Frå ein stor gjeng i skogen, til quizz på telefonen Vis bildetekst
Vanlegvis held gjengen i Svelgen-Bremanger Røde Kors førstehjelp og friluftsliv på i skog og mark. Men no har Sunniva og dei andre ungdomane tatt i bruk telefonen for å drive med lidenskapen sin.

Digitalt førstehjelp og friluftsliv?

Vanlegvis driv denne gjengen med førstehjelp- og friluftslivsaktivitet (RØFF) til skogs. Dei ville ikkje la koronaen stoppe aktiviteten, så no terpar dei ferdigheiter på telefonen.

Sidan 2016 har Svelgen-Bremanger Røde Kors samla ungdom i bygda for å drive med friluftsliv og lære førstehjelp. No er altså kompass og trekanttørkle bytta ut med Quizz på Kahoot, Google meet, bildebingo og innhald på Snapchat og Facebook. Her får dei oppgåver og aktivitetar dei kan gjere på eiga hand eller saman med vener.

Bildebingo
Ein bildebingo kan brukast til å sette i gong aktivitet.

– Vi ser at sårbare born og ungdom er endå meir utsett i desse isolasjonstider, difor er det viktig å prøve å oppretthalde dei kanalane som ungdommen har til vanleg. Difor satsar vi på RØFF også på digitale flater, altså DRØFF, seier aktivitetsleiar Jon Atle Rise i Svelgen-Bremanger Røde Kors.

Dei oppretta RØFF for gje alle born og ungdom ein gratis sosial møteplass der dei kan oppleve meistring og ha det kjekt, utan å tenke at ein må prestere. Ein aktivitet der alle kan kjenne seg inkludert og oppleve fellesskapet som er i Røde Kors.

Førstehjelpsøving i skogen
RØFF Svelgen Bremanger har førstehjelpsøving i skogen i februar 2020.

– No har vi halde på nokre veker med bildebingo quissar og videomøter. Det er ei blanding av fagleg innhald og anna moro. No ser vi at lette i smittevernreglane, gjer det lov å møtast fysisk utandørs att. Kravet er to vaksne på tre born, men det ser ikkje ut til at vi har folk til. Vi held det gåande digitalt inn til vidare, seier Rise.

Sjølv om RØFF-aktiviteten i stor grad er styrt av ungdomen sjølv, er det alltid med trygge vaksne som legg til rette og hjelper til. Dette er også eit krav på dei digitale løysingane. Så er det ungdomsrettleiarane, dei mest erfarne Røffarane, som Sunniva på bildet, som hjelper deltakarane inn på plattformene, lagar quiss og oppgåver.

Ungar i skogen
Slik kan det sjå ut på ei vanleg RØFF-samling.

Vil du støtte Røde Kors sin evne til å hjelpe i ditt lokalsamfunn, kan du bli medlem. Kontingenten på 300 kroner går til arbeid med barn og unge, einsame eldre, redningsaksjonar og som støtteaktør for styresmaktene i kriser.

Eg vil bli medlem!

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler