Anni Wolff Navarsete, Jon Sætrehaug og Kristen Fredheim gleder seg over å endeleg kunne by på mat og prat på eldrekafeen i Sogndal, etter ein koronapause på over sju månader. Vis bildetekst
Anni Wolff Navarsete, Jon Sætrehaug og Kristen Fredheim gleder seg over å endeleg kunne by på mat og prat på eldrekafeen i Sogndal, etter ein koronapause på over sju månader.

Diskar endeleg opp att

Etter åtte månader med stengde dører, kunne dei frivillige i Sogndal Røde Kors Omsorg endeleg opne dørene på eldrekafeen att. Det er det mange som vart glade for.

– Vi er veldig spente på om det kjem nokon, seier Frøydis Skjeldestad, medan ho smører heimelaga surost på dei nysteikte hellekakene i kantina på Sogndal helse- og omsorgssenter.

Sogndal Røde Kors Omsorg har ikkje arrangert sin faste eldrekafé sidan februar. Normalt har dei samla over 60 sogndøler til mat og prat kvar fjortande dag i fleire år. Etter lang tids planlegging prøver dei seg til att. Dette er 14. oktober, og kommunen er så godt som smittefri. Men er folk framleis for redde for koronaen til å samlast?

– Alle bord og stolar er vaska ned, vi har dekka på med ein meter mellomrom, med god avstand mellom borda. Gjestene får ikkje forsyne seg sjølv, vi serverer ved borda, så det skal vere så trygt som vi kan få det, seier Skjeldestad.

Eg også vil bli frivillig i Røde Kors!

 

Ei stille tid

Dette og dei fleste andre tilbod i bygda har loge nede gjennom koronatida. Difor har omsynet til dei som kjenner på sosial isolasjon og treng ein møteplass, vege tungt, når dei no opnar opp att.

– Vi tenker på dei som sit heime og ikkje har så veldig mange aktivitetar dei kan vere med på. Dette er eit alternativ der dei kan komme saman og prate og kose seg, seier ho.

Vivian Uglum Iversen
Vivian Uglum Iversen tek imot gjestene.

Litt før opningstid plasserer Vivian Uglum Iversen seg bak eit bord i inngangsdøra for å ta imot gjestane. Ho skal registrere alle med namn og nummer, i tilfelle behov for smittesporing. Det skal syne seg å bli ganske så travelt.

Kjempeglad for oppstart

– Eg er kjempeglad for at de har byrja att, seier Hildur Seim, ein av dei første gjestene. Ho ler hjarteleg, og finn seig eit bord med plass til fire.

Etter nokre få minutt er over 20 smilande gjester registrert, og snart nærmar det seg full kapasitet i lokalet på over 40 gjester. Dei frivillige ber ut brett breiddfulle av heimebakte rundstykke med røykt villaks med egg og sylteflesk med rødbete. Så kjem det lass med hellekaker, ein lokal svelevariant, med heimelaga ost som minner om cottage cheese og brunost. Og så kaffi og te, så mykje dei kan drikke.

Astrid Resaland, Hildur Seim, Liv Torill Lerheim og Kjellaug Flugheim i god drøs.
Astrid Resaland, Hildur Seim, Liv Torill Lerheim og Kjellaug Flugheim i god drøs.

Det er liv og det er latter, det er prat heilt oppunder taket og det er store smil og lyttande øyre.

– Åh, du slette tid! Dette såg nydeleg ut, tusen takk, seier Seim, og forsyner seg med eit lakserundstykke.

Ein stad å gå til

– Dette har eg sakna, å ha ein plass å gå til for oss gamle som er åleine, der ein kan treffe gode vener. Det er heilt fantastisk. Her treff du jo alle dei du pleier å gå med. Røde Kors gjer noko fantastisk arbeid, sier Seim, og får stadfestande kommentarar frå venene rundt bordet.

Gudleiv Nornes og Edin Vedvik pratar.
Gudleiv Nornes og Edin Vedvik set stor pris på å møtast att.

– Det er litt kjekt dette her for oss gamlingane som sit heime og ser på kvarandre. Jau, dette er fine greier, me har venta på det. Det siste halve året har vi jo halde oss for oss sjølve. Her får vi prate og sjå folk, det er no det som er kjekt, veit du. Her pleier vi å delta så sant vi er god te å komme oss hit, seier Edin Vedvik, som har tatt turen frå nabobygda Kaupanger.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler