Storøving «Varsling og samband»

Tre personar sjekkar samband

19.februar blir det storøving med tema varsling og samband for alle lokalforeningar.

Program Øving «Varsling og samband»

10.00 Oppmøte og pålogging på Teams
10.15 Velkomen til øvinga ved distriktsleiar Synøve Sande (Teams)
  • Bakteppe og hending for øvinga
10.20 Runde rundt i distriktet til alle lokale ledd (Teams)
  • Kven er med hjå dykk?
  • Kort om lokalt mål med øvinga
10.45 Kort intro til CIM og moglegheitene i varslingssystemet vårt (Teams)
  • Tilgang til CIM og pålogging
  • Varslingsnummer i kontaktlista
  • Varsling og informasjon til førehandsdefinerte grupper
  • Moglegheit for interaksjon med ulike responsprofil
  • CIM-applikasjon på mobil
 11.00 Øving – «Varsling» (Teams)    
  • Motta varsel og gje respons: Frå distrikt til lokalt
  • Varsle alle frivillige i sitt område: Lokalt til frivillige
  • Varsle spesifikke gruppe til definerte oppgåver: Lokalt til definerte grupper
  • Oppsummering på Teams
12.00 Lunsj 
12.30 Kort intro til Nødnett og VHF samband
  • Tilgang til samband, krav til kompetanse, loggføring og bruk elles
  • Alternative «samband» og kommunikasjonsplattformer
      - mobiltelefonar
      - nettbaserte løysingar
      - Statsforvalteren og Nødnett, satellittelefonar
13.00 Øving samband
  • Etablere samband mellom lokalforeiningane og distriktsstyret med støtte frå hjelpekorps
        - Teste ut link og fastmonterte repetere i distriktet
        - Nødnett-oppkobling
13.30 Sluttord for dagen
14.00 Øving med satellittelefonar for distriktsstyret
  • Kven kan vi nå med satellittelefon?
  • Individuell bruk av satellittelefon for distriktstret sine medlemmer

Informasjon til Lokalforeiningane

Kven bør delta?

Vi håper at de kan samla lokalforeiningsstyret til øving, og at de får med lokalrådsleiar hjelpekorps eller ei/ein anna som kan litt om samband og litt om varsling i CIM. Aktivitetsleiarar kan ha stort utbytte av å vere med og ev. andre med generell interesse for beredskap.

Mål og hensikt med øvinga

Det overordna målet med øvinga er å styrke vår samla beredskap i distriktet gjennom auka kompetanse og tryggleik i bruk av varsling og samband lokalt. Hensikta med øvinga er også å avdekke manglar i varslingslister, rutinar, dekning og anna som kan utbetrast og slik bidra til å nå målet.

Korleis kan vi delta?

Påmelding til øvinga gjer de med e-post til pal.andreas.dahl@redcross.no så raskt som mogleg – seinast 16.februar. Laurdag 19.februar kl. 10.00 logger de på Teams (link blir sendt ut etter påmeldingfristen) og så er vi i gang. Vi tek post for post i programmet og avsluttar kl. 13.30 etter distriktsleiar Synøve Sande sitt avsluttande ord for dagen.

Skal vi førebu oss?

De vil nok ha størst utbytte av øvinga om de planlegg litt korleis de vil bemanne og korleis de vil øve lokalt. Ta fram planverk, tiltakskort og varslingslister så de har det tilgjengeleg ved behov. Vil de bruke dagen å teste dekning på samband inn mot ulike bygdelag så må de ha ein plan for det, og kanskje blir det noko godt til ein felles lunsj.

Det er fullt mogleg å delta i øvinga utan anna førebuing enn påmelding innan 16.februar og pålogging kl 10.00 på Teams 19.februar.

Vel møtt!