Velkomen til Kveik 2021 – med jubileum!
Er du frivillig i Røde Kors og ønskjer påfyll? På Kveik-konferanse kan du høyre dyktige innleiarar, ta eit kurs eller jobbe med idear saman med andre frivillige. Skei 15. –17. oktober 2021.
«Kveik» er inspirasjon, fellesskap og læring med likesinna frå heile Sogn og Fjordane.
Vi gler oss veldig til å møtast att fysisk. Med det vaksineringstempoet vi har, er vi optimistar, og planlegg for å møtast. Vi vil legge til rette for ei gjennomføring i samsvar med gjeldande smittevernreglar.
75 års-jubileum
Denne helga vil vi også invitere til Sogn og Fjordane Røde Kors sitt 75-års-jubileum. Vi skal feire 75 år med innsats for menneskeverdet i Sogn og Fjordane. Du får både festmiddag og historiske tilbakeblikk.

Program:
Kurstilbod fredag 18.00 – 21.00
Nokon gonger deltek ein på oppdrag som er menneskeleg svært krevjande. Då er det naturleg at leiarar i styrer, råd eller aktivitetsgrupper følgjer opp. Røde Kors tilbyr leiarar ein reiskap for å gjennomføre slike "ettersamtaler", også kalla "defusing". Ei ettersamtale er ein strukturert samtale, ein enkel metode å gå igjennom ei hending på, slik at ein får avstemt korleis det går.
Kurshaldar er Anita Nelissen Leirvåg, som også held kurs i psykososial førstehjelp. Leirvåg har bakgrunn som psykiatrisk sjukepleier.
I kurset får du innblikk i kva som er gode rammer for ei slik samtale, og ein vil gå igjennom tema som er viktige å snakke om. Deltakarane får øve seg som samtaleleiar.
Målgruppa er leiarar eller andre eigna personar med høg tillit i organisasjonen.
Vi treng å gjere arbeidet vårt synleg, og til det treng vi gode talspersonar og kunnskap om korleis få ut viktige bodskap.

Kurset til ta føre seg: Kvifor kummuniserer vi i Røde Kors? Korleis kommuniserer vi? Kva er- og kven er talsperson? Mål og målgrupper, utforming av bodskap, innsal til journalistar, sjekklister talspersonen, områder å vise varsemd på, når Røde Kors får kritisk søkelys mot seg, rutiner under større hendingar, talsperson under hjelpekorpsaksjon.
Målgruppa er leiarar, tillitsvalde generelt, aktivitetsleiarar.
Kurset handlar om korleis snakke med barn og unge om noko vanskeleg. Kurset rettar seg mot frivillige og tilsette i Røde Kors som er i kontakt med barn og unge, og som i kraft av aktivitetane sine treng å være trygge på korleis dei skal møte og handtere situasjonar der ein deltakar fortel om vanskelege opplevingar.


Temakurs Besøksvenn har som føremål å bevisstgjere frivillege på kva behov besøkstenesta er meint å dekke i samfunnet og trygge frivillege i rolla sin. Dette gjerast ved å heve kunnskap om målgruppa, samt snakke om etiske problemstillingar og praktisk gjennomføring av aktiviteten. Det er og viktig å få kunnskap om besøksvennen si rolle, grensesetting og teieplikt.

Målgruppa for kurset er alle frivillige i besøkstenesta, eller medlemmer som ønskjer å bli det.
Dei tre grunnkursa for nye frivillige – introduksjon til Røde Kors, grunnkurs førstehjelp og grunnkurs psykososial førstehjelp – er slegne i hop til eitt startkurs. Startkurset skal motivere og engasjere nye frivillige og bidra til ein god start på reisa som frivillig. Når vi no tilbyr dette kurset på Kveik, er det ei god moglegheit for nye frivillige til å både få unnagjort obligatorisk grunnopplæring samstundes som ein blir betre kjent med andre frivillige frå heile fylket.

Målgruppe er alle nye frivillige i Røde Kors.
Praktisk bruk av varslingsysemet CIM og digitalt kartsystem SarTopo. Informasjon, utfodringar og høve til å ta opp tema.

