Røde Kors Ungdom landsleir!

Både nyte sommaren og jobbe saman for ei betre verd? Velkomen til Røde Kors sin landsleir på Haugland i Sogn og Fjordane i veke 26 – 2021!

På grunn av smittevernhensyn, vert det ikkje landsleir i 2020. Allerede no inviterer vi til landsleir sommaren 2021! På Haugland i veke 26.

Då skal du igjen få sjansen til å engasjere deg i Norges største humanitære ungdomsverkstad. Røde Kors-ungdom frå heile landet samlast på nydelege Haugland i Sogn og Fjordane for fire dagar med komboen innsats for andre og sommarmoro.

Humanitær dagsorden

Akkurat kva som blir hovedtema veit vi ikkje enno, men vi lovar å sette viktige internasjonale, nasjonale og lokale humanitære utfordringar på dagsorden.

Arbeidet med å få inn inspirerande og kunnskapsrike folk som skal hjelpe oss å forstå, er godt i gang. Bård Vegar Solhjell, leiar i Norad og tidlegare miljøvernminister, har stadfesta at han kjem. Vi jobbar vidare med å få ein god pakke av folk med stemmer verdt å lytte til.

LL20_sosialt_3_runa

Sosialt kveldsprogram

Landsleir er også fellesskap, opplevingar, moro, meistring. Det blir funballz, kanoar og tube på fjorden, dyktige dj’s skaper liv, vi skal ha fotball- og volleyball-cup og talentiade. Og så har vi booka Gulla til å spele for oss. Sjekk ut video nedanfor!

Kva er Haugland?

På Haugland går elevar frå 85 land på Røde Kors Nordisk United World College. Der er det ein eigen leirskule og du finn Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, som hjelper 1300 pasientar årleg. Alt dette har komt i stand fordi Sogn og Fjordane Røde Kors arva eigedomen Haugland av Christian Bekker i 1980 – for at den skulle komme unge til glede.

Praktisk informasjon

Overnatting: Overnatting er i internatbygg med fem-sengs rom med eige bad og sengetøy, fordelt på kjønnsdelte rom. Måltid vert servert i skulen si kantine. Det faglege programmet vert gjennomført i auditorium og klasserom, og den sosiale delen i kulturhus, og utandørs - i, ved eller på Flekkefjorden.

Transport: Haugland ligg tre kvarter frå næraste flyplass (Førde lufthavn Bringeland), og tre timar køyring frå Bergen. Det kjem dagleg ekspressbussar frå Trondheim, Ålesund, Oslo og Bergen til Førde. Vi organiserer fellestransport frå Førde til Haugland.    

LL20_sosialt_4

Påmelding

Vi reknar med å opne for påmelding når program og prisar er klart, ein gong på nyåret. Inn til vidare er det berre å følge med på oppdateringar i sosiale medier og glede seg.   

Vi er lei oss for at årets leir vart korona-kansellert, men er glad for at vi allerede no kan byrje å drøyme om alt vi skal få gjort saman sommaren 2021 - på Haugland.

Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors
Røde Kors landsråd ungdom.

Haugland i solnedgang. Foto: Jostein Vedvik.

Spørsmål?

Sekretariatet for landsleiren ligg på distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors i Førde. Spørsmål rettast til irene.groneng@redcross.no, eller på telefon 904 74 445.

Snakk med oss på Facebook

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler