Frivillige frå våre 26 lokalforeiningar avsluttar 2020 og legg planar for vår humanitære innsats i 2021.

Velkomen til distriktsårsmøte 2022

Vi ønskjer alle delegatar, observatørar og gjester velkomne til å avslutte Røde Kors-året 2021 og planlegge 2022 på Quality Hotel Sogndal.

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Røde Kors 2022. Årsmøtehelga vert halde på Quality Hotel Sogndal 1.-3. april.

Tradisjonen tru vert det lagt opp til ein uformell start på årsmøtehelga med førkveld fredagen. Tanken bak desse førkveldane har vore å gje inspirasjon og noko til glede og ettertanke. I år er Henning Aarekol engasjert som kveikar, og arbeidstittelen for innlegget hans er «Koffor sitte inne når alt håp er ute».

Laurdag før lunsj vert det valmøter for distriktsråd ung, omsorg og hjelpekorps, og eigne møter for lokalforeiningar. Deretter følgjer sjølve årsmøtet fram til sundag ettermiddag. Les fullstendig program under. 

 

Les årsmøtedokumenta her!

 

Program:

Fredag 1. april

16.00 - 18.30    
Ankomst og innsjekk. Enkel servering.

18.30 - 20.00 - Møtesal Fjord 2
«Koffor sitte inne når alt håp er ute».
Kveik frå Henning Aarekol.

20.00           
Middag, uformelt - Eppel Restaurant.

Laurdag 2. april

08.30 - 09.30    
Registrering og utdeling av saksmapper.
Kaffi og rundstykker til nyankomne.

09.00 - 12.00
Valmøte distriktsråd ung - Sogndal 3.

09.30 - 12.00 -    
Valmøte distriktsråd omsorg - Fjord 3.
Valmøte distriktsråd hjelpekorps - Fjord 1.
Møte for lokalforeiningane - Fjord 2.

12.00 - 13.15    
Lunsj - Eppel Restaurant.

13.20
Oppmøte - Fjord 2

13.30 - 18.00               
Distriktsårsmøtet 2022 - Fjord 2.
*Opning, konstituering og start av årsmøtetingingane.
*Gruppearbeid i samband med oppdatering av handlingsprogram

19.30                
Fellessamvær før festmiddag - Eppel Bar.

20.00                
Festmiddag, formelt - Fjørasalen.

Sundag 3. april

09.00 - 10.00    
Start andre dag av årsmøte - Fjord 2
Tema: Haugland.
Rehabiliteringssenteret er 30 år i 2022.

10.00-10.30
Pause

10.30 - 13.00               
Årsmøtetingingane held fram.            

13.00 - 14.00
Lunsj - Eppel Restaurant.

Takk for denne gong.
NB! Siste frist for utsjekk er 12.00.

 

Påmelding

 

Kvart lokalråd kan delta med både leiar og nestleiar (to delegatar) i dei respektive valmøta til distriktsråda. I årsmøtet kan lokalforeiningane vere representert med inntil fire delegatar; ein frå lokalforeininga og ein frå kvart lokalråd. Lokale ledd kan ha med observatørar til alle møte.

Distriktsstyret ber lokalforeiningane og avdelingane drøfte årsmøtesakene i sine styre, slik at alle er godt førebudde og deltek aktivt under årsmøteforhandlingane!

Vel møtt!

Beste helsing
Distriktsstyret
v/Synøve Sande, leiar

Har du spørsmål? Kontakt distriktet her.

Her finn du årsmøtedokumenta til distriktsårsmøtet i Sogn og Fjordane Røde Kors 2022. Ønskjer du papirversjon? Bestill der du melder deg på årsmøtet.