Vask hendene for å unngå smittespredning

Røde Kors aukar beredskapen og set aktivitet på pause

Røde Kors i Sogn og Fjordane hevar beredskapsnivået til gult. Humanitær aktivitet som kan medføre smittespreiing vert sett på pause.

Ved ein pandemi har Røde Kors ei viktig rolle som støtteaktør for styresmaktene. Sogn og Fjordane Røde Kors har difor bestemt å heve beredskapsnivået til det nest høgste, slik at vi kan vere betre i stand til å respondere på store behov i samfunnet over tid.

– Vi er inne i ein svært alvorleg situasjon. Vi har difor sett stab, som betyr at vi styrkar evna til å samordne oss, og som gjere oss klare til å stille opp over tid for styresmaktene i dei kommunane det blir behov for bistand frå frivilligheita, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Dag Hovland.

Set aktivitet i pause

Samtidig har Norges Røde Kors bestemt at ei heil rekke humanitære aktivitetar – som kan auke smittepresset både på eigne frivillige eller publikum, skal settast på pause. Kurs, samlingar og arrangement vert også langt på is framover.

– Vi kan ikkje ha aktivitet som bidreg til å spreie smitte i befolkninga. Difor reduserer vi no møtepunkt mellom menneske til eit minimum. Det er også avgjerande at vi sjølv er friske, så vi kan stille opp for styresmaktene, dersom pandemien vert for stor til å handtere for dei åleine, seier Hovland.

Dette får størst konsekvens for Besøkstenesta, som mellom anna må legge ned sin aktivitet på omsorgsinstitusjonar. Vi har også ei rekke møteplassar for forskjellige målgrupper som må ta pause inn til vidare.

Vår kapasitet innan søk og redning vert oppretthalden.

Oppmodar til å bruke telefonen

– Mange som treng sosial kontakt, og har fått det gjennom Røde Kors, vil ikkje få tilbodet dei er vane med framover. Det er veldig leit, men i denne situasjonen kjem smittevern først. Vi håpar likevel at ein for nokon kan finne alternative måtar for samvær, til dømes telefon eller ulike videopratetenester på nett, seier Hovland.

Per i dag er ikkje Røde Kors i Sogn og Fjordane direkte engasjert i korona-relatert aktivitet. I kveld skal vi ha ein telefonkonferanse med lokalforeiningsleiarane, som eit ledd i samordninga framover.

Røde Kors jobbar no intensivt med å klargjere korleis vi kan hjelpe styresmaktene når situasjonen eskalerer. Alle lokalforeiningar er oppmoda om å ha dialog med sin kommune for å utforske måtar å hjelpe på.

Følg med på våre nettsider www.rodekors.no viss du vil vite meir om Røde Kors sin innsats.

 

 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler