Velkomen til Kveik 2019!
Heilt ny eller erfaren i Røde Kors. Høyr på våre dyktige innleiarar, ta eit kurs eller jobb med idear saman med andre på Kveik-konferansen på Skei 18.–20. oktober 2019.
Kveik er ei samling for alle frivillige i Røde Kors. Her kan du oppdatere deg fagleg, finne inspirasjon, dele erfaringar med likesinna eller utvikle eigen aktivitet i verkstader med deltakarar frå heile fylket.

Program:
Vi legg opp til at du kan lage ditt eige program. Der det står "Parallell Kveik" skjer det mange ting samtidig - du vel deg programposten som høver deg best. Programmet som vi kallar "Felles Kveik" er retta mot alle i Røde Kors.
Parallell Kveik fredag 18-21
Utan fungerande styre eller råd, vil Røde Kors vanskeleg levere som forventa. Det kan vere avgjerande kva kandidatar valnemnda har klart å skaffe til årsmøtet. Av den grunn vert det ofte sagt at jobben til valnemnda er den viktigaste jobben som vert gjort.

Kurshaldar:

Målgruppe:
Medlemmer i valnemnder på alle nivå. Hugs å dele kursinformasjon til valnemndene i dykkar avdeling!
Lær å planlegge og gjennomføre ei beredskapsøving.
Det er eit stort fokus på øving i Røde Kors. No er det komt ein øvingsvegleiar og det er etablert eit øvingsbibliotek. Her kan du finne tips og råd, samt ferdige øvingar som du kan køyre direkte eller tilpasse til lokale forhold. Distriktet inviterar til stor felles øving 2.november der lokale ledd kan ta del å få øve på det dei vil. Dette kurset vil vere ein god start på deltaking i denne øvinga.
Innleiar:
Øyvin Rannem Lund, seniorrådgjevar samfunnsikkerheit og beredskap på Nasjonalkontoret til Norges Røde Kors.
Målgruppe:
Tillitsvalde og leiarar på alle nivå i Røde Kors.
Meir informasjon:
kontakt Pål A. Dahl ved distriktskontoret på 907 26 095 eller pal.andreas.dahl@redcross.no
Korleis kan vi følgje opp dei som har vore ute i særleg krevjande oppdrag?
Nokon gonger deltek ein på oppdrag som er menneskeleg svært krevjande. Då er det naturleg at leiarar i styrer, råd eller aktivitetsgrupper følgjer opp. Røde Kors tilbyr leiarar ein reiskap for å gjennomføre slike «ettersamtaler».
Ei ettersamtale er ein strukturert samtale, ein enkel metode å gå igjennom ei hending på, slik at ein får avstemt korleis det går. Det engelske ordet på metoden er «defusing», på godt norsk å lufte ut eller fjerne lunta. Ettersamtale er også med å førbygge posttraumatisk stress-syndrom.
Dette kurset skal sette lokale leiarar i stand til å halde slike samtaler rett i etterkant av hendingar. Ved vidare behov for oppfølging, vil distriktet sine samtaleleiarar bli kopla til. Dei har også tilgong på profesjonelle ressursar om nødvendig. Tilbodet erstattar ikkje oppfølging i helsetenesta.
Kurset har åtte plassar. Hovudinnhaldet i kurset, er at deltakarane får øve på gjennomføring av ei samtale.
Kurshaldar:

Målgruppe:
Tillitsvalde, aktivitetsansvarlege
Spar tid, pengar og miljø og lær deg å halde eit nettmøte!
Er det rett å bruke fritid på bilkøyring når vi kan treffast på eit nettmøte? Kurset gjev ein kort innføring i Teams og nettmøte, både det å sette opp eit slikt møte og ta del i andre sine møte.
Innleiar:

Målgruppe:
Alle som har trong for å halde eller delta på nettmøte.
Meir informasjon:
kontakt Pål A. Dahl ved distriktskontoret på 907 26 095 eller pal.andreas.dahl@redcross.no
Målet med grunnkurs i psykososial førstehjelp er at du skal du bli tryggare i å støtte og hjelpe mennesker i krise. Kurset er del av Røde Kors si grunnopplæring.
Læringsmål:
1. VÆR nærværande
2. LYTT merksamt
3. AKSEPTER ulike reaksjonar
4. GJE omsorg og praktisk hjelp
Kurshaldar:

Målgruppe:
Alle - del av Røde Kors grunnopplæring.
Meir informasjon:
Kontakt distriktskontoret i Sogn og Fjordane Røde Kors dk.sognogfjordane@redcross.no - eller via sentralbordet tlf 22 05 40 00
Lær meir om Røde Kors sitt arbeid med menneske i sårbare livssituasjoner, særleg dei som opplever einsemd og sosial ekskludering.
Temakurset skal heve kunnskapen til frivillige om korleis det er å vere besøksvenn gjennom oppgåver og refleksjon om rolla, målgruppa og praktisk gjennomføring.
Kurshaldar:

Målgruppe:
Frivillige i besøkstenesta
Meir Informasjon:
Henriette Solheim ved distriktskontoret, tlf 91599415, henriette.solheim@redcross.no
Kva er eigentleg status på migrasjonsfeltet og korleis gjer vi ein best mogleg innsats i aktivitet?
Hensikten med kurset er å gi informasjon om migrasjonsfeltet og betydninga av eit inkluderande samfunn. Kurset skal gjere den frivillige trygg og motivert i rolla som frivillig i migrasjonsaktivitetar. Kurset skal gje ein innføring i det mellommenneskelege då det er nettopp dette våre aktivitetar på migrasjonsfeltet dreier seg om.
Kurshaldarar:

Målgruppe:
Frivillige, eller interesserte i frivillig arbeid innan migrasjonsfeltet.
Vil du vite meir? Kontakt Henriette Solheim på distriktskontoret i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Meir informasjon:
Henriette Solheim ved distriktskontoret, tlf 91599415, henriette.solheim@redcross.no
Grunnkurs for deg som ynskjer å lære å bruke digitale kart. Alle deltakarar må ha med eigen PC.
Kurshaldar:

Målgruppe:
Leiar, operativ- og administrativ leiar (troikaen) i hjelpekorpsa og andre interesserte.
Meir informasjon:
Britt Tjønneland ved distriktskontoret, tlf 916 62 513, e-post britt.tjonneland@redcross.no
Lær å fylle ut viktige rapportar og skjema i hjelpekorpset.
Vi lærer å fylle ut SAR-rapport, GP- 1440 og AMIS og meir. Ta gjerne med eigen PC så kan vi jobbe saman.
Kurshaldar:
Stian Antonsen. Regionleiar Vest og medlem i Landsråd hjelpekorps. Vi kjenner han også som mangeårig leiar i d-råd hjelpekorps i Sogn og Fjordane.
Britt Tjønneland. Tilretteleggar hjelpekorps ved distriktskontoret i Sogn og Fjordane.
Målgruppe:
Leiar, administrativ- og operativ leiar (troikaen) i hjelpekorpset og andre med adm. oppgåver.
Meir informasjon?
Kontakt Britt Tjønneland på distriktskontoret viss du vil vite meir, tlf 916 62 513, e-post britt.tjonneland@redcross.no
Lær deg å bruka varslingsystemet UMS/Voice broadcast.
Grunnkurs for alle som kan ha behov for å varsle frivillige rakst og effektivt ved ulike hendingar, aksjonar og aktivitet. Alle deltakarar må ha med eigen PC.
Kurshaldar:

Målgruppe:
Tillitsvalde i lokalforeining, omsorg, hjelpekorps og ungdom.
Spørsmål?
Kontakt Britt Tjønneland ved distriktskontoret, tlf 916 62 513, e-post britt.tjonneland@redcross.no
Felles Kveik laurdag
Vi tek i mot nye deltakarar med enkel servering.
Distriktsstyret ved Synøve Sande ønskjer velkomen til Kveik.
Ein gjennomgang av aktuelle saker som ligg like bak oss og som kjem særs raskt:
- Jølster 30. juli. Vi ser attende på det som Jølster spesielt vart utsett for 30. juli i år og korleis dei handterte det.
- Beredskapsøving 2. november. Distriktet skal halde ei beredskapsøving 2. november - alle lokalforeiningane er invitert til å kople seg på.
- Ungdomsdelegatar frå Colombia. Vi får helse på våre to ungdomsdelegatar frå Colombia. Dei skal bruke Førde som utgangspunkt for aktivitet i distriktet dei neste ni månadene.
- Røde Kors Ungdom landsleir. Vi håpar å kunne avsløre om vi har fått rolla som vertskap for landsleiren for Røde Kors Ungdom i 2020.

I år har Sogn og Fjordane Røde Kors gjennomført ei evaluering av eiga drift. Denne blir presentert – saman med framlegg til tiltak og innspel til det nasjonale arbeidet med å utvikle Røde Kors sin organisasjon.
Bakgrunnen for dette er at Landsmøtet i 2017 gjorde vedtak om ein organisasjonsprosess. Distriktsårsmøtet i 2018 gav distriktsstyret oppdrag om å gjennomføre eit prosjekt i den samanheng, og som førte til ei evaluering av distriktsleddet. Evalueringa låg til grunn for innspel til den nasjonale organisasjonsprosessen. Dette innspelet ligg lenka til her. Rapporten frå evalueringa ligg føre rundt månadsskiftet september/oktober, og vil bli lenka til her.
Innleiarar:
Synøve Sande, Arve Sandal og dagleg leiar Dag Hovland i Sogn og Fjordane Røde Kors.
Korleis har Røde Kors klart å omstille seg til dei endringane rørsla har stått føre opp gjennom åra? Korleis ville stiftaren Henry Dunant vurdert det i dag, om han fekk høve?
Henry Dunant tok dei første initiativ på slagmarka i Solferino, og andre har kome til og bore vidare engasjementet knytt til å ta humanitære initiativ der det er trong for det. Røde Kors er ei verdsomspennande rørsle og har utvikla seg likt - og litt ulikt, for å møte ulike humanitære utfordringar. Gisle er utfordra til å tolke kva Henry (Dunant) sjølv ville ha sagt i dag, om han kunne ha uttalt seg om denne utviklinga.
Innleiar:

Nytt tida godt og snakk med folk!
Parallell Kveik laurdag 14.30 - 18.30
Lær å planlegge aksjonar ved hjelp av sykkelhjulmodellen. Sjå filmen ovanfor for å vite meir.
Innleiarar:

Målgruppe:
For korpsleiing og andre aktive i hjelpekorpset.
Med atterhald om endringar.
Spørsmål?
Britt Tjønneland på distriktskontoret, tlf 916 62 513, e-post britt.tjonneland@redcross.no
Velkomen til eit forum der erfarne og nye kurshaldarar møtest, blir kjende og samarbeider. Med von om læring, utvikling og inspirasjon.
På samlinga ser vi på organiseringa av kurs og opplæring i Røde Kors og korleis distriktet arbeider med opplæringsområdet. Ellers vil ha fokus på korleis vi kan skape gode kurs. Faglege spørsmål blir ikkje tema her, det blir handsama i eigne samlingar eller av fagleg ansvarleg. Som førebuing til samlinga er det flott om du tenkjer gjennom desse spørsmåla; Kva er eit godt kurs for deg? Korleis vil du beskrive ein god kurshaldar? Kva skapar godt læringsmiljø? Vi har begrensa med plassar, så ver rask med å melde deg på.
Innleiar:

Målgruppe:
Samlinga er for deg som er kurshaldar og deg som vil bli vår nye kurshaldar.
Lokalsamfunna våre treng ein humanitær pådrivar – og den pådrivaren kan vere Røde Kors. Gjennom innleiingar, drøftingar og gruppearbeid er målet med denne bolken å gje tankar om og kveik til å styrke denne store og viktige rolla lokalt.
I denne arbeidsverkstaden vil vi komme innom temaene: Rolla som humanitær pådrivar, glede, respekt og effektivitet = god samhandling, og lokal støtte - aktive og passive medspelarar.
Det vil skje gjennom forelesing og presentasjon av forskingsdata, refleksjon, nabosamtale og gruppearbeid.
Innleiar:

Målgruppe:
Tillitsvalde og andre frivillige som vil få med fleire i lokalt arbeide.
Førebuing for dei som ønskjer å delta på beredskapsøvinga 2. november.
I denne verkstaden vil de få høve til å jobbe fram eigne mål og hensikt med dykkar deltaking i øvinga. Døme på hensikt kan vere å forsterke samhandling med kommunen. Døme på mål kan vere å teste å avklare varslingslister. Det kan vere å øve på bestilling på evakuert/pårørandesenter frå kommunen.
Lokalforeininga tek utgangspunkt i eige planverk og øvingsbehov. For å få fullt utbyte av verkstaden, kan det vere greitt å delta på kurset i øvingsplanlegging på fredags kveld, men det er ikkje eit krav.
Det vil i tillegg vere gitt felles informasjon i plenum på laurdag føremiddag. I denne verkstaden kan ein gå grundigare til verks, slik at ein får størst mogeleg utbyte av øvinga 2. november.
Innleiar:

Målgruppe:
Lokalstyret og andre som kan ha ei rolle i beredskapsøvinga 2. november.
Einsemd kan råke oss alle. Einsemd er ei av dei største folkehelseutfordringane i dag, og er noko vi berre i lag kan løyse.
Kl. 14.30-15.10: Kven er einsame og kvifor? Kva aktivitetar har vi for og med einsame i vårt fylke?
Innleiar:

Kl. 15.30-16.10: Kva gjer andre? Ungdomsdelegatane frå Colombia delar sine erfaringar. Korleis jobbar våre samarbeidspartar i Georgia Røde Kors med einsemd?
Innleiarar:

Kl. 16.30-17.10: Rekruttering og samarbeid. Korleis få fleire med i aktivitetane våre? Kvar er ungdommen, og er vi gode nok til å inkludere dei når dei ynskjer å vere med? Viktig i denne bolken er erfaringsutveksling.
Målgruppe:
Alle som er interesserte. Omsorg og ungdom arrangerer.
Synlegheit er avgjerande for å rekruttere medlemmer, frivillige, donorar, skaffe sponsorar, samarbeidspartnarar – og hjelpemottakarar. Synlegheitsarbeid er ein viktig del av den humanitære innsatsen.
Difor held vi verkstad i synlegheitsarbeid.
- Deltakarane vert utfordra til å fortelje og syne korleis dei jobbar rundt om i sine avdelingar for å synleggjere sine aktivitetar, frivillige eller hjartesaker. Kva gjer de? Kvifor? Korleis? Kva fungerer? Kva fungerer ikkje? Føremålet er å lære av kvarandre og få idear til eigen innsats, anten de no står på stand, bankar på dører, heng opp plakatar, bruker sosiale media, ringer lokalavisa eller gjer noko heilt anna.
- Innleiar vil dele konkrete tips og råd til korleis bruke sosiale medier, få ting på trykk i lokalavisa eller kan fylle eigne nettsider for å fortelje publikum kva vi står for og kven vi er til for. Innleiar vil ta kontakt med deltakarane på førehand for å få eit bilde av kva behovet er.
- Kven kan ta seg av synlegheitsarbeidet? Kvalifikasjonar, opplæring, rekruttering til slikt arbeid, formalitetar.
- Det blir rom for praktiske øvingar.
Innleiar:

Målgruppe:
Frivillige i Røde Kors som har ansvar for synlegheitsarbeid (tillitsvalde), eller elles bidreg på området. Innleiar håpar at både du som har lang erfaring, litt erfaring eller berre akkurat skal i gong, melder deg på. Slik får vi ein god miks med erfaringar og læring.
Parallell Kveik søndag 09 - 12.30
Kl. 09.00 Nytt og nyttig frå distriktsråd omsorg
Kven er vi, og kva gjer vi? v/Arne Dale og Henriette Solheim
Migrasjonsfeltet i endring v/Torun Lucassen
Kl. 10.00 Nytt og nyttig frå lokalråd omsorg
Omsorg i beredskap v/Else Drageset, Jølster Røde Kors.
Frå paragrafar til handling – ein kamp om merksemda v/Eva Marie Halvorsen, Førde Røde Kors.
Kl. 11.45 Nytt og nyttig frå landsråd omsorg
v/ Marit Gjerstad, Landsråd omsorg
Det vert lagt inn pausar mellom bolkane.
Målgruppe:
Alle som driv med omsorgsaktivitet i Røde Kors, anten du er tillitsvald eller er aktiv frivillig.
Meir informasjon:
Kontakt Henriette Solheim, tilretteleggar omsorg ved distriktskontoret, tlf 91599415, e-post henriette.solheim@redcross.no
Informasjon og diskusjon om faglege, operative og administrative tema: frå fagleiarar og regionleiar om deira arbeid. Informasjon og diskusjon om operative og administrative tema som alarmering, kurs/opplæring, regodkjenning, oppdatering av alarmlister m.m. Det blir høve til å ta opp tema som er viktige for dykk.
Innleiarar:


Denne sesjonen er avlyst grunna få påmelde. Det planlagde programmet kan du lese nedanfor:
Vi set retning for framtida gjennom organisasjonsprosessen Røde Kors mot 2020-2030, internasjonalt distriktssamarbeid, styrka intern samhandling og forenkla administrative system:
- Røde Kors mot 2020-2030. Vi oppsummerer status og drøftar vidare arbeid etter evalueringa av distriktet. Det vert vidare ein gjennomgang av høyringsgrunnlaget som landsstyret skal ha sendt ut før Kveik. Distriktsstyret ynskjer å drøfte med lokalforeiningane kva prosess det skal leggast opp til mellom lokalforeiningane og distriktet fram mot landsmøtet i oktober 2020.
- Distriktssamarbeid med Georgia. Helga før Kveik har vi besøk av ein delegasjon frå Georgia. Ruta er føresett lagt ut til ulike lokalforeiningar i ulike delar av fylket. Vi oppsummerer inntrykka og erfaringane frå besøket, og drøftar kva direkte dialog og samhandling kan bidra til lokalt hjå oss sjølve. Internasjonalt utval ynskjer tilbakemeldingar på korleis vi kan engasjere lokalforeiningane ytterlegare i dette arbeidet.
- Rekneskap for lokalforeiningar. Dei siste åra har distriktet formidla rekneskapsløysingar for lokalforeiningar som er tilrådd frå nasjonalkontoret. I vinter vart det sett inntaksstopp for RRK (Rekneskap for Røde Kors). Det førte til at nokre av våre lokalforeiningar måtte finne alternative, kortsiktige løysingar. Vi er lova ei tilråding for korleis dette skal løysast for 2019, før Kveik.
- Lokal kapasitet 2.0. Sist vinter reiste distriktsrepresentantar rundt til og hadde møte med alle lokalforeiningane i distriktet. I etterkant har det vore dialog og samhandling med fleire om konkrete utfordringar som vart avklart i desse møta. I denne bolken vil vi presentere ulike måtar vi kan styrke den interne samhandlinga mellom lokalforeiningane i distriktet.
Innleiarar:
Distriktsleiar Synøve Sande, distriktsnestleiar Arve Sandal, dagleg leiar Dag Hovland, tilretteleggar for lokalforeiningane, Pål A. Dahl m.fl.
Målgruppe:
Tillitsvalde og medlemmer i lokalstyra og i distriktsleddet - og andre interesserte.
Påmeldingsfristen er gått ut, men det er enno ledige plassar!
Har du spørsmål? Kontakt dagleg leiar Dag Hovland.
Med atterhald om endringar.
Vel møtt!
Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors