Annie og Nicolas held live-sending Vis bildetekst
Annie og Nicolas i Førde Røde Kors ungdom inviterer til online fellesskap. PS - Dei to deler leiligheit, og kan difor sitte nærare kvarandre enn ein meter. Foto: Medo Jemal

Inviterer til kaahoot, danseundervising og gaming

Når deira vanlege møteplass for ungdom er korona-stengt, inviterer Førde Røde Kors Ungdom til fellesskap med live-sendingar på Instagram og Facebook.

– Først vil vi syne dykk rundt her vi bur, i Førde. Det regnar i dag, rundt oss er det fjell, fjell og fjell. Det er superbeautiful, seier Annie Arroyave, “live” på Facebook, medan ho peikar kameraet på telefonen i alle himmelretningar.

Annie er ungdomsdelegat frå Colombia Røde Kors, og saman med Nicholas Pinto, også han ungdomsdelegat, er ho programleiar for Førde Røde Kors Ungdom si vekentlege kahoot-sending. Vanlegvis møtest dei på «Loftet» kvar onsdag, ein møteplass for ungdom i Førde. Men no er det ikkje «til vanleg», no er det «corona-time», som Annie kallar det. Og då er det Instagram og Facebook som er møteplassen dei brukar.

live stream

– I dag sender vi frå sofakroken her på Loftet. Vi har snacks og kakao og no skal vi ha kahooooot! ropar ho, medan tomlar, hjarte og helsingar fyk over skjermen.

– Skriv i kommentarfeltet kvar du er, om du er med frå Førde, Bergen, Tromsø eller Colombia. Please, vi vil gjerne vite kven som er med oss, seier ho.

Då koronautbrotet sette sosial Røde Kors-aktivitet på pause, måtte den vanlege aktiviteten på Loftet stenge. Men Røde Kors Ungdom i Førde ønskte å oppretthalde eit tilbod til dei unge likevel.

live-skjermen til sendinga

– I denne tida er mykje annleis, og mental helse er enno viktigare å ha merksemd på no. Det er difor viktig at vi kan halde kontakten med kvarandre. Vi brukar dei teknologiske hjelpemidla vi kan for å oppretthalde møteplassen vår, gje alle ei mogelegheit til å møte andre, seier Annie.

Med seg har dei to frivillige frå Førde Røde Kors Ungdom, leiar Medo Jemal og Jan Sande. Dei kokt saman quiz, marknadsført arrangementet og rigga til for live-sending.

– Om to minutt byrjar vi kahooten. Vinnaren av quizen får dette verdikortet frå Netflix. De får 20 minutt på dykk til å svare, så møtest vi her igjen etterpå, seier Annie.

kahoot spørsmål

Dei førebur samtidig fleire tilbod, mellom anna å få på plass ein eigen Røde Kors Minecraft-server, altså ein Røde Kors-stad på online dataspelet Minecraft. Der vert det råd til å vere saman og møte folk i Røde Kors-omgjevander. Så blir det ny kahoot 8. april, og 7. april planlegg ungdomsdelegatane å halde rumba-salsa-ragaton undervisning på si Instagram-side.

– Vinnaren var Jessica med 74 prosent rett. Gratulerer! Tusen takk til alle for at de vart med, frå Colombia, Bergen og rundt i Sogn og Fjordane og Førde. Med denne vakre utsikta frå Førde seier vi takk! Hada! Adios! Ciao! Good bye! Its corona-time, wash your hands!

Annie og Nicholas ser på skjermen

 

Vil du støtte Røde Kors sin evne til å hjelpe i denne tida, kan du bli støttemedlem.

Eg vil bli støttemedlem!

Frivillige i Røde Kors har teieplikt og opplæring, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler