Stryn og Eid Røde Kors Hjelpekorps gjer klar båten medan dei får overlevert oppdrag frå Politiet i samband med innsatsen i etterkant av jordrasa på Vassenden. Vis bildetekst
Stryn og Eid Røde Kors Hjelpekorps gjer klar båten medan dei får overlevert oppdrag frå Politiet i samband med innsatsen i etterkant av jordrasa på Vassenden.

Røde Kors sin innsats etter ras i Jølster

Søk etter sakna, evakuering, mat, omsorg og overnatting. Det har vore eit hektisk døgn for Røde Kors etter jordrasa i Jølster.

Kort tid etter at det første raset gjekk på Vassenden tysdag ettermiddag, sette Jølster Røde Kors i gong med å ta imot evakuerte frå nærmiljøet til samfunnshuset Gjesthalla.  

2019-07-31 eid rkh_Kiviranta (14)
Slik såg rasstaden på Vassenden ut. Alle foto: Røde Kors.

– Vi byrja med å registrere alle, snakka med kvar og ein og avklarte individuelle behov etter kvart som folk kom til. Vi prøvde å orientere alle - på ulike språk - om det vi visste om situasjonen, seier Einar Helge Hansen, operativ leiar i Jølster Røde Kors Hjelpekorps.  

Saman med ni andre frå lokalt Røde Kors Omsorg og Hjelpekorps, i tillegg til ei mengd andre frivillige frå lokalsamfunnet, byrja dei å rigge eit fullverdig evakueringssenter.  

– Vi prøvde å vere litt i forkant, og planla tidleg korleis vi skulle få på plass mat og overnatting. Straumen var vekke, så vi byrja med primus, men så kom etatane med naudaggregat, seier Hansen. 

Strøymde til med folk

Det strøymde til med mykje folk som trengde ly og tryggleik. Personar som var evakuert med lokale båtar og etter kvart med Stryn og Eid Røde Kors Hjelpekorps sine redningsbåtar. Folk kom frå grenda Gjesdalen, i frykt for skred der, dei kom frå grenda Slåtten, etter at det hadde gått ras der, og dei kom frå området rundt raset på Vassenden og personar som sat avstengt mellom ras i bilane sine.  

2019-07-31 eid rkh_Kiviranta (7)
Her ligg rednignsbåtane til Stryn og Eid Røde Kors Hjelpekorps til kai på Vassenden.

– Det gjekk veldig roleg føre seg. Det kom folk heile tida frå om lag klokka 17 til midnatt. Eg trur det var godt over 200 personar som vart registrert inn hjå oss. Vi var tilgjengeleg for dei evakuerte heile natta, seier han.    

Hansen skryt av bygdefolket, nokon kryssa heile Jølstravatnet med båt for å levere mat til evakueringssenteret, andre stilte opp med båtar til evakuering, og mange hjelpte til å organisere overnatting og mat.  

– Eg er stolt over mannskapet som stilte opp. Dei gjorde ein kjempejobb, seier Hansen, som gjekk av vakt onsdag ettermiddag, eit lite døgn etter hendinga byrja.

Eg vil bli medlem i Røde Kors!

Evakuering på vatnet

Redningsbåtane til Stryn og Eid var i aksjon fram til om lag midnatt. Dei jobba primært med å evakuere innbyggarar og personar som sat fast mellom ras i bilane. Dei var også involvert i eit grovsøk ved eit ras ved Årnes, nokre kilometer aust for vassenden på sørsida av Jølstravatnet.  

Jølstravatnet vart fort fullt av enorme mengder drivtømmer, som krevde stor varsemd. Rasfaren var heller ikkje avblåst, så det vart ikkje gjennomført søk nær land.  

Søk etter sakna

Nye, utkvilde mannskap kom til Skei onsdag morgon, for å stille opp på ny. Situasjonen var framleis ikkje avklart. Dei løyste mindre oppdrag for Politiet utover dagen, og då det offisielt vart kjent at ein person var sakna i raset på Årnes, deltok mannskap og båt frå Stryn og Eid Røde Kors Hjelpekorps i søket der.

2019-07-31 søk årnes eid rkh
Onsdag ettermiddag kunne Røde Kors søke nærare land på Årnes. Her brukar mannskap frå Eid Røde Kors Hjelpekorps undervasskikkert, men sikta er svært dårleg.

Onsdag kveld vert mannskapet frå Hjelpekorpset dimmitert i denne omgang. I Gjesthalla har lærarar og andre frivillige teke over det meste av arbeidet, men nokon raudekorsarar som har vore heime og kvilt, går på igjen i kveld.

Vi har ikkje bilder frå arbeidet i evakueringssenteret i Gjesthalla, difor syner ikkje det att her.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler