Velkomen på Landsleir på Haugland i Fjaler, Sogn og Fjordane. Foto: Jostein Vedvik/Røde Kors

Røde Kors Ungdom landsleir!

Både nyte sommaren og jobbe saman for ei betre verd? Velkomen til Røde Kors sin landsleir på Haugland i Sogn og Fjordane 26.-30. juni 2019.

Denne veka kjem Røde Kors-ungdom frå heile landet for å delta på Landsleir. Vi jobbe med internasjonalt engasjement, integrering, ung helse, beredskap og anna innsats i lokalsamfunnet. I tillegg blir det rikeleg med fjordliv, disco og festivalstemning.

 

2019_Landsleir_innleiarar_collage_1875x980_oppdatert_Heggdal
Her er nokon av dei du får møte på landsleiren: Tuva Fellmann (P3), Inge Nordhaug (RVTS), Hanne-Marie Heggdal (visepresident Norges Røde Kors), Tore Storehaug (stortingsrepresentant), Sophia Hejndorf (Stockholm Røde Kors Ungdom), Leo Ajkic (Uro), Tora Toreng (Norec), Dag Inge Ulstein (utviklingsminister), Liv Ronglan (Røde Kors).

Program

Onsdag - velkomen!

Torsdag - internasjonalt engasjement

Fredag - lokalt engasjement

Laurdag - ditt og mitt engasjement

Søndag - avslutning

Sosialt fellesskap

Programmet vert oppdatert med spennande gjester og tema fortløpande. Følg med!

Henry Land Ellen Aabol
Premierekonsert: Ellen Aabol og Henry Land. Ellen Aabol er 18 år og jobbar som influencar, låtskriver/artist og er ein av norges største youtubarar. Henry Land har millioner streams på soundcloud, har ved fleire høve varma opp for Matoma, og har slept eigne låtar hjå MTG Music. Dei to har byrja på eit samarbeid, og vil ha premiere på nye låtar for landsleiren. Etterpå vil Henry Land levere hits resten av kvelden. Fredag 29. juni.
romklang
Dans på lokkalet: dansebandet Romklang covrar kjente contry-, pop-, gammalrocklåtar og balladar. Med Romklang får du garantert høyre din gamle favoritt eller guilty pleasure. Kan ikkje danse? Fortvil ikkje - landsleiren køyrer swingkurs kvar kveld fram mot dansen, som sjølvsagt er Laurdags kveld.

Kva er Haugland?

På Haugland går elevar frå 85 land på Røde Kors Nordisk United World College. Der er det ein eigen leirskule og du finn Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, som hjelper 1300 pasientar årleg. Alt dette har komt i stand fordi Sogn og Fjordane Røde Kors arva eigedomen Haugland av Christian Bekker i 1980 – for at den skulle komme unge til glede.

Praktisk informasjon

Overnatting: Overnatting er i internatbygg med fem sengs-rom med eige bad og sengetøy, fordelt på kjønnsdelte rom. Måltid vert servert i skulen si kantine. Det faglege programmet vert gjennomført i auditorium og klasserom, og den sosiale delen i kulturhus, og utandørs - i, ved eller på Flekkefjorden.

Transport: Haugland ligg tre kvarter frå næraste flyplass (Førde lufthavn Bringeland), og tre timar køyring frå Bergen. Det kjem dagleg ekspressbussar frå Trondheim, Ålesund, Oslo og Bergen til Førde.

Det vert sett opp fellestransport frå Førde sentrum og Førde lufthavn til landsleiren på Haugland onsdag 26, og retur etter avslutting søndag 30.  Bussen tek cirka ein time frå Førde, 20 minutt kortare frå flyplassen.

Vi tilpassar denne transporten til deltakarane sin ankomst med buss eller fly, men håpar å få flest mogeleg til Haugland til lunsj klokka 15.00. Leiren vert opna klokka 17.00. Offisiell avslutting er søndag klokka 09-10, med rydding i etterkant.  

Betaling: Deltakaravgifta er kr. 1500,- for Røde Kors-medlemer, og kr 3100,- for andre.

Registrer om du er medlem eller ikkje i påmeldingsskjemaet. Påmeldingslista vert sjekka mot medlemsregisteret for å sikre at rett deltakaravgift vert fakturert.

Reisekostnader for inntil fem deltakarar frå kvart av dei nordlegaste fylka (Nordland, Troms og Finnmark), vil bli subsidiert for å bidra til at reisekostnadane ikkje skal bli særs mykje høgare enn frå andre stader i landet.  

Bli medlem!

Tryggleik

Det vil vere døgnbemanna sekretariat under heile landsleiren, med vakse personell med kunnskap om førstehjelp og psykososial førstehjelp. Det er utforma beredskapsplanar for institusjonane på Haugland og for sjølve landsleiren, der dialog med aktuelle offentlege etatar inngår.


Hjarteleg velkomen!
Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors
Røde Kors landsråd ungdom.

Haugland i solnedgang. Foto: Jostein Vedvik.

Spørsmål?

Alle spørsmål Sekretariatet for landsleiren ligg på distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors. Spørsmål rettast til Thor.Mehammer@redcross.no, eller på telefon 904 74 445.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler