Flora og Måløy Røde Kors i Korona-innsats Vis bildetekst
Flora og Måløy Røde Kors i Korona-innsats

Flora og Måløy Røde Kors i Korona-innsats

I Flora og Måløy har Røde Kors fått i oppdrag å informere reisande om nye karantenereglar. Resten av Røde Kors i fylket er klare til Korona-innsats.

– Vi skal informere alle tilreisande med kollektivtrafikk om dei nye karantenereglane, seier leiar i Flora Røde Kors, Jostein Bergset.  

Ved kvart anløp til ekspressbåt og flyplass, har Røde Kors fått i oppdrag å informere dei reisande om reglane. På bussar og hurtigruta er det operatøren som informerer sjølv. Dette gjeld tilreisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Hordaland, skal i to veker karantene.  

Dei frivillige mannskapa frå Røde Kors skal opptre uniformert, halde minst to meters avstand til dei reisande og stå opphøgd på ein rampe og formidle bodskapen munnleg. Røde Kors i Vågsøy har same oppdrag på kaien.  

Planlegg for lang tid

– Mange av oss i Røde Kors i Kinn kommune er også helsepersonell, har andre samfunnskritiske jobbar eller er i karantene. Vi har åtte tilgjengelege frivillige i Florø per no. For Vågsøy er talet fem. Vi må sjå til at vi har att kapasitet seinare, og kanskje til meir kritiske oppgåver, seier Bergset.  

Flora og Vågsøy er dei første lokalforeiningane som er tatt i bruk, men Røde Kors i Sogn og Fjordane har dei siste dagane kartlagt sitt tilgjengelege mannskap. I 16 av 18 Røde Kors-kommunar i Sogn og Fjordane, er det oppretta kontakt med kriseleiinga med tilbod om korona-bistand.

Glade for oppslutning

Røde Kors sine lag i Balestrand, Leikanger og Sogndal er i gang med å registrere medlemer som vil  hjelpe til, dersom kommunen ber om det. Oppslutninga er særs god. Medlemmene er klar til innsats, seier leiar i Leikanger Røde Kors, Knut Henning Grepstad. 

Han seier at dei også vert kontakta av personar som ikkje er medlemmer i Røde Kors, som gjerne vil bidra gjennom vår organisasjon.  

–  Det er vi glade for. Påmeldingane frå desse vil vi formidle vidare til kommunen. Vi treng alle i den dugnaden vi må rekne med kjem og som vi difor må planlegge for. Det er imponerande og rørande å registrere den viljen til å hjelpe og den omsorga for andre som kjem til syne når vi no har ei krisetid, seier Grepstad. 

Klare til innsats

Som i dei fleste kommunar, veit ein heller ikkje i Sogndal kvar eller korleis ein skal hjelpe, eller kven som treng hjelp. Difor førebur ein seg breitt.  

– Det er viktig at vi er førebudde og har planane klare slik at vi raskt kan utføre dei oppgåvene kommunen ber om og Røde Kors er kvalifisert til. Når  kommunen si oppmoding om hjelp kjem, skal vi vere klare til å hjelpe, seier Grepstad. 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler