Velkomen til distriktsårsmøte 2023
Vi ønskjer alle delegatar, observatørar og gjestar velkomne til å avslutte Røde Kors-året 2022 og planlegge 2023 i Aurland.
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Røde Kors. Distriktsårsmøtet vert i år halde på Fretheim hotell i Flåm 24.- 26. mars.
Tradisjonen tru vert det lagt opp til ein uformell start på årsmøtehelga med førkveld fredagen. Tanken bak desse førkveldane har vore å gje inspirasjon og noko til glede og ettertanke. I år er Per Anders Nordengen engasjert som kveikar og kan fortelje oss noko om kva håp, visjonar, draumar og engasjement kan føre til.
Laurdag før lunsj vert det valmøter for distriktsråd ung, omsorg og hjelpekorps, og møte for lokalforeiningar. Deretter følgjer sjølve årsmøtet fram til sundag ettermiddag. Etter årsmøtet vil Aurland Røde Kors ha ope hus for dei som har lyst å stikke innom og få inspirasjon og gode idear.
Laurdag vert det gruppearbeid i samband med oppdatering av handlingsprogram. Trykk på knappen under for kome med gruppa di sine endringsforslag eller tilleggsforslag til Sogn og Fjordane Røde Kors sitt handlingsprogram.
Forslagsskjema
til handlings-
programmet
Les fullstendig program for årsmøtehelga her:
Program:
Fredag 24. mars
16.00 - 18.30
Ankomst og innsjekk. Enkel servering.
18.30 - 20.00
Kveikar Per Anders Nordengen:
"FRI, VILLIG og HET" - Eit kåseri med humor og alvor om frivilligheit, livet, sutring og begeistring.
20.00
Middag, uformelt
Laurdag 25. mars
08.30 - 09.30
Registrering og utdeling av saksmapper.
Kaffi og rundstykker til nyankomne.
09.30 - 12.00
Valmøte distriktsråd omsorg
Valmøte distriktsråd hjelpekorps
Valmøte distriktsråd ung
Møte for lokalforeiningane
12.00 - 13.15
Lunsj
13.20
Oppmøte
13.30 - 18.00
Distriktsårsmøtet 2022
*Opning, konstituering og start av årsmøtetingingane.
*Gruppearbeid i samband med oppdatering av handlingsprogram
19.30
Fellessamvær før festmiddag
20.00
Festmiddag, formelt
Sundag 26. mars
09.00 - 10.00
Tema: Delegat i internasjonale operasjonar – opplevingar og erfaringar frå Ukraina.
Innlegg ved Røde Kors-delegat Åge Wiberg Bøyum, Lærdal Røde Kors.
10.00-10.30
Pause
10.30 - 13.00
Årsmøtetingingane held fram.
13.00 - 14.00
Lunsj
Takk for denne gong.
13:30 og utover vil Aurland Røde Kors halde dørene opne. Røde Kors-huset ligg på Onstad ved Aurlandsvangen. Stikk innom og bli inspirert!
NB! Siste frist for utsjekk er 12.00.
Prisar
Avtalt pensjonspris med hotellet for buande gjestar, inkl. festmiddag laurdag (pr. person):
Fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 3780,-
Fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 2880,-
Laurdag morgon – sundag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 2790,-
Laurdag morgon – sundag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 2290,-
Prisar for ikkje buande (pr. person):
Dagpakke laurdag med kaffipausar og lunsj: kr. 675,-
Dagpakke laurdag med kaffipausar, lunsj og festmiddag: kr. 975,-
Dagpakke sundag med kaffipausar og lunsj: kr. 675,-
Lokalforeiningane betalar for alle sine deltakarar samla (inkl. delegatar og observatørar frå lokalråd, avdelingar og grupper). Det vert sendt ut faktura etter avslutta årsmøte.
Påmelding
Kvart lokalråd kan delta med både leiar og nestleiar (to delegatar) i dei respektive valmøta til distriktsråda. I årsmøtet kan lokalforeiningane vere representert med inntil fire delegatar; ein frå lokalforeininga og ein frå kvart lokalråd. Lokale ledd kan ha med observatørar til alle møte.
Frist for påmelding 12. mars
Seint ute? Vil du melde deg på? Ta kontakt med rune.rajendram@redcross.no / 92426255
Påmelding Kveik
Vel møtt!
Beste helsing
Distriktsstyret
v/Synøve Sande, leiar
Har du spørsmål? Kontakt distriktet her.