Målgruppa er frivillige som er/skal bli brukarar av CIM og SarTopo.
Når krisa er eit faktum er det avgjerande at alle som tek del i arbeidet har same forståinga for korleis ein skal organisere seg, og korleis ansvar og oppgåver skal fordelast.
I lovene våre er det lokalforeiningsstyret som er ansvarlege for all Røde Kors-aktivitet i sine avdelingar og sitt område. For distriktsstyret gjeld tilsvarande, men for heile distriktet. Kva betyr det under ei uønska hending der eit eller fleire lokalsamfunn ynskjer hjelp frå beredskapsorganisasjonen Røde Kors? Korleis er ansvaret fordelt mellom distriktsstyret og lokalforeiningsstyret? Og kva med distrikts-råd og lokal-råd? Kva hjelp kan ein rekne med å få frå dei tilsette?
I denne arbeidsverkstaden tek vi ei gjennomgang av lovene, planverk for distrikt- og lokalforeiningane og «beste praksis». Vi skal også sjå på fordeling av ansvar og oppgåver internt i styret under ein beredskapssituasjon, når det er sett stab slik planverket oppmodar til. Hensikta er å etablere ei forståing for korleis ein best innrettar seg under ein beredskapssituasjon – lokalt og på distrikt.
Disposisjon
- Gjennomgang av relevante lover/paragrafer/instrukser/planverk
- Fordeling av ansvar/rolle distrikt og lokalt, organisatorisk/fag-linjene
- Kva tyder begrepa strategisk/operativt/taktisk?
- Politiet og kommunen er oftast våre oppdragsgjevarar – korleis er dei organsisert under krise?
- Kva er «stab» og korleis jobber ein stab?
- Litt om rolleavklaring internt i distrikt- og lokalstyre
- Litt om rolleavklaring frivillig/tilsett

Målgruppe
Her retter vi oss til dei som har ein styreplass i dag eller som ynskjer å ta ein plass i eit styre lokalt eller på distriktet framover.
Tida er knapp, og oppgåvene er mange. Sjølv om vi veit at vi burde jobbe med rekruttering, strekker ikkje tida til, og det blir nedprioritert. Vi hamnar med andre ord i en lei sirkel:
For få menneskelege ressursar – for lita tid – nedprioriterer rekruttering – for få menneskelig ressurser.
Dette kurset er meint å utstyre dykk med ein rekrutteringsstrategi de kan følgje, frå byrjing til slutt, for på den måten å auke talet på frivillige i lokalforeininga – og bryte den vonde sirkelen.
Kurset varer frå klokka 18 til 19. Kurset "Mottak av nye frivillige i Diba" byrjar 19.30, så det er mogeleg å melde seg på begge.
Målgruppa for kurset er leiarar og tillitsvalde.

Når ein potensiell frivillig vil melde seg til teneste i di lokalforeining, skjer det ofte via nettsidene. Desse førespurnadene må følgjast opp i frivilligsystemet Diba av den aktuelle lokalforeininga. Dette må gjerast både for å sikre at personen det gjeld, faktisk får oppfølging, og for at vedkomande skal bli registrert som frivillig i rett aktivitet.
Kurset varer frå klokka 19.30 til 21. Kurset "Målretta rekruttering av frivillige" varer frå 18.00 til 19.00, så det er mogeleg å delta på begge.
Målgruppa for kurset er aktivitetsleiarar og tillitsvalde eller andre som har har ansvaret for mottak av frivillige.
Felles Kveik laurdag

Etter halvtanna år med korona-avstand, kan vi endeleg samlast fysisk att. Distriktsleiaren vår, Synøve Sande ønskjer velkomen.

Thor Inge Sveinsvoll er president i Norges Røde Kors, og kjem til Sogn og Fjordane for å vere med å feire 75-årsjubileet. Han vil halde eit innlegg, men vil òg svare på spørsmål frå salen. Har du spørsmål til presidenten? Då kan du stille det her! Send det gjerne inn til dag.hovland@redcross.no på førehand.
I sommar gjennomførte vi tre Ferie for alle-leirar på Haugland med nærare 300 deltakarar. Dette er ein flott aktivitet som gjev deltakarane minne for livet.
Ferie for alle er Sogn og Fjordane Røde Kors sitt gratis ferietilbod til familiar med varig svak økonomi – familiar frå heile gamlefylket. Trass i at vi auka tilbodet med ei veke, var det langt frå alle som fekk plass, så behovet er stort.
Tilbodet er avhengig av frivillige, om lag 20 per leirveke. Å vere frivillig på ferie for alle gjev også minne for livet. Dei frivillige skryt over kor kjekt dei også har det. Det gjev deg dessutan verdifull kompetanse (opplæring) og erfaring.
Denne økta vil vi snakke litt om Ferie for alle og korleis vi kan jobbe for å sikre oss at vi klarar å gje flest mogeleg dette tilbodet. Kva kan lokalforeiningane gjere for å engasjere frivillige i sitt lokalsamfunn?

Ungdom sitt engasjement i Røde Kors varierer veldig rundt i Sogn og Fjordane. Difor har distriktet, med distriktsråd ungdom i spissen, tatt initiativ til å sjå på utviklinga av ungdomsarbeidet i distriktet, og korleis dette kan utvikle seg dei neste åra.
Distriktsrådet jobbar allereie med ulike variantar for korleis ein kan organisere ungdom i Røde Kors. Vi vil presentere nokre skisser i møtet, men like viktig er å få dykkar refleksjonar rundt dei, men også korleis de meiner vi må gå fram for å jobbe fram ein god ungdomsmodell og satsing på ungdom i Sogn og Fjordane.

Hjelpekorpsa har tatt i bruk eit nytt kartsystem som er eit fantastisk effektivt verktøy ved søk- og redningsaksjonar. Vi tenkte det ville vere nyttig og inspirerande å få innblikk i den nyaste teknologiske uviklinga i redningstenesta.

Orientering om aktuelle saker i Røde Kors – internasjonalt, nasjonalt og lokalt – og dessutan eit historisk tilbakeblikk på oss sjølv. Vi tek opp situasjonen i Afghanistan og spørsmål om flyktningar og busetting, nasjonal frivilligheitsundersøking i haust/vinter. I samband med at Coop blir ein del av Pantelotteriet, vil Rolf Kjetil Egge frå Coop Nordvest, orientere om Coop og mogelege måtar å samarbeide på. Dette og meir!

Det vert lunsjbuffet i restauranten.
Beredskap for alle.
Røde Kors er ein beredskapsorganisasjon. Alle frivillige kan bidra i den samanheng, men alle frivillige skal ikkje stå i frontlinja. Dei som er tettast på det som hender er avhengige av at nokon støttar dei. Denne "nokon" kan vere deg.
- Torer vi å svare på varsling frå Røde Kors? Demonstrasjon av CIM med SMS til alle i salen. Ved Pål Dahl, tilretteleggar for beredskap på distriktskontoret.
- Sambandsplattformar. Kva har vi i våre lokalforeiningar, og kven kan bruke dei? Er dette ting vi øver på? Ved fagleiar samband Morten Heggestad og vara til landsråd Hjelpekorps, Stian Antonsen.
- Roller og oppgåver under uønska hendingar. Frå varsling av lokalforeiningsstyret til setting av stab. Ved Pål Dahl.
- Informasjon ved uønska hendingar. Korleis dekker ein informasjonsbehovet internt, og kva med publikum? Ved Pål Dahl og Henning Hellebust, tilretteleggar for kommunikasjon ved distriktskontoret.
Programmet skal vere relevant for alle som er frivillige i Røde Kors. Deltakarne vert delt opp i grupper. Etter korte presentasjonar, får de jobbe med viktige problemstillingar.
Beredskapsøving
"Skade på eige mannskap" - med element frå gruppeoppgåvene.
Øvinga er open for alle. Det er ei diskusjonsøving, det vil sei at det som skjer, berre skjer på papiret, og så diskuterer gruppene løysingar og tiltak.
Ein på kvar gruppe får rolla som lokalforeiningsleiar, og informasjonen går til hen. Gruppa er under denne øvinga eit lokalforeiningsstyre som må diskutere kva dei vel å sette inn av tiltak og tilbod.
Scenario: Under eit søk- og redningsoppdrag blir eit mannskap skadd. Aksjonsleiaren varslar lokalforeiningsleiaren. Gruppa, "lokalforeiningsstyret" skal vidare løyse ulike utfordringar og bestemme kva tiltak som er dei rette.


Jan-Martin Berge besøker oss på Kveik 2021. Der skal han fortelje oss eit og anna om korleis vi kan bygge «mentale musklar» og skape arbeidsglede.
Jan-Martin er spesialist i klinisk psykologi og har over fleire år utvikla varemerket «akademisk stand-up», noko som har gjort han til ein ettertrakta og bejubla foredragshaldar med fantastiske tilbakemeldingar.
Det er berre å glede seg.
Om du vil lese meir om Jan-Martin finn du nettsida hans her.
Vi samlast til forfriskningar i hotell-lobbyen før kveldens middag.
Denne helga er det 75 år sidan Sogn og Fjordane Røde Kors vart skipa. Vi brukar denne kvelden til å feire fellesskapet med ein festmiddag.
Fagsamlingar søndag
09.00 – 09.45 Beredskap - korleis støtte førstelinja?
Kan vi tenkje oss ein annen måte å tenkje beredskap på? Der vi unngår å henge oss opp i begrepa hjelpekorps, omsorg og ungdom, men heller har fokus på første- og andrelinja i ein beredskapssitausjon? Vi tek ein diskusjon på dette, som eit steg i den vidare utviklinga av rolleforståing i Røde Kors knytt til beredskap.

10.00 – 10.30 Besøksteneste ung, kva og korleis
Bli betre kjent med oppstarten av piloten Besøksteneste ung i Førde, og korleis det har gått med rekruttering, kursing, og kva opplevingar dei unge frivillige har fått ved å besøke eldre på omsorgssenter. Kva suksesser, utfordringar og erfaringar har dei gjort seg? Kva bør andre lokalforeiningar tenkje på om dei sjølve ynskjer å starte opp besøksteneste ung?

10.30 – 10.45 Nytt om omsorgskurs
Det blir ein orientering om endringane i kursa i Røde Kors, med særleg fokus på omsorgskursa. I tillegg blir det orientering om arbeidet for å få kurstilbod ut til frivilligheita.

11.00 – 11.20 Ferieleirane - i resten av landet
Korleis jobbar resten av landet med Ferie for alle (FFA)? Kva kan vi lære av andre for å utvikle oss vidare? Korleis kan vi få fleire frivillige, for å unngå at kvaliteten på vårt eige tilbod blir dårleg?

11.20 – 11.45 Ferieleirane - korleis bli betre?
Vi jobbar vidare med det vi nettopp lærte om FFA rundt om kring i landet, og ser på konkrete utfordringar og løysingar for vårt eige arbeid med FFA.

12.00 – 12.20 Områdesamlingar - på ønskelista?
Er det ønskje om å ha omsorgssamlingar i Nordfjord, Sunnfjord, Indre- og Ytre Sogn?

12.20 – 13.00 Runde rundt bordet
Det blir høve til å dele litt om korleis det går lokalt, dele erfaringar, og stille spørsmål, slik at vi i fellesskap kan bidra til å styrke aktiviteten etter pandemien.
Arne Dale er møteleiar. Han er leiar av distriktsråd omsorg og tidlegare leiar og nestleiar av distriktsstyret.

Distriksrådsleiar Anita Kristin Vik og resten av d-rådet inviterer til ein dag med aktuelle tema og informasjon frå landsråd hjelpekorps, ressusgrupper og fagleiarar.
Det blir gjennomgang av kurs/samlingar, FORF-midlar frå Gjensidigestiftinga, midlar i søknadsportalen, SarTopo og meir.
Dette programmet vert oppdatert.

Samlinga byrjar fredag 15. oktober klokka 18 og er slutt søndag den 17. etter lunsj. Kveik vert arrangert på Thon Hotel Jølster på Skei. Du kan velge om du vil delta på heile eller berre deler av samlinga.
Å få kveik tyder å få ny kraft, nytt mot eller verte oppglødd.
Påmeldingsfristen er gått ut.
Vel møtt!
Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors