are Fagerli går saman med president Robert Mood i midten.
Oppmarsjen til markeringa på 8. mai i Eid 2019. Are Fagerli går saman med president i Norges Røde Kors, Robert Mood, i midten.

 

Vi vil minnest Are Haavard Fagerli med takksemd for alt det han har bydd på av omsorg og kunnskap. Takk!

 

Sogn og Fjordane Røde Kors

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler