
Leiarsamling 14. januar 2023
Vår nye generalsekretær, Anne Bergh, kjem til leiarsamlinga på Thon Hotel Jølster 14. januar. Gjer du? Påmelding finn du nedst på denne sida.
På bilete over ser du eit tilfeldig utval av våre tillitsvalte. Kanskje ser du deg sjølv? Som tillitsvald og aktivitetsleiar i Røde Kors er du ein sentral og viktig ressurs.
Det er klare forventningar til kven du skal vere og kva oppgåver du skal følgje opp. Mange menneske, både frivillige, tilsette og ikkje minst deltakarar, treng deg. Du skal motivere, setje retning, og stå fram som eit godt døme.
Vi ønskjer difor å invitere til ein dag fylt med inspirasjon og engasjement:
Denne dagen skal vi skal gje deg verktøy og fagleg påfyll, sånn at du har eit enno betre grunnlag til å vere leiar og skape god kultur i Røde Kors. Du får også møte andre leiarar og høyre korleis dei opplev kvardagen og møter utfordrande situasjonar.
Vi gler oss til å dele dagen med deg!
Program for dagen
0930 – 1000 Oppmøte, registrering og prat
1000 - Velkomst ved distriktsleiar Synøve Sande
1010 - Innlegg ved ny generalsekretær Anne Bergh
1030 – 1200 Leiartema: Kva kan frivillige leiarar venta av kvarandre? Innleiing ved leiar og nestleiar i distriktsstyret, Synøve Sande og Jon Atle Rise. Gruppearbeid.
1200 – 1245 Lunsj
1245 - Rekneskap i Røde Kors, orientering av Jone Lyster, leiar ved rekneskapssenteret i Stavanger, som fører rekneskapen for fleire lokalforeiningar.
1345 - Dei nasjonale satsingane på førstehjelp og digitalisering
1430 - Distriktsråda informerer om planar og prioriteringar
Aktuelle tema:
1530 - Avslutting
Med atterhald om endringar.
Påmelding
Meld deg på under ved å trykke pluss for den kategorien som stemmer for deg og fyll inn tilhøyringheit og kontaktinfo.
Frist for påmelding er 8. januar
Lokale ledd dekker eigne reisekostnader. Distriktet dekker pauseservering, lunsj og andre møtekostnader.