Styrtregn i Jølster sommaren 2019 utløyste fleire titals jordskred. På Vassenden gjekk skredet igjennom eit bustadfelt. I rapporten vert det varsla at slik ekstremt konsentrert nedbør som følgje av klimaendringar vil komme oftare i framtida og opp til 50 prosent meir intenst. Foto: Røde Kors. Vis bildetekst
Styrtregn i Jølster sommaren 2019 utløyste fleire titals jordskred. På Vassenden gjekk skredet igjennom eit bustadfelt. I rapporten vert det varsla at slik ekstremt konsentrert nedbør som følgje av klimaendringar vil komme oftare i framtida og opp til 50 prosent meir intenst. Foto: Røde Kors.

Klimarapport: oftare og kraftigare regn på Vestlandet

I åra framover vil meir kraftig nedbør og fleire skred true lokalsamfunn på Vestlandet, syner ny rapport. Røde Kors er bekymra for at fleire liv vil gå tapt.

I rapporten «Norges klima 2071-2100» har Norsk Klimaservicesenter på oppdrag frå Røde Kors laga ei omfattande oversikt over korleis klimaendringane kan råke innbyggarane i Norge framover 

Framskrivingane for Vestlandet syner auka risiko for at kraftig regn vil komme oftare og med større intensitet. Det er forventa større flaumar i dei fleste vassdrag, og fleire jord- og sørpeskred i samband med meir og kraftigare nedbør 

Krev meir førebuing

Styrtregnet som råka folk i Jølster og Gloppen i sommar og Utvik i 2017 så hardt, har alt vist at både styresmaktene, innbyggarane og vi i dei frivillige beredskapsorganisasjonane førebu oss på meir uføreseielege og ekstreme forhold, seier Sigurd Strand, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors beredskapsutval. 

Som hjelpekorpsar har han sett øydeleggingane frå ekstremver på nært hald, og møtt mange av dei som har vore hardast råka. Han har sjølv delteke i redningsarbeidet blant anna under styrtregnet i Utvik og på Blakset i Stryn kommune 

Berekningane i rapporten viser at det blir meir av denne sorten ver. Med det vi har erfart til no, er det grunn til å frykte at fleire liv vil gå tapt i åra som kjem, seier han.  

Støtt ditt lokale Røde Kors - bli medlem!

Utrygt for fleire

Rapporten syner at det jamt over vert meir av den kraftige sorten nedbør over heile landet. Styrtregn, som varer nokre minutt eller få timar, vert vurdert som å ha størst skadepotensial på infrastruktur. 

Det blir fleire og større regnflaumar, og i tettbygde strøk vil kraftig nedbør føre til større problem med overvatn. Meir kraftig regn kan også utløyse fleire jordskred, flaumskred og sørpeskred, seier hydrolog Irene Brox Nilsen i NVE, som har delteke i arbeidet med rapporten.             

Lokale klimaforhold har vore viktig for kvar vi buset oss, og kommunane må ifølgje Brox Nilsen ta omsyn til klimaendringar når dei planlegg bustadområde og infrastruktur 

Areal som ikkje har vesentleg risiko for naturskade i dag, kan få det i framtida, seier forskaren. 

Klimaendringar i beredskapsarbeidet

Røde Kors ber alle kommunar om å sørge for å ha gode beredskapsplanar og å styrke det førebyggande arbeidet for å redusere konsekvensane av dei varsla endringane.  

Det er viktig med gode samarbeidsavtaler mellom kommunane  og frivillige beredskapsaktørar, så ressursane finn kvarandre når behovet er der. Frivilligheita må få delta i øvingar saman med kommune og naudetatar. Rapporten syner at klimaendringar ha ein viktig plass i risiko- og sårbarheitsanalysene som kommunane lagar i tråd med kommunal beredskapsplikt. Så må kommunane ha nok tilsette med ansvar for beredskap og beredskapskompetanse på leiarnivå, avsluttar Strand, som også er lokalforeiningsleiar i Olden Raude Kross.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler