Fylkestreff for ungdom
Velkomen til ein trygg, inkluderande og meistringsskapande møteplass – Røde Kors fylkestreff for ungdom 13+ på Skilbrei laurdag 21. til søndag 22. november.
På fylkestreffet vil du møte jamnaldrande frå rundt om i fylket og lære førstehjelp, personleg beredskap og gode humanitære verdiar som korleis gje ei hjelpande hand og bidra til å skape betre liv for andre.
Bli kjent med nye folk!

Samlingane våre er sosiale og inkluderande. Både deltakarane og arrangørane bidreg med påfunn og aktivitetar. Det er felles måltid i spisesalen. Vi søv på firemannsrom.
Lag mat ute!

Fylkestreffet er også ein plass deltakarane kan lære kva som skal til for å drive aktivitet som Røde Kors førstehjelp og friluftsliv (Røff) og Røde Kors Ungdom, og anna frivillig arbeid seinare.
Praktisk informasjon:
Stad: Skilbrei er eit leirsenter som ligg langs E39, 15 minuttar sør for Førde.
Tid: Laurdag 21. november kl. 10 til søndag 22. november kl. 14.
Transport: Det blir fellestransport frå Førde sentrum. Meir informasjon om transport blir sendt til deg direkte når du har meldt deg på.
Program vert annonsert snart!

Samlinga er arrangert av Distriktsråd Ungdom i Sogn og Fjordane Røde Kors. Følg oss på Facebook @sfrodekorsUng og få oppdateringar om treffet og andre aktivitetar.
