Både nyte sommaren og jobbe saman for ei betre verd? Velkomen til Røde Kors sin landsleir på Haugland i Sogn og Fjordane 30. juni til 4. juli 2021!
Bli med oss på Norges største humanitære ungdomsverkstad! Røde Kors-ungdom frå heile landet samlast på nydelege Haugland i Sogn og Fjordane for fire dagar med komboen innsats for andre og sommarmoro.
Vi er stolte av å presentere mange dyktige innleiarar som kvar på sin måte står på for ei betre verd. Vi håpar dei vil gje deg kunnskap og inspirere deg til å jobbe vidare med internasjonale, nasjonale og lokale humanitære utfordringar.
Program
Velkomen ved leirsjef Solveig Ugland, leiar i Landsråd ungdom og Jon Atle Rise, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom og leirsjef.
Vi treng ei innføring i det som er positivt, moglegheitane vi har til å redde klimaet. Inntrykket i media er stort og negativt. Det vanskeleg å forholde seg til, og bidreg til ein følelse av håplausheit. Innleiar er Knut Ivar Karevold.
Knut Ivar Karevold er dagleg leiar i Institutt for Klimapsykologi. Klimapsykologane si verksemd fokuserer på korleis påvirke firma og folk til meir bærekraftige og klimavenlege val. Dei driv med foredrag, kurs og anna formidling. Karevold er utdanna psykolog, har jobba 30 år som organisasjonspsykolog, har undervist på BI og vore gjesteforskar ved Harvard Business School. Ein av grunnleggarane bak www.psykopizza.no.
Han vil snakke om:
Opning - med optimistisk perspektiv på natur og klima - men også tydelege forklaringar på korleis dette er ein krevjande kamp.
Nokon spørsmål til diskusjon og refleksjon. Diskusjon basert på spørsmålskort.
Nokon tankar om løysningar: Kva kan vi faktisk gjere, gjere noko med og påverke?
Diskusjon av den enkelte sine val og løysningar.
Oppsummering og hovedpunkt.
1200 – 1400 Lunsj
1400 – 1700 Beredskap
Atomvåpen og deira øydeleggande effekt på verda.
Innleiing ved Tuva Krogh Widskjold.
Tuva Widskjold er koordinator for Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen i Norge (ICAN Norge), ein koalisjon av nesten 60 norske organisasjonar som jobbar for at Norge skal slutte seg til FN sitt atomvåpenforbud. Tuva har en mastergrad i fredsstudiar frå Universitetet i Innsbruck i Østerrike og har tidlegare leia ungdomsorganisasjonen Changemaker.
Krisa i Gjerdrum.
Røde Korsarar som jobba med leirskredet i Gjerdrum, vil snakke om korleis dei jobba med sosiale treffpunkt.
Etter innleiingane vil det bli jobba i grupper med problemstillingar som er relevante for Røde Kors.
1700 Middag
Kveldsaktivitet
Tubekøyring, kano og sup-brett på fjorden. Fotball- og volleyball-cup. Vi har bål og gitar - du syng :)
0900 – 1200 Psykisk helse
Pandemien sin effekt på unge si psykiske helse.
Pandemien har gjort ei sårbar gruppe meir sårbar. Barn og ungdom opplever meir vald heime. Dei opplever håplausheit. Dei opplever isolasjon og manglande sosial kontakt. Kva kan vi gjere, både som talspersonar og aktivitetsleiarar, for å gjere situasjonen betre for barn og unge gjennom våre "Sosiale treffpunkt"? Innleiar er Inge Nordhaug.
Inge Nordhaug har arbeidd som klinisk sosionom innan barne- og ungdomspsykiatri i nærare 30 år, og hjå RVTS (ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) sidan 2006. Har tidlegare leia prosjektet «støtte til seksuelt misbrukte barn».
1200 – 1400 Lunsj
1400 – 1700 Mangfald
Korleis kan vi sjølv bli betre på å inkludere mennesker frå fleire bakgrunnar, særleg dei med innvandrarbakgrunn? Innleiar er Marit Erdal.
Marit Erdal er programrådgjevar i Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid). Marit er leiar i Norec si arbeidsgruppe for mangfald og likestilling. Ho forvaltar tilskot til internasjonale utvekslingsprogramm, og rettleiar organisasjonar slik at dei kan gjennomføre gode utvekslingsprosjekt. Marit har brei internasjonal erfaring etter å ha vakse opp, studert og jobba i fleire land i Europa og sørlige Afrika, og følgjer no også opp utvekslingsprosjekt i mellom anna India, Nepal og Bangladesh.
Etter innleiingane vil det bli jobba i grupper med problemstillingar som er relevante for Røde Kors
1700 Middag
Kveldsaktivitet
Tubekøyring, kano og sup-brett på fjorden. Fotball- og volleyball-cup. Konsert med Gulla og DJ.
0900 – 1200 Leiing
Leiing og organisasjonskultur.
Korleis bygge ein organisasjonskultur som gjev gode og organiserte lag. Innleiing blir ved Steffen Mio Kristiansen.
Steffen Mio Kristiansen frå Bodø Røde Kors er medlem i landsstyret. Der har han vore medlem sidan 2017. Han har også vore med i landsråd Ungdom, og er aktiv som frivillig i Leksehjelp og Ferie for alle. Steffen har ei lang rekke verv bak seg frå ulike organisasjonar, som Natur og Ungdom, Rednignsselskapet, Operasjon dagsverk, eleveroganisasjonen og idretten. Han jobbar for Student i Nord og er dagleg leiar for handballklubben i byen.
1200 – 1400 Lunsj
1400 – 1700 Kurs
Det blir tre parallelle tilbod denne ettermiddagen med eingen påmelding.
Engasjement med Steffen Mio Kristiansen.
Kurs i leiing.
Introduksjon til aktiviteten Treffpunkt.
1700 Middag
Kveldsaktivitet
Tubekøyring, kano og sup-brett på fjorden. Guida fjelltur. Talentiade og prisutdeling.
Sosialt kveldsprogram
Landsleir er sjølvsagt fellesskap, opplevingar, moro, meistring. Det blir kanoar, sup-brett og tube på fjorden, dyktige dj’s skaper liv, vi skal ha fotball- og volleyball-cup og talentiade. Og så har vi booka Gulla til å spele for oss. Sjekk ut video nedanfor!
Korona: Landsleiren skal følge smittevernreglane og vere trygg å delta på. Sidan reglane varierer frå veke til veke, så er det ein del praktiske detaljar vil vi ikkje får på plass nett enno.
Overnatting: Overnatting er i internatbygg med fem-sengs rom med eige bad og sengetøy, fordelt på kjønnsdelte rom. Måltid vert servert i skulen si kantine. Det faglege programmet vert gjennomført i auditorium og klasserom, og den sosiale delen i kulturhus, og utandørs - i, ved eller på Flekkefjorden.
Transport:Haugland ligg tre kvarter frå næraste flyplass (Førde lufthavn Bringeland), og tre timar køyring frå Bergen. Det kjem dagleg ekspressbussar frå Trondheim, Ålesund, Oslo og Bergen til Førde. Vi organiserer fellestransport frå Førde til Haugland.
Vi gler oss veldig til å møte deg på Haugland i sommar!
Beste helsing Sogn og Fjordane Røde Kors Røde Kors landsråd ungdom.
Spørsmål?
Sekretariatet for landsleiren ligg på distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors i Førde. Spørsmål rettast til irene.groneng@redcross.no, eller på telefon 2205 4000.