Ei gruppe menneske i kors-formasjon

Nyvaldsamling 11. mars

Vi inviterer nye tillitsvalde i lokalforeiningsstyrer og lokalråd til “Nyvaldsamling” på Thon Hotel Jølster, laurdag 11. mars klokka 10.

Det nærmar seg tid for lokale årsmøter og i den samanheng vert det truleg valt inn nye tillitsvalde. Vi inviterer difor nye tillitsvalde i lokalforeiningsstyrer og lokalråd til “Nyvaldsamling”. 

Føremålet med samlinga er å gi nyvalde ein god start, og å gje informasjon om, og opplæring i, ulike sider av det å vere tillitsvald i styrer og råd i Røde Kors. Tilbodet gjeld også dei som har hatt styreverv eit år eller to.

Program

10.00 Vel møtt ved Synøve Sande, distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors

Synøve Sande
Synøve Sande er distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors. Ho er busett i Svelgen og er medlem i Svelgen-Bremanger Røde Kors.

10.05 Kort presentasjonsrunde

10.15 Kva betyr det å vere leiar i Røde Kors? ved Pål Andreas Dahl

  • Lover og bestemmingar.
  • Diskusjon, spørsmål og svar.
Mann
Pål A. Dahl seniorrådgjevar på distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors. Han er beredskapsansvarleg og følgjer opp lokalforeiningane.

10.45 Røde Kors og IKT ved Thomas James

  • Pålogging og tilgangsstyring Office 365
  • Teams
  • Korsveien
  • DiBa/Mitt Røde Kors
  • CIM
  • Tipssida frå distriktet og "lokalforeiningshåndboka".
  • Agenda
  • Kursoversikt frå distriktet
Mann i røde kors jakke
Thomas James er tilretteleggar for digitalisering på distriktskontoret. Han følgjer opp medlemmar og frivillige og kan hjelpe til med det meste innan DiBa, Korsveien, Teams og Office 365.

11.30 Oppfølging av frivillige og medlemmer ved Rune Rajendram

  • Vegen frå innmelding til aktivitet
  • Årshjul medlemsarbeid
Rune Rajendram
Rune Rajendram er tilretteleggjar for rekruttering og medlemspleie på distriktskontoret til Sogn og Fjordane Røde Kors.

 

12.00 Lunsj

13.00 Lede styre og råd gjennom året ved Dag Hovland

  • Årsplan
  • Formalia i styre- og rådsarbeid
  • Avslutning av året og "årsmøte"
  • Bruke Teams i møter
mann i røde kors jakke
Dag Hovland er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

13.30 Møteleiing ved Dag Hovland

  • Grunnlag for eit godt møte. Kva og korleis?

14.00 Økonomi ved Pål A. Dahl

  • Rekneskap og budsjett
  • Søknadsportalen
  • Store innkjøp med ekstern finansiering

14.30 Beredskap ved Pål A. Dahl

  • Planverk og avtale med kommunen.

15.00 Avslutning og heimreise + moglegheit for å avtale individuelle møter.

Meir informasjon og påmelding

NB! For å få best utbytte av samlinga må du vere oppdatert med verv i DiBa, og ha testa tilgang (brukar/passord) i Korsveien. Har du ikkje dette kan du kontakte Tom på distriktskontoret på 93697571 eller thomas.james@redcross.no  , eller Frivilligservice på 22 05 40 00 (tasteval 3​​), måndag til ​fredag ​​kl. 12-1​5 og 17-20​​​.

Ha med eiga datamaskin.

Lokalforeininga dekkjer reise, medan distriktet dekk måltid og møterom.

Påmeldingsfrist er søndag 5. mars 2023

Meld deg på under med å trykke pluss, skriv inn kontaktdetaljer og vel lokalforeininga di samt vervet du har.

Spørsmål kan rettast til:

Rune på rune.rajendram@redcross.no eller

Pål på  pal.andreas.dahl@redcross.no.