
Bli med på Kveik 2022!
Vi inviterer til inspirasjons- og læringshelg på Skei 21.-23. oktober for alle frivillige i Røde Kors i Sogn og Fjordane.
Er du frivillig i Røde Kors og vil ha litt fagleg påfyll og inspirasjon? På Kveik kan du velge mellom eit mangfald av kurs, få høyre gode foredrag, møte likesinna frå heile distriktet, ta del i diskusjon og eit triveleg fellesskap. Det er opp til deg om du vil delta heile helga, ein dag eller ein kveld, du er hjarteleg velkomen uansett!
Fredag kveld tilbyr vi rekordmange kurs; heile 15 ulike kurs frå dei fleste av Røde Kors sine aktivitetsområde. Saman skal vi lære, utvikle og gjere oss sjølv og Røde Kors enda sterkare og betre - til det beste for dei som treng oss.
Laurdag får vi besøk av Kadafi Zaman, utanriksreportar i TV2. Han vil fortelje om kva effekt humanitært arbeid kan ha for dei som er råka av krise eller konflikt. Morten Tønnesen-Krokan frå Norges Røde Kors ,vil orientere oss om korleis Røde Kors arbeider i konfliktområde.
Laurdag skal vi òg bruke tid på nye nasjonale satsingar innan førstehjelp og digitalisering. Korleis skal vi fylgje opp desse strategiane i Sogn og Fjordane? – i di lokalforeining? Den diskusjonen vil vi ha deg med på!
Søndag vert det fagsamlingar for frivillige som er aktive innan ung og omsorg, og innan søk og redning.
Å få kveik tyder å få ny kraft, nytt mot eller verte oppglødd.
Finn meir informasjon om dei ulike programpostane under her.
Meld deg på og velg dine kurs her.
Program:
Kurstilbod fredag 18.00 – 21.00
Dei tre grunnkursa for nye frivillige – introduksjon til Røde Kors, grunnkurs førstehjelp og grunnkurs psykososial førstehjelp – er slegne i hop til eitt startkurs. Startkurset skal motivere og engasjere nye frivillige og bidra til ein god start på reisa som frivillig. Når vi no tilbyr dette kurset på Kveik, er det ei god moglegheit for nye frivillige til å både få unnagjort obligatorisk grunnopplæring samstundes som ein blir betre kjent med andre frivillige frå heile fylket.
Kurshaldarar er Vigdis Løberg og Ingunn Nessen, leiar og nestleiar i Askvoll Røde Kors.
Målgruppe er alle nye frivillige i Røde Kors.

Målet med kurset er å bidra til å gjere deltakarne trygge i rolla som hjelparar for ramma i timane og dei første dagane etter at ei krise, ulukke eller katastrofe har skjedd.
Etter kurset skal deltakarane mellom anna ha fått kunnskap om korleis kriser, ulukker og katastrofer kan ramme, kunnskap om korleis ein kan lytte merksamt med ei aktiv og støttande haldning og forståing for korleis ein best kan møte ramma sine ulike kjenslemessige reaksjonar.
Målgruppe: Alle frivillige og tilsette i Røde Kors.

Målet med temakurset er å gjere frivillege medvitne på kva behov besøkstenesta er meint å dekke i samfunnet og trygge frivillege i rolla som frivillege. Dette gjerast ved å heve kunnskap om målgruppa, samt snakke om etiske problemstillingar og praktisk gjennomføring av aktiviteten. Det er også viktig å få kunnskap om besøksvennen si rolle, grensesetjing og teieplikt.
Målgruppa for kurset er alle frivillige i besøkstenesta, eller medlemmer som ønskjer å bli det.

Ved å delta på kurset vil du få forståing for kva oppvekstaktivitetar er, di rolle som frivillig samt kven aktivitetane er for. Vi brukar tid på relasjonsbygging mellom frivillige og deltakarar samt konflikthandtering. Det vil bli gjeve mange tips og råd som kan være godt å ta med seg.
Vi skal ha gruppe- og visualiseringsoppgåve og tid til eigenrefleksjon.
Målgruppe: frivillige som er i eller vil begynne i aktiviteten Bark, Røff og FFA og som elles er i kontakt med barn/ungdom i aktivitet. Kurset er opent for alle.
Kurshaldar: Lene Kurseth-Monsen

Temakurset skal gje informasjon om migrasjonsfeltet og betydninga av eit inkluderande samfunn. Kurset skal gjere den frivillige trygg og motivert i rolla som frivillig i migrasjonsaktivitetar. Det blir óg oppdateringar rundt Ukraina og utvikinga der.
Kurshaldar er Jan Børge Monsen.

Røde Kors skal avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding. Fakta og solid kunnskap om humanitære behov er avgjerande for å nå flest mogeleg på best mogeleg måte.
Morten Tønnessen-Krokan frå Noregs Røde Kors si eining Fakta og analyse kjem for å snakke om Ukraina og Røde Kors sitt arbeid der.


Nokon gonger deltek ein på oppdrag som er menneskeleg svært krevjande. Røde Kors har utvikla eit program for heilheitleg oppfølging for frivillige knytt til kriser, ulykker og katastrofer.
I kurset vil du som samtaleleiar få kunnskap om og ferdigheiter i å gjennomføre ettersamtale for frivillige og tilsette som har vore i aktivitet eller innsats i kriser, ulukker eller katastrofer på vegne av Røde Kors.
Etter endt kurs skal deltakeren ha fått:
- innsikt i helheitleg program for ettersamtale i Røde Kors
- kjennskap til si rolle som samtaleleiar
- kjennskap til og å øve på dei fem fasane i ei ettersamtale
- kjennskap til kriteria for nivå 1
Kurshaldar er Henning A. Hellebust

Forkortinga DHLR står for ”HLR med defibrillering”, det vil sei hjerte-lungeredning (HLR) med bruk av hjertestartar.
Kurset egnar seg for alle som har påtatt seg frivillig beredskap. Målet er at du etter kurset skal kunne utføre DHLR på en trygg og forsvarleg måte.
Kurshaldar er Victoria Hamrebø frå Flora Røde Kors Hjelpekorps.

CIM-varslingssystem:
Grunnopplæring for alle som skal nytte seg av CIM i forbindelse med infomelding, møteinnkalling, aksjon og anna beredskapsvarsling lokalt og på distriktsplan.
Alle deltakara må ha med eigen PC for å delta på kurset og det er kun medlemmar med leiarverv som i utgangspunktet har tilgang til varslingssystemet.
Kurshaldar er Espen Rysjedal
Sar 2.0:
Sar 2.0 er det nye systemet for SAR-rapportering ifm. søk og redning, samt at det erstattar «gamle» GP1440 for innsending av refusjonskrav. De vil få ein times innføring i systemet av Bjørn H. Winge


SARTopo, digitalt kartsystem.
Kurset/foredrag tek for seg bruk av SARTopo i aksjonsleiing og praktisk bruk på nettbrett for mannskap i felt. Du vil få innføring i dei ulike funksjonane og korleis nytte systemet i felten. Det blir lagt opp til ei lita runde ute for praktisk bruk på nettbrett. Dersom korpset ikkje har nettbrett sjølve har SFRKH dette disponibelt. Deltakerane bør og ha med PC for første del. Retningslinjer og veileder for SARTopo vil bli sendt ut til påmeldte deltagere før samling
Målgruppa er frivillige som er/skal bli brukarar av SarTopo.

Kurset skal sikre at frivillige i Røde Kors har ei grunnleggande forståing av kva det vil sei at Røde Kors er ein beredskapsorganisasjon. Kurset skal gje god forståing for korleis lokalforeninga jobbar med beredskap, og gje innsikt i dei frivillige si rolle i det lokale beredskapsarbeidet.
Kurset er for alle frivillige i Røde Kors som ynskjer å lære om beredskap og dei frivillige si rolle i det lokale beredskapsarbeidet.
Kurshaldar er Pål Andreas Dahl

Dette kurset vil innehalde opplæring i dei ulike digitale hjelpemiddel som blir brukt i Røde Kors. Me skal innom Korsveien, Teams, Office 365, DiBa og "Mitt Røde Kors". Det blir praktiske oppgåver og moglegheit til å stille spørsmål og komme med utfordringar de treng hjelp med. Hugs å ta med PC eller nettbrett og mobil.

Kvifor skal vi vere synleg i sosiale medier? Kva og kvifor kommuniserer vi i Røde Kors? Kva er eit godt bilete i sosiale medier? Korleis kan ein med enkle grep ta betre mobilbilete? Kva fungerar på dei ulike platformene og korleis utforme gode bodskap.
I løpet av kurset vil vi sjå på gode døme på kva som fungerar i sosiale medier og du vil få enkle foto-oppgåver.
Ta med mobil eller nettbrett.
Kurshaldar er nytilsatt kommunikasjonsrådgjevar på distriktskontoret, Lene Sørøy Neverdal.

Stortingspolitikar Torbjørn Vereide kjem for å gje oss i Røde Kors litt tips og triks i presentasjonsteknikk og formidling.
Torbjørn har god erfaring i presentasjonsteknikk og formidling som folkevald, og vil dele litt av sin kunnskap med oss. Torbjørn er i dag ein av Sogn og Fjordane sine fire representantar på stortinget.
Eit tilbod til instruktørar, kursholdarar eller medieansvarlege lokalt. Input, tips og verktøy.

Vi får faglig påfyll, oppgaver og diskusjoner knyttet til økt deltakelse, rekruttering og inkludering fra Vanja Konradsen, prosjektleder i Frivillighet Norge.

Kurset er for frivillige som er med i ein valkomité i lokalt eller på distriktsnivå i Røde Kors, og vil handle om arbeidet i valgkomiteen, metodar for å finne eigna kandidater til styre og råd, førebuing og samtale/intervju med kandidaten, innstilling til årsmøtet og gjennomføring av val. Etter endt opplæring har deltakaren fått oversikt over valgkomiteen sitt ansvar og oppgåver, fått kjennskap til korleis ein kan finne eigna kandidatar til styre og råd, og vorte tryggare på korleis innstilling og val kan og gjennomførast.
Kurshaldar: Øivind Granlund, mangeårig tilsett i ulike avdelingar i Røde Kors, og dei siste åra mellom anna arrangementsansvarleg for landsmøta. Er no aktiv pensjonist, og mellom anna medlem av distriktsstyret i Buskerud Røde Kors.

Felleskveik laurdag
Litt førebuing, nokre enkle køyrereglar for gjennomføring, og litt etterarbeid, så har du lagt grunnlag for eit godt møte. Kva og korleis? Kom og få nokre tips!
Har du deltatt i møte der mykje tid går vekk i prat som har lite med det du meinte skulle drøfast? Du har kanskje kome i møte utan å vite kva som skulle diskuterast? Eller opplevd å ikkje kome til orde fordi det er nokon få som dominerer saka eller forsamlinga? I så fall er det ikkje ukjent.
Nokre vil sei at i ein frivillig organisasjon må vi kunne snakke om litt andre ting enn alt det formelle og kjedelege, byråkratiske – at vi må kunne vere litt meir fleksible og lauslupne, meir sosiale. Det er det lett å vere samd i. Vi skal ha det kjekt i lag.
Men kanskje er det mogeleg å få til begge delar? Vi er mange ulike personar i ein organisasjon, og det å vere tydeleg på når ein er samla for å handsame saker, og når ein skal ha det enda meir triveleg, kan vere greit for alle partar. Det skapar tryggleik; i formelle samanhengar har vi formelle roller, og det kan vere greit å ha som utgansgpunkt.
Kurshaldar: Dag Hovland, dagleg leiar ved distriktskontoret i Førde.

Dei timane felleskveiken varer laurdagen vil vi komme innom mange ulike og kvar for seg interessante tema.
Det internasjonale perspektivet

Den kjente TV2-journalisten Kadafi Zaman har jobba som journalist i 20 år og levd eit eventyrleg liv. Han har dekka mange hendingar i inn- og utland. Alt frå terror, katastrofar, biljakter og ekstremistar for å nevne noko. Reporteren har jaga gangsterar og vorte overfalle under revolusjoner, han har dekka dei grusomste katastrofane og vorte kasta på cella i si evige jakt etter nyhende.
Kadafi si historie kunne ha sett heilt annleis ut og han kunne levd på den andre sida av kloden, i Pakistan som bonde. Men far hans valde det annleis og flytta til Noreg for 50 år sidan. Her jobba han doble skift for å sikre ei framtid for barna sine. Kadafi sin pakistanske bakgrunn har gjeve han andre inngangar til nyhendesakene.
Kadafi Zaman kjem for å snakke om kva påverknad humanitært arbeid har for menneske på flukt og kva effekt dette arbeidet har i konfliktområder.

Morten Tønnesen-Krokan har vore engasjert i ulike avdelingar i Norges Røde Kors. Han er seniorrådgiver for Region Latin-Amerika og Europa, arbeider no med humanitære behov og analyser. Han skal orientere oss om korleis Norges Røde Kors arbeider krise- og konfliktområder, i tett samarbeid med andre nasjonale Røde Kors-foreiningar, Føderasjonen av nasjonalforeiningar, og med Den internasjonale Røde Kors-komiteen.
Vår personlege kunnskap om førstehjelp.
Fleire har opplevd at andre trer til side for å sleppe dei fram når nokon fell om på gata. –‘Du er jo i Røde Kors’, vert det sagt. Og med det ei oppfatning om at denne situasjonen kan trygt overlatast til rødekorsaren. Landsstyret har vedtatt ein ny nasjonal førstehjelpsstrategi, og ein av målsetnadene er at kvar frivillige og medlem i Røde Kors skal få litt meir kunnskap om førstehjelp. Under Kveik vil vi på ulikt vis involvere og engasjere alle deltakarane på Kveik til å meine noko om korleis vi skal ta denne satsinga vidare i våre lokalforeiningar i Sogn og Fjordane. Treng vi meir kunnskap om og øving i førstehjelp, og korleis vi skal opptre om noko skjer?
Beredskap og førstehjelp vert gjerne sett på med stort alvor, og i samband med kriser og katastrofer. Men det treng ikkje vere det. I denne bolken av programmet skal vi prøve å finne ei godlynt innfallsvinkel til temaet.
‘Make Korsveien great again!’
Godlynt innfallsvinkel skal vi òg prøve å få til når det gjeld temaet digitale løysingar i Røde Kors. På den eine sida har vi ein del fellessystem som mange er flinke til å bruke, og så har vi nokre system som er på plass som kvar og ein no vil kunne dra nytte av – særs enkelt og greit. Vi vil presentere status for nokre av fellessystema – som Korsveien, og vi vil presentere det nye ‘Mitt Røde Kors’ som ein del har tatt i bruk, men som mange kanskje ikkje kjenner til. Distriktsleiaren går inn i rolla som Systematiske Synøve, og dagleg leiar som Digitale Dag i denne bolken, og dei vil få hjelp av fleire andre gode krefter.
Ærleg evaluering
Kvifor skal vi evaluere oss sjølv og det vi gjer i Røde Kors? Og kor enkelt er det å få ærlege svar som vi kan bruke til å bli betre? Har vi ein kultur – i di aktivitetsgruppe eller korps, i di lokalforeining, eller i ditt styre eller råd, som ser attende og evaluerer det som er gjort? Gjennom ulike scenarier som vert presentert på ulikt vis, skal vi legge til rette for at deltakarane på Kveik får drøfta dette temaet.
Andre aktuelle saker
Ferie for alle og rekrutteringskampanje er alt spelt inn som tema for felleskveiken. Fleire saker vil kome til etter kvart. Spel gjerne inn om det er tema eller saker du ynskjer skal bli tatt opp. Vi har òg førespurnader ute til ressurspersonar som vi ynskjer skal vere med oss under årets Kveik, men det må vi få kome attende til.
Detaljert program vert presentert på eit seinare tidspunkt.
Fagsamlingar søndag

Leiar for Distriktsråd Omsorg, Arne Dale og leiar for Distriktsråd Ung, Jostein Vedvik og resten av d-råda inviterer til ein dag med aktuelle tema og informasjon om noko av det som rører seg innan Omsorg og Ung i Røde Kors.
09.00 – 09.45 Besøksteneste ung
10.00 – 10.45 Beredskap / CIM / Førstehjelpsstrategien
11.00 – 11.45 Samarbeid mellom ungdom og omsorg elles i landet
12.00 – 12.45 Ferie for alle
Programmet vert oppdatert med meir innhald.

Distriksrådsleiar Anita Kristin Vik og resten av d-rådet inviterer til ei fagsamling der fleire av samarbeidspartane under FORF-paraplyen (FORF = Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum) vil delta. Det vil bli utveksla informasjon om samhandling mellom desse, og samlinga vil ha særleg fokus på leiing i søk og redning. Det vil såleis vere viktig for hjelpekorpsa sine aksjonsleiarar å delta på samlinga, men den er òg open for andre interesserte.
Programmet vert oppdatert.

Kveik startar med kursrekka fredag 21. oktober klokka 18 og vert avslutta med fagmøta søndag 23. etter lunsj – om ikkje anna er opplyst. Kveik vert arrangert på Thon Hotel Jølster på Skei. Du kan velge om du vil delta på heile eller deler av samlinga.
Påmeldingsfrist for garantert overnatting på hotellet er 30. september
Vel møtt!
Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors