Røde Kors Ungdom landsleir!

Både nyte sommaren og jobbe saman for ei betre verd? Velkomen til Røde Kors sin landsleir på Haugland i Sogn og Fjordane 24. – 28. juni 2020.

På grunn av Korona-pandemien, tar vi ein time-out i planlegginga av landsleiren. Vi kjem tilbake med oppdatert informasjon om gjennomføring, når vi har grunnlag for det.

I mellomtida - unngå smittefare og ta vare på dine!

 

I sommar har du sjansen til å engasjere deg i Norges største humanitære verkstad. Røde Kors-ungdom frå heile landet samlast på nydelege Haugland i Sogn og Fjordane for fire dagar med komboen innsats for andre og sommarmoro.

Program

Onsdag 24. juni

Torsdag 25. juni

Fredag 26. juni

Laurdag 27. juni

Søndag 28. juni

 

Selda og Kamzy - portrett av våre innleiarar.
På landsleiren kan du blant anna møte fysikar og programleiar Selda Ekiz (foto: Nadia Frantsen), som skal snakke om klima og haldningar, og varaordførar i Oslo, Kamzy Gunaratnam, som skal snakke om personleg engasjement. Les om alle våre innleiarar i programmet!

Klima blir hovudtema

Årets store tema er konsekvensane av klimaendringar. Kva kan Røde Kors kan gjere for å hjelpe klimaflyktningar, og korleis skal vi stille opp når ekstremvêr treff våre eigne lokalsamfunn? Vi skal også trimme vårt personlege engasjement og bli enno betre på å bygge lag – avgjerande for å kunne hjelpe andre.

LL20_sosialt_3_runa

Sosialt kveldsprogram

Landsleir er også fellesskap, opplevingar, moro, meistring. Vi har funballz, kanoar og tube på fjorden, dyktige dj’s skaper liv, vi skal ha fotball- og volleyball-cup og talentiade. Og så vil artistane Gulla og Sofia spele for oss. Sjekk ut videoane nedanfor!

Kva er Haugland?

På Haugland går elevar frå 85 land på Røde Kors Nordisk United World College. Der er det ein eigen leirskule og du finn Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, som hjelper 1300 pasientar årleg. Alt dette har komt i stand fordi Sogn og Fjordane Røde Kors arva eigedomen Haugland av Christian Bekker i 1980 – for at den skulle komme unge til glede.

Praktisk informasjon

Overnatting: Overnatting er i internatbygg med fem-sengs rom med eige bad og sengetøy, fordelt på kjønnsdelte rom. Måltid vert servert i skulen si kantine. Det faglege programmet vert gjennomført i auditorium og klasserom, og den sosiale delen i kulturhus, og utandørs - i, ved eller på Flekkefjorden.

Transport: Haugland ligg tre kvarter frå næraste flyplass (Førde lufthavn Bringeland), og tre timar køyring frå Bergen. Det kjem dagleg ekspressbussar frå Trondheim, Ålesund, Oslo og Bergen til Førde. Vi organiserer fellestransport frå Førde til Haugland.    

LL20_sosialt_4

Pris og betaling 

Pris for å delta på landsleiren er 1500 kroner for medlemmer. Andre betalar 3100 kroner. Ta kontakt med ditt Røde Kors distriktskontor for å sjekke om du er medlem. 

Bli medlem!

Prisen dekker overnatting onsdag til søndag, alle måltid, alt fagleg og sosialt program og fellestransport til og frå Førde.   

Etter at du har meldt deg på, vil du bli kontakta av ditt Røde Kors distriktskontor. Dei vil avklare kven som skal betalenokon stader er det lokalforeininga du er medlem i, andre stader må du betale sjølv. Påmeldinga blir godkjent når medlemsskap og betaling er avklart.  

Påmelding

Som du sikkert forstår, så gleder vi oss vannvittig mykje til Røde Kors Ungdom Landsleir 2020. Hjarteleg velkomen til deg!


Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors
Røde Kors landsråd ungdom.

Haugland i solnedgang. Foto: Jostein Vedvik.

Spørsmål?

Sekretariatet for landsleiren ligg på distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors i Førde. Spørsmål rettast til irene.groneng@redcross.no, eller på telefon 904 74 445.

Vi jobbar framleis på spreng med å lage eit best mogeleg program. Det tar litt tid å få spikra alle våre dyktige inneliarar - følg med, vi oppdaterer så snart det er klart. Det er mange involvert, og det er langt fram til juni, så vi må vi ta forbehold om endringar i programmet.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler