Annie og Nicolas i Førde Vis bildetekst
Annie og Nicolas frå Colombia er i Sogn og Fjordane på utveksling som ungdomsdelegatar.

Frå Colombia for å hjelpe i Førde

Viss du har vore frivillig i Røde Kors eitt år, og er mellom 21 og 28, kan du gjere som Annie og Nicolas frå Colombia. Bli Røde Kors ungdomsdelegat!

– Det er fantastisk å vere delegat i Norge. Norge er vakkert, folka her er veldig snille og høflege med oss, og vi må alltid hugse at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege kle’, seier Annie Arroyave, medan ho hutrande viftar vekk frostrøyken ved Jølstra i Førde.

Saman med Nicolas Pinto, begge frå Colombia Røde Kors, har ho busett seg i Førde i ni månader som Røde Kors ungdomsdelegat. Det betyr at dei skal hjelpe oss med aktivitet her i byen og i Sogn og Fjordane. Dei skal dele av eigne erfaringar, og lære av oss.

Annie og Nicolas hel banner av Røde Kors ungdom
Hovudvekta av innsatsen til Annie og Nicolas vert lagt ned i ungdomsarbeid.

– Sidan første gong eg fekk vite om programmet, har det vore ein draum for meg. Som delegat får ein utvikle leiareigenskapane sine, og ein får innsyn i korleis ein kan gjere positive endringar i det samfunnet ein bur i. Det er min draum å kunne gjere ein forskjell, seier Nicolas.

Samarbeid med Norec

Opphaldet varer nær eitt år, og er del av ei utveksling kalla «Youth delegate exchange programme» mellom Røde Kors i Norge, Colombia og Kenya. Det blir organisert i samarbeid med Norec (Norsk senter for utviklingssamarbeid). Har du rett alder og god erfaring som frivillig i Røde Kors, er du invitert til å søke for utvekslinga som byrjar i august 2020 og varer til juni 2021. Fristen er 23. februar.

Introduksjon av Annie og Nicolas på frivilligsamlinga Kveik.
Her blir Annie og Nicolas presentert på vår store frivilligsamling "Kveik". Som delegat får ein mykje erfaring med å snakke framfor forsamlingar.

Oppgåvene som delegat vil sjølvsagt variere alt etter kvar ein til slutt hamnar. Aller først set ein seg ned saman med det lokale Røde Kors og bestemmer seg for kva som skal vere prosjektet for året, prosjektmåla og korleis ein skal nå dei.

Eg vil vite meir!

– Vi jobbar hovudsakeleg med ungdomsfrivillige. På distriktsnivået bidreg vi på kurs og samlingar. Vi jobbar mykje med å utvikle ulike verkstader som frivillige kan bruke for å lære eller utvikle aktivitet. I Førde hjelper vi til med ungdomsaktiviteten Loftet og Internasjonal kafé, begge sosiale møteplassar. Vi lagar også innhald som vi publiserer på bloggen vår og på Instagram som @redcross_youthdelegates, seier Annie.

Gruppebilde frå då repreesntantar frå Georgia Røde Kors var på besøk.
Her er Annie og Nicolas involvert i besøket frå Georgia Røde Kors hausten 2019. Då reiste dei rundt og besøkte lokalforeiningar i Sogn og Fjordane.

Personleg utvikling

Sjølv om det store målet med programmet er å utvikle Røde Kors, er det sjølvsagt ein stor personleg dimensjon i å vere på utveksling. Du reiser til ein annan verdsdel og skal leve og jobbe eit år i ein ukjend kultur, med ukjent språk, kanskje uvant klima og nye humanitære vanskar. Ein får utfordra seg sjølv på så mange plan.

– Ei av dei største utfordringane for meg, er å reise frå familien og lære å klare meg sjølv. Annie og meg må saman finne ut korleis vi skal leve livet her, og samarbeide godt. Ein veit i utgangspunktet ingen ting, korkje om kulturen, folka, alt er annleis, så ein vert verkeleg utfordra på alt, seier Nicolas.

Annie og Nicolas på stand
Som delegat i Sogn og Fjordane, får du ein del erfaring med å stå på stand og snakke med folk.

– Er det verdt det, å reise vekk frå vener og familie så lenge?

– Åjaaa, det vil alltid vere verdt det. Har du noko å lære, er det verdt det.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler