Kay André Vie er i fiskebåt saman med deltakarane på Ferie for alle. Vis bildetekst
Kay André Vie er frivillig på Ferie for alle. Er det mogeleg å få fisk i Flekkefjorden?

– Priviligert som får bidra

– Eg føler meg priviligert som får vere her og bidra til at dei familiane som ikkje har råd til å ta ferie sjølv, får ei flott oppleving, seier frivillig ferievert Kay André Vie på Ferie for alle.

Sola glitrar i Flekkefjorden, og Kay André Vie og 18 andre frivillige gjer seg klar til dagens første aktivitet på Ferie for alle på Haugland. Hans gruppe skal ut og fiske.

– Når vi skal ut i båt, må alle ha på seg vestar, seier han til "sin" familie, Samra og hennar fire barn.

Dei snører på seg dei gule flytevestane, og snart putrar ein liten katamaran ut i brisen. Håpet er ein stor torsk, i alle fall ein liten makrell. I kveld er det jo grilling...

Behovsprøvd tilbod

Ferie for alle er eit behovsprøvd og gratis tilbod til familiar som slit økonomisk over tid. Det er NAV og andre offentlege etatar som søker om deltaking på vegne av familiane. I 2020 arrangerer vi i Sogn og Fjordane to ferieveker for til saman 25 familiar, omlag 120 deltakarar. Det er halvert i høve planen på grunn av smitteverntiltak som følgje av koronaen. 

Frivillige på eit skjær på UWC
19 frivillige på Ferie for alle denne veka. Dei ivrigaste stiller opp som frivillige i to veker.

Tilbodet er eit samarbeid med leirskulen UWC connect på Haugland. Dei har eit stort aktivitetstilbod, spesielt ved og i fjorden. Gjestene bur i internatet til UWC og et i kantina. 

– Som frivillig er jobben vår å stille opp for familiane, så dei skal ha det trygt og kjekt, passe på at dei møter opp til rett tid og stad når det er aktivitetar og elles legge til rette, seier han.

Fullpakka dagar

Dei frivillige byrjar sitt opphald med ein dags opplæring. Dei må levere begrensa politiattest, signere teiepliktskjema og etikkerklæring. Så varer sjølve ferietilbodet i fire dagar. Då held dei på kvar dag frå morgonmøtet klokka ni, tre runder med aktivitetar klokka 10, 14 og 16 og 19, måltid, grilling, ungdomskveldar, tilrettelagde aktivitetar i fritida - det går eigentleg i eitt sett heile dagen.

prøver ut hooverboard
Coop donerte 59.000 kroner til aktivitetspakkar til Ferie for alle. Kvar familie fekk ei velkomstgåve med spel, teiknesaker, turkoppar og liknande. Pengane som vart til overs, gjekk til hooverboards, som er svært populært.

– Ja, det er verkeleg ein fulltidsjobb, men det er smil og moro rundt meg heile tida, så det er ingen problem å vere aktiv lenge, seier Vie.

Utlånt av arbeidsgjevar

Vie er faktisk ei gåve frå verksemda Caverion til Ferie for alle. I staden for julegratiale til sine tilsette, gjev dei Røde Kors 20 tilsette som frivillige på Ferie for alle rundt omkring i Norge. Dei tilsette byter ut ei normal arbeidsveke med ei veke for Røde Kors. Arbeidstakarane får vanleg løn av Caverion, men har same rolle som dei andre frivillige.

skyter md pil og boge

– Det er mange kollegaer som har skrytt over både opplegget, familiane og dei frivillige, så i fjor søkte eg og kom med. I år var det 30 som søkte, og 20 plassar, så det var trekning, seier han.

– Eg føler meg priviliegert som får vere her og bidra til at dei familiane som ikkje har råd til å ta ein ferie sjølv, får ei flott oppleving, seier han.  

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler