Frivillige frå våre 26 lokalforeiningar avsluttar 2020 og legg planar for vår humanitære innsats i 2021.

Velkomen til distriktsårsmøte 2023

Vi ønskjer alle delegatar, observatørar og gjestar velkomne til å avslutte Røde Kors-året 2022 og planlegge 2023 i Aurland.

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Røde Kors. Distriktsårsmøtet vert i år halde på Fretheim hotell i Flåm 24.- 26. mars

Les årsmøtedokumenta her

Tradisjonen tru vert det lagt opp til ein uformell start på årsmøtehelga med førkveld fredagen. Tanken bak desse førkveldane har vore å gje inspirasjon og noko til glede og ettertanke. I år er Per Anders Nordengen engasjert som kveikar og kan fortelje oss noko om kva håp, visjonar, draumar og engasjement kan føre til.

Laurdag før lunsj vert det valmøter for distriktsråd ung, omsorg og hjelpekorps, og møte for lokalforeiningar. Deretter følgjer sjølve årsmøtet fram til sundag ettermiddag. Etter årsmøtet vil Aurland Røde Kors ha ope hus for dei som har lyst å stikke innom og få inspirasjon og gode idear. 

Laurdag vert det gruppearbeid i samband med oppdatering av handlingsprogram. Trykk på knappen under for kome med gruppa di sine endringsforslag eller tilleggsforslag til Sogn og Fjordane Røde Kors sitt handlingsprogram. 

Forslagsskjema
til handlings-
programmet

 

Les fullstendig program for årsmøtehelga her:  

Program:

Fredag 24. mars

16.00 - 18.30    
Ankomst og innsjekk. Enkel servering.

18.30 - 20.00 
Kveikar Per Anders Nordengen: 
"FRI, VILLIG og HET" - Eit kåseri med humor og alvor om frivilligheit, livet, sutring og begeistring.

Mann i blå t-skjorte
Per Anders Nordengen er er prest og forfattar. Nordengen har mange erfaringer knytt til menneske i ulike livssituasjonar. Han har jobba med sjuke, pårørande og mennesker i ulike former for krise, og hadde mellom anna mykje oppfølging etter 22. juli-katastrofa i 2011. Foto: Calle Huth / Studio Illegal

20.00           
Middag, uformelt 

Laurdag 25. mars

08.30 - 09.30    
Registrering og utdeling av saksmapper.
Kaffi og rundstykker til nyankomne.

09.30 - 12.00 
Valmøte distriktsråd omsorg 
Valmøte distriktsråd hjelpekorps
Valmøte distriktsråd ung 
Møte for lokalforeiningane

12.00 - 13.15    
Lunsj

13.20
Oppmøte 

13.30 - 18.00               
Distriktsårsmøtet 2022
*Opning, konstituering og start av årsmøtetingingane.
*Gruppearbeid i samband med oppdatering av handlingsprogram

19.30                
Fellessamvær før festmiddag 

20.00                
Festmiddag, formelt 

Sundag 26. mars

09.00 - 10.00 
Tema: Delegat i internasjonale operasjonar – opplevingar og erfaringar frå Ukraina.
Innlegg ved Røde Kors-delegat Åge Wiberg Bøyum, Lærdal Røde Kors.

Mann i beige vest med røde kors logo
Åge Wiberg Bøyum er svært erfaren som delegat for Røde Kors og har mellom anna vore på oppdrag i Rwanda, Sør-Sudan, Al-Hol leiren i Syria, i Iran etter jordskjelvet i 2003 og i Indonesia etter tsunamien i 2004. Åge kjem attende frå oppdrag for ICRC i Ukraina og kjem direkte til Flåm for å snakke om sine erfaringar.

 

10.00-10.30
Pause

10.30 - 13.00               
Årsmøtetingingane held fram.            

13.00 - 14.00
Lunsj 

Takk for denne gong.

13:30 og utover vil Aurland Røde Kors halde dørene opne. Røde Kors-huset ligg på Onstad ved Aurlandsvangen. Stikk innom og bli inspirert!

NB! Siste frist for utsjekk er 12.00.

Prisar

Avtalt pensjonspris med hotellet for buande gjestar, inkl. festmiddag laurdag (pr. person):

Fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 3780,-

Fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 2880,-

Laurdag morgon – sundag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 2790,-

Laurdag morgon – sundag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 2290,-

Prisar for ikkje buande (pr. person):

Dagpakke laurdag med kaffipausar og lunsj: kr. 675,-

Dagpakke laurdag med kaffipausar, lunsj og festmiddag: kr. 975,-

Dagpakke sundag med kaffipausar og lunsj: kr. 675,- 

Lokalforeiningane betalar for alle sine deltakarar samla (inkl. delegatar og observatørar frå lokalråd, avdelingar og grupper). Det vert sendt ut faktura etter avslutta årsmøte.

Påmelding

Kvart lokalråd kan delta med både leiar og nestleiar (to delegatar) i dei respektive valmøta til distriktsråda. I årsmøtet kan lokalforeiningane vere representert med inntil fire delegatar; ein frå lokalforeininga og ein frå kvart lokalråd. Lokale ledd kan ha med observatørar til alle møte.

Frist for påmelding 12. mars

Seint ute? Vil du melde deg på? Ta kontakt med rune.rajendram@redcross.no / 92426255

Påmelding Kveik

 

Vel møtt!

Beste helsing
Distriktsstyret
v/Synøve Sande, leiar

Har du spørsmål? Kontakt distriktet her.

Her finn du årsmøtedokumenta til distriktsårsmøtet i Sogn og Fjordane Røde Kors. Ønskjer du papirversjon? Bestill der du melder deg på årsmøtet.