Anita Hjønnevåg og Grete Mo i Balestrand Røde Kors.

Ringde bygda rundt

I Balestrand har Røde Kors ringt bygda rundt og spurt korleis det står til under koronaisolasjonen. – Det er det difor vi er her, seier leiar Anita Hjønnevåg.

For å redusere einsemd under korona-isolasjonen, var Balestrand Røde Kors tidleg ute med å gje innbyggarane sine tilbod om ein ringevenn, altså ein frivillig i Røde Kors å prate med. Men ingen nytta seg av tilbodet.

– Eg trur kanskje terskelen er for høg til å ringe og sei at ein ønskjer nokon å snakke med. Så difor foreslo eg at vi kunne snu på det, at vi ringer rundt i bygda og spør korleis det går, seier Hjønnevåg.

"Virtuell" køyretur

Ho og kontaktpersonen i Besøkstenesta, Grete Mo, sette seg ned og tok ein “virtuell” køyretur gjennom bygda. Sjølv med 1300 innbyggarar, veit ein sånn cirka kven som bur rundt om.

Grete Mo og Anita Hjønnevåg i Balestrand. Dei har på seg Røde Kors-klede og står framfor ein rododendron.
Balestrand er ein del av Sogndal kommune, og har omlag 1300 innbyggarar. Grete Mo og Anita Hjønnevåg kjenner til dei fleste.

– Vi brukte skjønn, og kan ha tatt feil, men vi prøvde å tenke igjennom kven som bur åleine, kven som kanskje ikkje har familie i nærleiken, altså personar vi tenkte kanskje ville sette pris på å slå av ein liten prat med nokon, seier ho.

Til slutt hadde dei ei liste med namn. Personane fordelte dei mellom fleire besøksvener, så leita dei opp telefonnummera og sette i gong og ringe.

14 personar takka ja

– Vi introduserer oss, spør korleis det går, får praten i gong. Vi opplever at dei vert glade for at vi ringer. Vi avsluttar samtalene med å spørje om dei ønskjer at vi skal ringe opp att. Så langt er det 14 personar som har takka ja til det, seier Hjønnevåg.

Dei var litt usikre på om det ville virke invaderande å ringe slik. Om det ville bli godt mottatt. Men dei tok sjansen på at å informere om at ein er frå Røde Kors og spørje korleis det går, vil bli opplevd som positivt.

– Praten har gått, vi har snakka om laust og fast, kanskje informert litt om korona-ting. Responsen vil eg sei har vore veldig god. Det er jo difor vi er her, syne at vi bryr oss, seier Hjønnevåg.

Besøksteneste i "heile" Sogn og Fjordane

Kunne du tenkje deg nokon å prate eller gå tur med, eller kjenner du nokon som kan trenge nokon å prate med? I Sogn og Fjordane har Røde Kors tilbod om nokon å snakke med dei fleste stader. Trykk på knappen nedanfor for å komme i kontakt med næraste Røde Kors. Der kan du etterlyse tilbod om besøksven! Røde Kors har teieplikt.

Kontakt næraste Røde Kors her

Frivillige i Røde Kors har teieplikt og opplæring, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.

Vil du støtte Røde Kors sin evne til å hjelpe i ditt lokalsamfunn, kan du bli medlem. Kontingenten på 300 kroner går til arbeid med barn og unge, einsame eldre, redningsaksjonar og som støtteaktør for styresmaktene i kriser.

Eg vil bli medlem!

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler